Hver dag får du en ny smakebit på Edmund Austigards kritikerroste debutroman «Krinsereglane».
BOK PÅ NETTET: Følg med i romjula og nyttårsuka!
Foto: DET NORSKE SAMLAGET
Romjuls- og nyttårsboka
I romjula og første nyttårsuke leser du boka her:
[gravferda]
Dei to
kistene var draperte i målnetting. Soknepresten tala både i preika og i fleire
halar om at det er fyrtårna mellom oss som døyr unge. Så retta han litt på seg
sjølv og sa det med ung berre gjaldt for Ola Korthus, naturlegvis. Men at
Gamle Lensmannen òg var ung i hjartet.
Dei var i mål, begge to, no, sa han, og tok ein pause
før han i lêrkuleiveren la til: som to kanonkuler!
Og det blei i det heile aldri den vidgjetne talen av
det. Ryktet sa at Soknepresten hadde sete oppe dag og natt heime på
prestegarden dei siste dagane. At han ikkje hadde tenkt på anna enn denne
talen. At denne talen på mange vis skulle toppe sokneprestkarrieren hans, og at
orda han valde seg, skulle gi gjenlyd ikkje berre mellom fjella i Årdal, men
langt utover Ryfylke. Inst inne ønskte Soknepresten at orda hans fann vegen
heilt til England, meinte mange, at når dei pausa seg i lêrkulekampane der
borte, så skulle det falle naturleg å sitere Soknepresten i Årdal, at når det
trongst, ville dei ty til orda han hadde ytra i det som for dei innvigde var
den tyngste stunda til no for ei ny rørsle. At Soknepresten frå Ryfylke ville
bli til ein del av folkloren som naturleg nok ville utvikle seg over åra og
danne det nødvendige mytiske nettet rundt rørsla. At han med denne talen kunne
bane seg veg til dei store finalane der vestpå, og kanskje få dele ut ein pokal
eller noko til det vinnande laget. Skjønt dette var draumar som sjølv
Soknepresten fekk samvitskvalar av å tenkje for mykje på. For det var vanlegvis
ikkje han som stod for premieutdelinga, det styrte Gud sjølv med og berre han,
hadde Soknepresten forsikra tilhøyrarane om ein kveld nede på kaien då det blei
reist spørsmål kring denne talen han arbeidde på i ein av krinsane.
– Så nei, nei, nei, hadde han
sagt. Slettes ikkje. Ein tenkjer seg då ikkje dette i slike banar. Tenkje seg
til, slettes ikkje, og alt det ein sokneprest må leggje inn av bremsarar og
omvegar når noko er i ferd med å gå varmt. Slettes ikkje, ikkje han, nei, har
du høyrt på såvore, nei, jøss! Nei, ikkje jøss, men jog, nei, nei, salikatten
for eit rot, det var som svarte fa…, og bortover den hekkans vassflata halvvegs
mot Svadbergsida av fjorden før han for alvor begynte å søkke, for så utpå det
kom Soknepresten med ordbruken sin at Daniel av alle måtte trå til og få ein
slutt på det.
– Slettes ikkje, sa Daniel og
såg farleg ut der han stod ved sida av Soknepresten, slettes ikkje.
Og så fekk Soknepresten sleppe heim til taletenkinga
si, mens krinsane kunne debattere om Soknepresten eigentleg meinte det han sa,
eller om det han sa, var det motsette av det han meinte, om han sa det han sa,
fordi han hadde sove om lag like lite som eg pla sove, og var det då løye at
han tedde seg som han gjorde? Og kva om det eigentleg var Soknepresten som
delte ut premiar, og ikkje han der oppe? Kva skulle ein med han der oppe då? Og
forresten, mens dei var inne på det, korleis gjekk det med galningen frå
Bønarflått, han som ikkje sov? Og før me gløymer det, det ordet Soknepresten
begynte på, men ikkje fekk avslutta, det som begynte med bokstavane f og a,
kunne det bli til noko anna enn det alle meinte det var i ferd med å bli til
akkurat då Daniel braut han av? Kunne det ha vore fallskjerm han prøvde å seie?
