Nasjonalromantikken
Norske Selskab
Før Noreg fekk sitt eige universitet i 1811, reiste nordmenn som ville studere, til universitetet i København. Der søkte dei selskap med andre nordmenn. Eit vertshus, «Madam Juels kaffehus», blei møtestaden deira. Der dikta dei songar, heldt konkurransar i versmakeri og diskuterte politikk og kunst. Studentane ville gjerne sameine det nyttige med nyting, så diktinga og diskusjonane gjekk nok like gjerne føre seg over eit godt glas som over ein av kaffikoppane til madam Juel.
Nasjonalkjensle, opprørstrong og livsglede
Studentane i Norske Selskab førte nye tankar og nye kjensler inn i diktinga mot slutten av 1700-talet. Dei var unge og påverka av radikale tankar om fridom, likskap og brorskap – tankar som førte fram til den franske revolusjonen i 1789, og som gav nye tema til tekstene. Dei laga vers og viser om lengselen etter fridom for folk og for fedreland. Dessutan dyrka dei gleda over livet. Det var ikkje berre fornufta som skulle dyrkast. Kjensler var også ein del av menneskenaturen og av menneskeleg erfaring.
Romantikken
Den perioden som følgjer etter klassisismen, kallar vi romantikken. Romantikken oppstod på slutten av 1700-talet og varte til om lag 1830 i dei sentrale delane av Europa, men begynte seinare og varte litt lenger i Norden.
Moderne menneske assosierer gjerne omgrepet romantikk med søtlåten kjærleik, og det er ei heilt grei forståing. Men når vi i litteraturhistoria snakkar om romantisk dikting, strekk ikkje ei slik enkel forståing til. Romantisk dikting kan dreie seg om mykje ulikt og omfattar langt meir enn berre kjærleik.
Det er vanleg å trekkje fram tre kjenneteikn som karakteriserer diktinga i romantikken. Det første er ei heilskapsforståing av tilværet som guddommeleg. Guddommen finst i alt og overalt og kan ikkje fattast av fornufta åleine. Derfor får sansane og fantasien ein meir framståande plass i litteraturen.
For det andre veks det fram eit nytt syn på diktaren. Han blei sett på som eit geni eller som ein visjonær sjåar. Diktaren var ein som kunne sjå sanningar som var løynde for andre, og oppgåva hans var å uttrykkje denne sanninga på ein måte som gjorde at også andre kunne ta del i det han hadde forstått.
Det tredje hovudkjenneteiknet er synet på naturen. Tankane til franskmannen Jean-Jacques Rousseau (1712–1778) fekk mykje å seie for den romantiske rørsla. Han meinte at mennesket burde finne tilbake til den tilstanden av harmoni som hadde vore før den moderne sivilisasjonsutviklinga tok til. Derfor lanserte han slagordet «tilbake til naturen».
To typar romantikk
Det er vanleg å skilje mellom ein konservativ romantikk (av tysk mønster) og ein radikal eller liberal romantikk (av engelsk mønster). Begge er sentimentale, spontane, mektige og kjensleladde. Skilnaden er at den første er tilbakeskodande og harmoniserande både når det gjeld innhald og form, mens den andre er framtidsretta og anarkistisk.
Romantikken i Noreg
Høgdepunktet i norsk romantikk kom i 1830-åra, med dei to frontfigurane
Henrik Wergeland (1808–1845) og
Johan Sebastian Welhaven (1807–1873). (Sjå side 178 og 182.) Mens Wergeland var ein typisk representant for den radikale romantikken, kan ein seie at Welhaven var hans konservative motstykke.
Les om Kristiania i 1830-åra, karakterisert som «eit åndeleg wild west-miljø».
Nasjonalromantikken
Framveksten av nasjonalstatar auka interessa for historie, språk og nasjonal kunst. Tyskaren Johann Gottfried von Herder (1744–1803), meinte at det særeigne nasjonale var å finne i det han kalla folkeånda eller folkesjela. Og denne folkesjela kom best til uttrykk i folkekunsten, for eksempel i eventyr, folkeviser og segner. Var ein på jakt etter det nasjonale, skulle ein altså leite i den folkelege diktinga, musikken eller biletkunsten.
Nasjonalromantikken i Noreg
Dei fleste av dei norske romantikarane var heilt eller delvis nasjonalromantikarar. Det klaraste unntaket er Henrik Wergeland, som var internasjonal og universell i diktinga si. I ungdomsdiktinga var heller ikkje Johan Sebastian Welhaven særleg nasjonalromantisk, men frå åra rundt 1840 begynte segnstoff, drag frå folkeviser og nasjonale natursymbol å prege det meste av det han skreiv. Eit eksempel er denne strofa frå diktet «Lokkende toner» (1860):
Jeg stod i Birkenes høie Sal,
mens Midsommerdagen helded;
der tindrede Dug i dyben Dal,
det skinned som Guld af Fjeldet.
Da bæved Lunden, da lød det nær
som af en susende Vinge,
og grant jeg hørte fra Fjeld og Træ’r
de lokkende Toner klinge:
Tirilil Tove,
Langt, langt bort i Skove!
Folkediktinga blei her i landet oppfatta som det norskaste av det norske, og som eit genuint uttrykk for den norske folkesjela. At drag frå denne diktinga også blei henta inn i kunstdiktinga, er kanskje det mest karakteristiske kjenneteiknet på den norske nasjonalromantikken.
Sentrale forfattarar: