| tirsdag 04.01.2011 |
![]() |
|||
|
|
|||
|
||||||||||||||||||||||||||
1890-åra
Test deg selv i åtte lyrikkhistoriske epoker. Flott illustrert i klikk-dra-slipp-teknikk.
Kva var nytt?
Nyromantikarane såg med mistru på den moderne utviklinga. I nyromantisk dikting er det moderne mennesket i ferd med å skape ei framand og fiendsleg verd, som det ikkje kjenner seg heime i, og som nyromantikaren reagerer mot. Den tidlegare romantikken hadde lengta tilbake til ei fortid som blei oppfatta som harmonisk, og der menneska kunne leve i pakt med ideala og omgivnadene. Ein slik lengsel var ikkje mykje framme i nyromantikken, som heller var desillusjonert og oppgitt.
Symbolismen var ei litterær retning på slutten av 1800-talet med utspring i Frankrike. Dei mest kjende symbolistane var lyrikarar, som Paul Verlaine, Arthur Rimbaud og Stephane Mallarmé, og den viktigaste inspirasjonskjelda var lyrikaren Charles Baudelaire (1821–1867). Det var særleg teoriane hans om korrespondansen mellom den fysiske og den åndelege verda, og mellom dei ulike sansene, som inspirerte. Symbolistene reagerte mot realismen og naturalismen og mot alle former for objektivisme og teknisk konservatisme. Målet var å vekkje subjektive stemningar og gripe lesarane ved hjelp av private symbol og ved å unngå debatt, banale påstandar, forkynning og direkte skildringar av den ytre verda. Poesien skulle førast nærmare musikken, som symbolistane meinte hadde ein mystisk samanheng med sansane. Symbola skulle skapast av ord, bilete og lydeffektar som ikkje først og fremst skulle forståast, men som altså skulle setje lesarane i stemning. Symbolismen påverka norsk nyromantikk.
Diktet
«Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder (1866–1900) sluttar slik: «Jeg er visst kommet på en feil klode!/ Her er så underlig…» Dette utropet og den forvirra konklusjonen samlar i seg mykje av grunnhaldninga i nyromantikken. Forvirringa og den oppgitte tonen kan altså koplast saman med den moderne utviklinga, men kan også knytast til ein irrasjonell angst som hadde samanheng med det tilstundande hundreårsskiftet. Slutten på hundreåret (ofte blei det franske uttrykket «fin de siècle» brukt) skapte angst og undergangsstemning. For somme gjekk vegen til religiøs vekking, for andre til ei oppgitt og livstrøytt haldning (dekadanse) som sette tydelege spor i kunsten.
I lyrikken braut mange radikalt med tradisjonen og skreiv musikalske, symbolmetta dikt som uttrykkjer angst og framandkjensle når det gjeld den moderne utviklinga, eller som uttrykkjer andre sjelelege tilstandar. Obstfelder er den fremste representanten for denne utviklinga, men også
Vilhelm Krag (1871–1933) og Dagny Juel (1867–1901) skreiv innanfor den same tradisjonen.
Sentrale forfattarar:
Målarar:
|
|
|
||
|
månedens elevdikt: «Frå jordi (ei siste helsing)» Alt som kan komma er komme og det er meir der det kjem frå Eksperimentet har teke overhand Kuvøsa eksploderer. Av Jostein Avdem Fretland Les alle finalistene Skriv dikt selv!
|
|
Dagbladet.no | nyheter | sport | kultur | på din side | fredag | været | i lomma | trynefaktor | snakk | blink
|
|
|
|
|