Talen blei ferdig, men han slo aldri heilt an. Det
var vanskeleg å skjøne at det var Gamle Lensmannen og Ola Korthus det dreia seg
om, sa dei som meinte å ha greie på det. Svært vanskeleg! Og aldri blei det
skikkeleg høgtid over minnet deira heller. Kistene var vonde å bere ut med all
nettingen lausleg festa kring seg, og når dei skulle firast ned i jorda, hengde
nettingen på kista til Gamle Lensmannen seg fast i fars dressjakke og drog han
med seg ned.
Sjølv stod eg akkurat då og tenkte på korleis det
hadde gått til at nettingen no var surra, eller drapert, som dei sa, kring
kistene. Det fanst berre to måtar å gjere det på, hadde eg tenkt ut. Og eg vona
dei hadde nytta den eg meinte var vanskelegast av dei to måtane. Den som gjekk
ut på å løfte kista opp for så å dra eller kveile nettingen rundt, mens dei som
heldt henne, allfort skifta handtak for å sleppe nettingen til. Men noko sa meg
at det ikkje var tilfellet. Og småsteinane som enno sat i det kvite treverket
både her og der, tydde på det same. Dei hadde gjort det på den andre måten!
Det såg ikkje fint ut, sa dei
seinare om augneblinken då Daniel sette høgre foten ned på kistelokket til
Gamle Lensmannen for å gi far ei nødvendig hand. Finare blei det ikkje då
Rainert måtte gjere det same, fordi far var blitt så tung at oppdrifta i ei
hand ikkje var nok til å dra han ut av grava til Gamle Lensmannen. Det låg
sterk biletbruk i dette, sa mange og hinta om det eine og det andre. Det var i
grunnen sjeldan ein såg så sterk biletbruk her bygda, la dei til, og rista på
hovudet og la til at det nok hadde noko med nylyset å gjere. Alt blei så synleg
no for tida.
Etter
minnestunda på lensmannsgarden dunka Diplomaten hardt i golvet med stokken
sin. Den med det forgylte handtaket.
– Kort melding frå tribunalet
følgjer: Høyringane er no avslutta utan sikker konklusjon. Det er vanskeleg å
seie om det var Gamle Lensmannen eller ein av dei mekaniske slåmaskinane i
høyløa på Bekkjarhaugen som øydela eldhustaket oppe i Korthusbakkane. Etter
det vitna seier, var lyden skarp og tørr, som når ein brekker ein tørr pinne.
Eksperten utante har forklart at ein slik lyd kan oppstå når tettbygd masse i
stor fart treffer helletak og går gjennom dette. Dette kan tale for at det var
Gamle Lensmannen som kom ned gjennom eldhustaket. Men storleiken på hòlet
peika meir i retning av slåmaskinen. Side om side låg dei iallfall der inne.
Det som er heilt sikkert, er at det var Gamle Lensmannen som blei funnen i det
som var att av sildestampen til korthusane. Om det heilt bestemt var han som
hadde smadra stampen og med det øydelagt middagsmat for ein heil vinter, kan
tribunalet derimot ikkje seie sikkert. Ting peikar i den retninga, og ting peikar
andre vegar, sa Diplomaten. Ein annan fullt ut truverdig tese er at Gamle
Lensmannen, omtumla etter eksplosjonen og nær døyande av skadane, hadde vimla
seg inn i eldhuset og gått på trynet, som dei sa, i restane av saltlaken. Enda
sine dagar i middagen, så å seie. Slåmaskinen hadde iallfall landa på ein
satsdunk og reint teoretisk øydelagt eit ukjent tal fyllekuler. Men sidan
sjølve brenneapparatet ikkje fanst lenger, var det ikkje så nøye med sat-sen
heller. Til det kom at slik verksemd i det heile ikkje skulle førekome.
