| tirsdag 04.01.2011 |
![]() |
|||
|
|
|||
|
||||||||||||||||||||||||||
nedskrive: 1100 - 1200 talet
Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk.
Den norrøne poesien har to hovudsjangrar, eddadikt og skaldekvad. Eddadikta kan vere gudedikt eller heltedikt. Gudedikta handlar om den norrøne gudeverda, mens heltedikta hentar stoff frå historia eller frå ei mytisk fortid. Dei fortel om heltegjerningar som for eksempel kamp mot drakar. Skaldekvada er korte dikt som er knytte til ein heilt bestemt situasjon i samtida, og dei er gjerne dikta for at ettertida skal hugse ei minneverdig hending. Mange av kvada rosar ein konge eller jarl for noko han har gjort, eller spottar nokon som har gjort ei ugjerning.
Mykje av den litteraturen som blei skriven ned på 1100- og 1200-talet, hadde levd fleire hundre år på folkemunne. Sidan bundne, konsentrerte tekster er mykje lettare å hugse enn lange ubundne forteljingar, er den eldste bevarte diktinga vi har, poesi. Eddadiktinga
Boka består av tre delar. Første del, «Gylvaginning», er ei innføring i norrøn mytologi, som Snorre meinte skaldane måtte kjenne til for å kunne dikte. Andre del, «Skaldskaparmål», handlar også om norrøn mytologi, men mest om korleis mytologiske emne kan brukast kunstnarleg. Tredje del, «Håttatal», er eit dikt på 102 strofer, der Snorre gir eksempel på like mange ulike versemål.
Lenge var det vanleg å meine at eddadiktinga var gått tapt. Men den islandske biskopen Brynjólfur Sveinsson meinte at det måtte finnast ei bok der dikta som Snorre viser til, var samla. Og i 1643 fekk han stadfesta det han meinte. Da kom han over eit handskrift med 29 dikt. Denne samlinga blir gjerne kalla Den eldre Edda, fordi ho må vere eldre enn Snorre si bok. Handskriftet blei seinare gitt til den bokglade kong Fredrik 3. av Danmark, som la det inn i handskriftsamlinga til det kongelege biblioteket. Derfor har det også fått namnet Codex Regius («Den kongelege boka»).
Til eddadiktinga reknar vi i dag desse 29 dikta, eit dikt om Balders draumar og nokre få dikt som er bevarte i andre handskrifter. Eddadikta er samla og skrivne ned av islendingar på 1200- og 1300-talet, men vi reknar med at dei må ha vore munnleg overleverte frå tida før utvandringa til Island tok til på 800- og 900-talet. Gudedikt
Det er vanleg å dele gudedikta i kunnskapsdikt og forteljande dikt, ut frå om dei i hovudsak formidlar kunnskapar og innsikter av allmenn karakter, eller om dei har ei historie å fortelje. Dei to mest kjende kunnskapsdikta er
«Voluspå» og
«Håvamål».
«Voluspå» er eit storslått kunnskapsdikt. Det er ei av hovudkjeldene våre til kunnskapen om norrøn mytologi, sjølv om det er ganske dunkelt og vanskeleg å forstå. Tittelen tyder «spådommen til volva». Ei volve er ei trollkjerring eller synsk kvinne, og diktet har fått denne tittelen fordi det er lagt i munnen på ei slik gammal spåkvinne. Ho kan hugse tilbake til tida frå før verda blei til, samtidig som ho kan sjå langt inn i framtida. Diktet handlar om skaping, historie, undergang (ragnarok) og ei ny verdsordning som oppstår. Diktet opnar med at volva ber tilhørarane vere stille, slik at ho kan fortelje, og ho taler direkte til Odin, som er den som har bede henne om å ause av kunnskapane sine. Heltedikt
Heltedikta handlar stort sett om eit par sentrale personar og krinsen rundt dei. Den viktigaste er Sigurd Fåvnesbane, som går igjen i fleire dikt. Ein del av personane er historiske, for eksempel Atle (hunarkongen Attila, død 453) og Tjodrek (gotarkongen Theodorik den store, død 526). Om Sigurd Fåvnesbane har levd, eller om han er ein rein segnfigur, veit vi ikkje. I eddadikta opptrer desse personane om kvarandre som om dei skulle vere samtidige.
|
|
|
||
|
månedens elevdikt: «Frå jordi (ei siste helsing)» Alt som kan komma er komme og det er meir der det kjem frå Eksperimentet har teke overhand Kuvøsa eksploderer. Av Jostein Avdem Fretland Les alle finalistene Skriv dikt selv!
|
|
Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink
|
|
|
|
|