tirsdag 04.01.2011 www.start.no
kulturkulturdiktbasen
 
film
musikk
litteratur
diktbasen
tegneserie
tv og medier
kronikker
Dagbladet.no
 nyheter
 på din side
 sport
 kultur
 fredag
 kunnskap
 magasinet
 været
 blink
 nettskolen

info
Redaktør:
Lars Helle

Korreksjoner
Tips og info
Tips oss:
Epost
Tipstelefon:
24 00 00 00
Sentralbord:
24 00 10 00

du er her: Dagbladet.no > litteratur > lyrikkhistorie > Barokken (nynorsk)
oppdatert 16:10
Barokken (nynorsk)
1600-tallet

Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

Barokkenglar

  • Barokken
  • Barokken og ettertida

    Barokken
    Barokken oppstod i Italia, akkurat som renessansen, og kan førast tilbake til slutten av 1500-talet. Barokken begynte som ein stil i målarkunst, skulptur og arkitektur, men spreidde seg snart nordover og blei den dominerande stilen også i litteratur og musikk – så dominerande at vi gjerne kallar heile 1600-talet barokkperioden.

    Det er usikkert kvar ordet barokk kjem frå. Ein teori er at det kjem frå det portugisiske ordet barroco, som tyder ei perle med ujamn form. Ein annan teori er at det har opphav i ein snirklete form for argumentasjon som er sann og falsk på same tid: baroco. Ein tredje teori er at det kjem frå det italienske barocco, som tyder merkeleg eller rar. Alle tydingane passar godt på det vi vanlegvis assosierer med barokken.

    I barokken finn vi den same interessa for dei klassiske formene som i renessansen. Men barokken bryt opp formene, forvrir dei og dekorerer dei med ulike detaljar og ornament, slik at inntrykket blir storslått, overdådig og mangfelt.

    Barokkdiktarane reagerte på det nøkterne, biletfattige, reint beskrivande renessansespråket, og dei ønskte å lage kunst på morsmålet. 1600-talet var ei tid med sterke politiske og økonomiske omveltingar. At verdsbiletet var i oppløysing, forsterka kjensla av kaos og meiningsløyse. Barokkdiktarane oppdaga at språket ikkje kunne skildre den kjensla av tomleik som dei frykta mest av alt, og derfor laga dei biletrike, motsetnadsfylte tekster. Men også i barokken trudde folk på Gud og den ordninga han hadde skapt. Derfor ordna diktarane alltid dei sprikjande detaljane i ein symmetrisk samanheng, som skulle spegle denne ordninga.

    Døden var eit motiv som ofte blei valt. Diktarane sette gjerne det forgjengelege livet opp mot den ugjenkallelege døden; den flyktige stunda opp mot det evige; det heslege og vemmelege opp mot det sirlege og reine, og så vidare. Sterke kontrastar var heilt grunnleggjande for barokken. Ei humoristisk skildring av barokk-kunsten, er at det kling som når ein nattergal og ei kråke syng samtidig. Likevel skulle altså diktverka gi eit ordna inntrykk, og motsetnadene skulle klinge vel saman.

    Det ein barokkdiktar kunne seie med ti ord, sa han ikkje med eitt. Det overordna målet var ikkje det klare og eintydige, men uttrykksrikdom. Det var heller ikkje eit mål å skildre det verkelege livet direkte. Det blei heller laga ordlabyrintar som viste fram diktaren som ein dyktig handverkar. Diktarane var ikkje først og fremst tenkjarar, men kunstnarar, som pakka enkle bodskapar inn i ei komplisert form. Derfor hadde dei eit leikande, fantasifullt forhold til språket, og gjentakingar, oppramsingar, motsetnader, overdrivingar, paradoks og omskrivingar som metaforar og allegoriar var mykje brukte verkemiddel.