Tribunalet er samd med korthusane om at eventuelle krav på erstatning for
satsen må fråfallast. Verre er det med sildestampen. Den er ikkje lett å
erstatte. Iallfall ikkje på ein slik måte at det kjem til nytte for matbehovet
denne vinteren. På sikt vil tribunalet kunne tilgodesjå korthusane med Gamle
Lensmannens lakserett i Storånå. Dette tilbodet har korthusane alt takka ja
til. Resten av lensmannsgarden tek tribunalet sjølv hevd på. Iallfall i
overskodeleg framtid. Og når det gjeld fallrettane i Bønarånå vil dei med tida
tilfalle Himagardane. Dei var dei første som gjorde krav på dei. Og då får dei
dei. Men ikkje før etter karantenetida på to år. Og med det skulle både Gamle
Lensmannen og etterlatenskapane hans vere godt og vel ute av soga. Buet er
oppgjort til beste for alle. Amen. Ola Korthus hadde kome ned i ein stor apal
like ved høyløa. Han fanst ikkje lenger i ein heil del då dei fann han. Og her
pausa Diplomaten seg litt før han la til at hovudet til Ola ikkje var
lokalisert, men det hang som sagt ikkje lenger på kroppen hans, slik det jo
stort sett hadde gjort før eksplosjonen. Leitinga var innstilt. Og så
kunngjorde han at sidan tribunalet og komiteen no bestod av dei same
medlemmene, ville dei to instansane slå seg saman og kalle seg tribunalet.
Sidan komiteen jo var ferdig med Steingard for fred-arbeidet og no trong andre
oppgåver, og sidan tribunalet var ferdig med eksplosjonen i Korthusbakkane,
blei det no arbeidd med tildeling av nye vegkart. Kva desse kom til å ta føre
seg, ville Diplomaten gjere oss merksame på seinare. Det viktige var, sa han,
at no hadde det internasjonale samfunnet etablert ein fast kanal inn hit, ein
kanal som kunne drenere overtrykk. Og det kunne jo kome godt med. Til dømes
når trodlatysdalane kom til dals med den nye vegen sin. For ikkje å gløyme den
grove traktoren. Diplomaten bad i ein uoffisiell hale til sjølve saksopplesinga
om at bygda måtte leggje saka bak seg, samle seg kring eit rettvist oppgjer om
Golandhaugen, og ikkje ty til spekulasjonar av noko slag. Ein eksplosjon er ein
eksplosjon, avslutta han. Sjølv her i Ryfylke.
Og det var det.
I
krinsane utanfor lensmannsgarden gjekk det snart opp for folk kor mykje skade
ein tettbygd lensmann kunne gjere på eit eldhustak, og ikkje minst ein
sildestamp, berre han fekk fart nok. Folk blei brått klar over kva slags fare
Gamle Lensmannen hadde utgjort i alle desse åra. Kor farlege slike gamle
lensmenn er når masse, fart og eit kvast sikte blir sett i system. Og dei
skjøna samstundes kvifor Diplomaten bad folk om å gå over til desse stripedressane
han sjølv hadde begynt med. Det gjaldt å dra tyngda ut i begge retningar, sa
Daniel i sin krins, så ein ikkje blir gåande kring som ei vandrande bombe.
Og som sagt, fint var det ikkje. Men far kom seg på
føtene etter gravferda og blei med oss attende til Bønarflått. Heime kring
aurebordet tok Daniel ordet. Til han å vere var tonen entusiastisk, nærast litt
kjensleladd. Han sa me måtte love kvarandre å ferdigstille L.I.L.
Koste kva det koste vil, fred over minnet og alt det
der. Det vil vere den eine og rette måten å heidre to nybrotsmenn på, la han
til. Og for første gong såg eg noko som likna eit godkjennande glimt i auga til
Rainert. Rainert som trass alt var ansvarleg for den nye grasmatta. Rainert
som no sat der og såg opp til bror sin på tvers av interessekonflikten, tenkte
eg. Rainert bryr seg ikkje om lêrkulespelinga i det heile, og likevel ser han
for første gong oppglødd ut når Daniel snakkar om L.I.L. Daniel merka seg dette
og blei allfort meir oppstemd. Det dreiv eit lettare luftdrag over aurebordet
vårt. Eg tenkte på mor: For det var noko uventa fint, lett og lyst, dette som
no rørte ved oss, ein etter ein. Som ei mild, men uendeleg kraftig hand tok
kontroll med oss og løfta oss opp or aurevemmer og innvolar. Det er framtida
som rører ved oss, tenkte eg. Og Rainert spurde endeleg om det Daniel hadde
venta på.
– Hadde Daniel rekna på andre ting denne grovtraktoren
frå Trodlatysdal kunne brukast til? Ja, etter at Lensmannsmoen er blitt
internasjonal arena, la han til. Hadde Daniel funne eit formelverk som kunne
støtte opp om andre bruksområde for traktoren? Og i så fall, hadde han alt
snakka med trodlatysdalane om dette?
Og jo, det hadde Daniel.
Denne grove traktoren dei hadde funne opp der inne, kunne flytte heile bygda,
om dei ville. Med eit slikt verktøy kunne ein grave seg ned til grunnmekanikken
i bygda og fjerne varmgongen. Ja, fjerne grunnmekanikken sjølv, om ein ville.
Og ein liten haug som Golandhaugen kunne jamnast med jorda på null komma niks,
som dei sa det sjølv der inne. Men altså først L.I.L. Det er det som er framtida
vår, sa Daniel.
[om snø endå ein gong]
Det er
slik det er i himmelen. Kvitt og kvitt. Og stilt. Så stilt at ikkje noko vågar
å lage lyd. Så stilt at pusten ikkje pustar lenger. For det er jo ein
føresetnad for å kome hit. Og altomfattande. Sjølv mørke alpinarar med
trefingra panne slepp dei inn. Men kvifor er eg her? Og kvifor går brystkassa
mi opp og ned i pusteliknande rørsler når pus-ting ikkje er lov?
Det har begynt å snøe. Eg veit ikkje kor lenge det
har halde på, men konturane nedover bygda er runde og fine. Det har snøa ganske
lenge, tenkjer eg, verda er alt ufarleggjord. Og heilt kvit. Og stille. Og har
dei alt vore her med den grove traktoren? Trodlatysdalane?
Eg kjenner meg lett og rar og ny i kroppen. Lett i
hovudet. Og kald i panna. Panna er kald. Ho har aldri vore kald på denne måten
før. Lys og lett kjenner eg meg. Men eg er framleis alpinar. Panna er like låg
som ho alltid har vore. Eg har sove i eitt langt strekk frå eg sovna. Eg hugsar
ikkje korleis eg sovna, og sidan har eg berre sove. Eg har forsove meg. Og enno
har ikkje konsekvensane av forsovinga slått ut i den nye kroppen min. Men dei
gjer det kvar augneblink. Eg skulle ikkje ha sove i natt. Eg søv aldri. Eg
skulle ha merka meg når rutebåtane fyrte opp dei store maskinane sine for å
starte ein ny og lang arbeidsdag. Eg hadde tenkt ut denne morgonen i minste
detalj. Skulle stå der på kaien, like i utkanten av morgonkrinsane, og kikke.
Skulle berre få med meg éin ting. Éin mann. I staden står eg her ved
soveromsglaset og tenkjer på Løland. På kunsten. Og ute snøar det som om det
alltid har snøa. Frå utgammal tid. Det er kaldt, og snøflaka tek seg god tid.
Vimar att og fram. Leikar og vil ikkje lande. Og eg tenkjer at snø kan
samanliknast med silke. Og der ute er det silke som no blir trekt over bøen vår
og moane nedover mot Melsosen. Lag på lag av lydlaus silke som berre er og er
og er. Slik snø er. Lydlaus. Og ei stund lurer eg på om snøen som kjem no, kan
vere i slekt med Lølands mose. Mosen er òg lydlaus. Snø og mose veks like lydlaust.
Og alt under dei forsvinn. Jo, mose og snø er i slekt. Både mose og snø er
kunst. Og kjølvatn kan òg vere kunst. Når søyla er streka opp ut-over fjorden
og dei omkringliggjande omstenda er som i dag. Då tilhøyrer kjølvatnet kunsten
sine einemerke. Då blir ei kjølvassøyle utover fjorden berre ei forlenging av
fotefara ein har følgt på land. Tett på, for ikkje å miste dei under snøen. For
sjølv om både kjølvatnet og fara i snøen til sist forsvinn i seg sjølv, viskar
dei seg ut på ulike måtar. Snøen pøser på med meir og meir snø. Mens kjølvasssøyla
veks i breidda og blir så tjukk og feit til slutt at kontrasten forsvinn. Det
er uråd å seie kva for ein av båtane som løyste først frå kai i dag. Umuleg å
seie om den søre eller den nordre kjølvassøyla stammar frå M/S Årdalsfjord.