    Petter Dass
    FOTO:SCANPIX


    Barokkdiktarane var lærde kunstdiktarar og religiøse menneske. Dei skreiv under sensur og på bestilling eller til konkrete hendingar (høvesdikting). Den norske barokkdiktinga var i all hovudsak religiøse dikt, for det meste salmar. Mange var bots-, trøyste- og klagesongar og dessutan sjølvsagt lovprisingar. Det blei også dikta over bibelstader, eller det blei dikta forklaringar til slike skriftstader. Felles for tekstene var at dei skulle ha ein oppbyggjeleg funksjon, og at dei blei til etter ønske frå kyrkja, som ville ha kristne tekster som kunne syngjast, og som både kunne gi ei god lutheransk oppseding og demme opp for dei usedelege «bolevisene», som var blitt så populære. Ofte blei salmane sungne til kjende og kjære melodiar henta frå verdslege songar. Det blei også laga dikt i samband med fødsel, død, giftarmål, fødselsdagar, ulykker – ja, ved alle ekstraordinære hendingar og i seremonielle samanhenger, og vi finn også eksempel på topografiske dikt, det vil seie dikt som er utgreiingar om ein geografisk stad. Ikkje alle desse tekstene var religiøse. I verdsleg barokkdikting kjenner vi også etter måten dristige og spottande dikt. Slike tekster har sikkert vore temmeleg utbreidde, men på grunn av sensuren blei dei dikta i løynd, og få av dei er bevarte. I Danmark er Thomas Kingo (1634–1703) rekna som den fremste barokkdiktaren. I Noreg er Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716) og Petter Dass(1647–1707) dei fremste namna.

    Sentrale forfattarar:

  • Dass, Petter (1647–1707) Les dikt
  • Engelbretsdotter, Dorothe (1634–1716) Les dikt
  • Kingo, Thomas (1634-1703) Les dikt

    Barokken og ettertida
    I komedien Barselstuen gjer Ludvig Holberg narr av barokken ved å la figuren Else snakke gjennomført «barokt». Når ho skal seie farvel til ei gravid venninne, seier ho for eksempel:

    Jeg må også avbryte, og ta avskjed, og ønsker av mitt innerste hjertes recess og grunn min høytærede og høytestimerte madam en snar og hastig oppkomst, restitusjon og forbedring, i like måte, at den kjære livsfrukt, som himlens godhet har velsignet henne med, den lille deilige første plante, som er satt i hennes urtegård, må oppvokse og framspire de kjære foreldre til glede, contentement og fornøyelse.

    Det vesle eksempelet viser at barokkstilen var kommen i miskreditt alt tidleg på 1700-talet. Denne stilen har vore nedvurdert av forståsegpåarar sidan den tid – han har vore oppfatta som kunstig, jålete, skrytande og ikkje minst overlessa. Men i dag er det mange som ser likskapar mellom barokken og vår tid, jamvel om vi manglar den religiøse vissa som folk den gongen hadde. Språkleg eksperimentering, detaljrikdom, overdrivingar, kontrastar, gjentakingar, sarkasmar, paradoks, tomleikskjensle og ei dveling ved det kroppslege og det avvikande er element som fanst i barokkdiktinga, og som vi finn igjen i diktinga frå vår tid.

  • Barokk arkitektur

    Maleriar:
  • Peter Paul Rubens

    Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk. Vis meg det nå!
    Høy oppløsning (986 Kb) | Lav oppløsning (608 Kb)

    Tekstane er henta frå læreværket Tema, frå Det norske Samlaget.


     TIPS EN VENN OM DENNE ARTIKKELEN

  •  lyrikkhistorie
    Uttrykka lyrikk, dikt og poesi
    Norrøn poesi
    Folkedikting
    Barokken
    Romantikken
    Nyromantikken
    Perioden 1900-1940
    Politisk lyrikk
    1940-1965
    1965-1980
    1980-2000

    Diktbasen er nå gratis og åpen for alle. Innhold:

    søk i 5000 dikt

    dikt etter tema

    forfattere i basen


    Skriv egne dikt:

    skolekammeret

    diktkammeret


    Lærestoff:

    virkemidler i dikt

    lyrikkhistorie

    eksamenskurs

    norske forfattere

    anmeldelser

    tester

    diktanalyse


    månedens elevdikt:

    «Frå jordi (ei siste helsing)»

    Alt som kan komma
    er komme
    og det er meir
    der det kjem frå

    Eksperimentet
    har teke overhand

    Kuvøsa eksploderer.

    Av Jostein Avdem Fretland

    Les alle finalistene

    Skriv dikt selv!


    Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink 

     

    til toppen

    Dagbladet.no © 2012