Dei to er om lag like vide, like breie. Og det er alt eg har å gå etter. Det er
det som er igjen av trådane eg samla saman i går. Ikkje alt, naturlegvis. Mange
av dei var ikkje så spesielle som eg hadde rekna med. Denne med amerikanaren,
derimot, gledde eg meg over. For den var på ein eller annan måte voven inn med
dei gamle mekaniske slåmaskinane og no omsmelta til den grove traktoren i
Trodlatysdal.
Tankane mine finn vegen
tilbake til den Aftenbladartikkelen. Den om årdølen som likte lite at bygda
var landfast med resten av verda mens fjorden låg frosen. Om redsla for
rotløysa som følgde med dette at ein berre kunne ta seg ut i verda på eigne
føter. Det er ein frosen fjord eg hadde ønskt meg no. Ein fjord som tillét meg
å følgje tråden tett i nysnøspora vestover. I det minste hadde eg ønskt meg å
stå der på kaien i dag tidleg. For kjølvatnet sa meg ingenting. Ikkje anna enn
at båtane hadde gått. Og denne snøen ute. Endelaus og dunlett denne morgonen.
Men som sagt, panna var kald og feberen vekke. Trykket på innsida av meg
kjendest ut som det hadde utlikna seg med lufta rundt meg. Og det utan bruk av
syl eller kvasse handøvle. Og det var då noko. Då fekk ein heller tole at nokre
trådar forsvann.
[Johnson’s Deli, Chicago, november 1941]
Når J.J.
kjem, er det to, kanskje tre ting eg vil spørje han om. For ein utanforståande
er ikkje spørsmåla mine fornuftige. Reine bagatellar er dei for alle andre enn
meg. På den andre sida er dei fornuftige. Det kjem an på korleis ein ser det.
Det kjem an på kor mykje farge og smak og lukt ein har gitt frå seg. Kor mykje
av seg sjølv ein har lagt att i kaffivatnet. Kor mykje ein fann det verdt å leggje
att. Det er på dette området J.J. og eg kan vere på kollisjonskurs. Men det
veit ein heller ikkje sikkert før ein har spurt. Og det er nettopp det eg skal.
Eg vil finne ut om J.J. gav farge til kaffivatnet i det heile. Eller berre
slukte han det? Lét det renne tvers gjennom seg. Halte til seg det som måtte
finnast i det av næring og rus, og gav ingenting tilbake. Ikkje eingong ein
halvslarven og svak avfarge. Han vil seie at han stilte seg til rådvelde. La
det renne, det som kan renne gjennom meg, sa han. Og visst er det lønsamt. Men
kanskje er det til sist det einaste J.J har fått ut av livet. At det berre renn
gjennom han.
For ei veke sidan høyrde eg programmet Moments with
Geniuses på radiostasjonen WBBM. Ein litterat samtala med ein matematikar.
Litteraten sa at på eitt punkt i skrivinga tek teksten sjølv kontrollen.
Teksten held sjølv på alle løyndommane og alle svara. Teksten veit sjølv kor
han vil. Forfattaren blir eit medium, sa han, som orda strøymer gjennom på veg
mot papiret. Men slik er det nok ikkje for matematikarar, stadfesta han for seg
sjølv og la til: Tala strøymer ikkje gjennom ein, gjer dei vel?
– Nei. Ein matematikar tek
ansvaret både for formelutleiinga og for tala han set inn i formelverket.
Matematikk er for alvorleg til å bli overlaten til amatørar. Og så spurde
matematikaren forfattaren om det ikkje er rein ansvarsløyse, dette med å hevde
at ein tekst strøymer gjennom ein og ut på papiret. Stiller ikkje dette
skrivaren i eit underleg lys? Skriv ikkje forfattaren då frå seg ansvaret for
innhaldet? Og han kan iallfall ikkje ta æra for teksten.
– Nei, svarte litteraten, til
alt det første. Og jo til dette med æra. Visst hadde han rett på æra. Skriving
er jo kunst. Mens matematikk er … Ja, kva er matematikk, eigentleg? Ei
naturlov, er det ikkje?
– Ja, då skjønar eg, sa
matematikaren. Det er derfor ein skrivar står fritt og er heva over alt det
trivielle, over formverk og ansvar. Og så vidare og vidare, inn eitt øyra og ut
det andre.
Etter kvart laga det seg mest til ei ugreie mellom
dei, og radioverten måtte fleire gongar roe gemytta. Forfattaren hadde eit
kall, sa han. Ei tung bør han bar. Som han måtte halde seg tru mot. Han leid.
Men slik var no ein gong lagnaden hans.
Men sjølv er eg einig med matematikaren. Det er hoen
så feigt å ikkje stå til ansvar for skriveria sine. Gøyme seg bak kunsten. Bak
mosen, med vilje. Men likevel ta æra. Skitpreik. Men likevel. Gjeld det for
tekst, så gjeld det for forteljingar. Og kan litteraten pårope seg det, så kan
eg òg det, her eg går i dialog med mi eiga forteljing. Men om eg berre slutta å
fortelje til dømes akkurat her, kva gjer forteljinga, eller teksten, om du
vil, då? He – he. Ingenting. Forteljinga gjer ingenting. Ho er makteslaus utan
meg. Og derfor stoppar eg her. Før J.J. kjem inn på Johnson’s Deli. Og herifrå
snakkar berre tilhøyraren. Som ved ein slump er meg, her eg sit og tenkjer
attende. Herifrå er det berre tilhøyraren som kan dra nok ut av forteljinga til
å gi henne ein annan slutt. Ikkje forteljinga sjølv. Ho har berre bore alt med
seg opp til eg sjølv stoppa henne, drog ut kontakten, sende henne på dør. Det er
først når eg sit her og høyrer meg sjølv, det demrar for meg. Eg veit kven
Gamle Høylaen er, og kor han kom frå. Det er opplagt at
J.J.
Rodale på eit tidspunkt gifte seg inn i familien Rodale, slik Jone Johne
Johannes Vollen ein gong gjorde det. Like klart at årdølen etter å ha sett dei
mekaniske slåmaskinane demonstrerte på ei kyrkhusekre, ikkje ville ha maskinane
som var dregne til bygdars i hopetal, og at det følgde ugreie med denne
avvisinga av mekanikken. Det eg er usikker på, er kvifor J.J. kom til Årdal den
dagen i 1924. Hadde han nokon gong til mål å setje farge på kaffivatnet, eller
var han berre kalla til Årdal for å skrive historia vår, som han sjølv
formulerte det, for oss, på våre vegner, så å seie, la historia vår strøyme
gjennom seg? Eller var han der av andre grunnar, iallfall i starten? Sidan eg
aldri sov, ikkje før natta til den dagen han reiste, fekk eg med meg det meste
som gjekk føre seg nattestid. Fleire gonger når eg var ute på bøen i ulike
ærend, såg eg desse karakteristiske lause kleda kome gåande oppover eller
nedover vegen bortanfor oss. Ein kveld følgde eg etter. Han gjekk inn til Gamle
Høylaen. Tre–fire timar seinare kom han ut. Ikkje fullt så laus i gangen
lenger. Ein større del av vegen brukte han òg, avhaldslagsleiaren!
Det triste er at ein kan leve
så lenge på ei muleg feilslutning. Kor mange val har ein i løpet av denne tida
teke fordi ein hadde ei slik oppfatning? Til dømes Chicago. Av alle byar og
stader valde eg meg Chicago. Med opne auge, kan ein seie. Men basert på ei enkel
oppfatning av hendingane rundt meg dei to åra midt på tjuetalet. Kven er det i
grunnen som får ein til å skjøne kven ein sjølv er? Og korleis går det til? Går
det til slik at ein blir stilt framfor eit tribunal? Og svara ein gir då,
avslører kor langt ein er villig til å gå, kor mykje ein er villig til å stille
seg til disposisjon for. Kor mykje ein lèt renne gjennom seg utan å gjere det
minste teikn til motstand, utan å gi frå seg farge. Og la karakteren få utvikle
seg gjennom dette. Så går ein seinare ut i verda og tek med seg dette biletet
av seg sjølv og sine eigne. Og ein skjønar ikkje før seinare at det kan vere
bygd opp på ei tilfeldig hending. Eller ein serie slumpehendingar. Men det er
òg slik at eitt einskilt slumpetreff ber med seg kraft nok til å endre på dette
biletet. I alle andre samanhengar ein bagatell. I denne samanhengen heilt
nødvendig for å skjøne både tida eg har levd i, og måten eg sjølv tolka henne
på. Det er det eg slit med å finne eit tydeleg svar på i forteljinga før eg
stoppa henne. Kom J.J. Rodale med den nye tida? Eller kom han med den gamle? Og
grunnen til at eg framleis blir sitjande her og vente på J.J.: M/S Årdalsfjord
eller M/S Eira, kven av dei blei det? Då J.J. reiste frå bygda, kva for ein av
båtane valde han? For me veit jo alle kva for ein av dei han kom til bygdars
med.
TAKK
Takk til farfar, Edvard
Austigard, som har gitt meg innsyn i både det språklege og det sosiale
landskapet på tjuetalet. Og Trygve Brandal som eg har lånt amerikaårdølens
utsegner om den nye Årdalskyrkja frå (s. 94, 98– 99). Dette er henta frå
bygdesoga hans, Hjelmeland.
TILLEGG
Innleiing
Ryfylke viste seg slik Ryfylke skal vere den 10.
november 2005. Det skal regne på denne tida. Tett. Så tett at ein trekkjer seg
innandørs for å bli der resten av vinteren. Innandørs for å roe ned og tenkje.
For å finne fram til dei viktige spørsmåla. Eller berre for å krinse.
Stovekrinse mens kvilepulsen dett som eit blylodd. Sleppe tanken på korleis ein
skal kome ut på den gjennomblaute ekra med John Deere-traktoren (kanskje er det
berre den gamle Massey Ferguson som ber i år også). Sleppe tanken på
tvillingsauen som ikkje kom heim i år heller. På neste møte i WHO. Eller på kva
tid Stavanger skal få områdd seg til å bli landfast med Ryfylke. Alt dette
slepper taket når samregnet slepp til – og stovekrinsinga kjem i gang. Alt
dette vik plassen for viktige spørsmål. Spørsmål om kvinner i litteraturen til
dømes. For bedehuset på Fister var stappfullt denne kvelden. Av folk som hadde
vinna bak seg og fleire timar med stovekrinsing i kroppen. Kvifor finst det
ingen kvinner i Krinsereglane? Det blei heilt stille i salen. Eg kunne svare at
det gjorde det. Det finst fleire kvinner i Krinsereglane. Dei opptrer som
skuggar i utkanten av dei litterære bileta boka teiknar. Dei er over-alt, berre
ikkje akkurat i orda. Dei ordnar ting. Ser til at maten kjem i hus. Ungane kjem
seg på skule. Dei styrer det meste. Dei held seg ute i margen. Mellom linjene.
Dei er overalt – berre ikkje akkurat i teksten. Og kanskje var det slik eg
svarte. Ikkje med så fine ord, naturlegvis. Så god er eg ikkje til å svare for
meg frå ein talarstol på sjølvaste Fister Bedehus. Dessutan ville eg ikkje
lyge. Ikkje der og då. For eigentleg hadde eg ikkje tenkt på det. Kor finst
kvinna? Eit spørsmål i same kategorien som kor kom Gamle Høylaen frå.
Oslo,
April 2006
Edmund Austigard
[Gamle Høylaen – forsøk på ein uautorisert biografi]
Ingen
visste sikkert kor Gamle Høylaen kom frå. Han var rett og slett for gammal.
Ingen kjende opphavet hans. Det blei sagt at han kom over fjellet frå
Byglandsfjord. Men hestehandlarane som enno gjekk den same fjellvegen over til
marknaden i Seljord hadde aldri forstått av dei fastbuande der austpå om dei
kjende til nokon Gamal Høyland som hadde vandra ut vestover mot Ryfylke. Andre
sa at Gamle Høylaen kom frå Amerika. At han hadde drive pelsjakt der borte og
til og med prøvd lykka på gull – i sjølvaste Klondyke, og alt. Schmidten, som
han heitte han som dreiv landhandel alt på den tida, det må ha vore ein gong seint
på syttitalet, dreiv og etterfylte kaffi og sukker. Eit nøyaktig arbeid om ein
skulle unngå å spille noko av dei dyrebare varene. Schmidten sjølv var motlaus
denne tidlege februarmorgonen. Dagen før skein sola frå ein blå himmel, og
nokre snakka om at dei hadde høyrt vipa skrike oppå Lensmannsmoane. Det var
sjølvsagt å ta litt i. Men det var ikkje fritt for at krinsane her utanfor
Schmidten hadde slått frampå om ein tidleg vår dette året. Liknande den for fem
år sidan, hadde Kyrkhusen mint om. Og så hadde dei snakka seg inn på fôr og
tidleg heiabeite. For kor tidleg kunne ein teoretisk jage sauer til heis? Dette
spørsmålet hadde ingen enkle svar. Noko dei jo visste godt frå før der i
krinsane. Og kanskje var det nettopp derfor dei føretrekte å snakke om dette
framfor det dårlege torskefisket denne vinteren. Som jo alle visste kom av den
uvanleg tjukke isen på fjorden. Det blei sponsande tett under så tjukk is.
Torsken måtte til havs for å puste, blei det sagt. Men i går var det sola som
talde og derfor fjellbeite dei snakka om. I dag kom hemna: tjukt og tungt
snøfall frå tidleg morgon. Det låg ein halvmeter utanfor landhandelen alt, og
meir skulle kome. Det som plaga Schmidten var tanken på dei som kom for å
handle. Kom det ikkje nokon snart og gjekk opp fara fram til døra, måtte han
snart ut å rydde veg sjølv. Og det hadde han i det lengste håpa å sleppe. På
den andre sida var det ikkje fritt for at han trong kundar òg. Han var ferdig
med sukkeret og skulle ta fatt på saltet. Men denne hendelses tanken på kva som
kom først; handlande eller snømoking, sleppte ikkje taket. Kva kom først.
Kundar eller snømoking. Det reiv og sleit i han og førte ei uro inn i dei
avmålte rørslene hans. Og det hende det som ikkje skulle hende – at han begynte
å søle litt. Litt av saltet fann stadig vekk vegen utanom krukkene det skulle
over på. I staden enda det på golvet. I fine, jamne straumar rann det utanom
krukka. Det la seg på golvet like kvitt som snøen utanfor. Slik kunne det ikkje
halde fram, tenkte Schmidt-en. Moking først for å rydde veg for kundar. Kundar
først som moka veg sjølv for fleire kundar og inga Schmidtamoking. Snømoking,
mokesnø, mokeskjer og snøskjer. Og endå verre blei det då han kom til å tenkje
på at snøa han verkeleg inne, kom det jo heller ingen og spurde etter sukker,
salt og kaffi. Og kvifor dreiv han då og slo desse varene over på krukker og
kasser. Kunne dei ikkje like godt bli ståande i sekker på bakrommet. Jo, det
kunne dei. Men om det no kom nokon og trødde opp far gjennom snøen. Kva då om varene
stod rundpakka der bak? Han kom seg ikkje ut av det, og snart var han i realiteten
innesnøa. For godt, for alltid. Kva hende eigentleg med han landhandlaren i
Melsosen, han Schmidten eller kven det no var? Nei, han lét seg snøe ned. Ville
ikkje rydde snø for eiga dør, ville dei seie. Han snøa inne, og borte blei han
vinteren niogsytti. K.I.F. – Kvil i fred, og snø over minnet. Det var akkurat
mens Schmidten underheldt seg med desse oppkvikkande tankane at Gamle Høylaen
toga inn i bygda. Kvit i det store skjegget og hår som stod ut i kvasse
istappar kring heile hovudet. Hatten som likna ein halvslarven cowboyhatt hang
bak på sekken. Han såg ut som eit uhyre og hadde etter krinsane på den tida
skremt det litle livet som var igjen i Schmidten meir enn langt nok ut av han.
For Schmidten, som alt var ved enden av si største livskrise, representerte
Gamle Høylaen sjølvaste endestasjonen. Rett nok heldt nykomaren liv i
landhandlaren, men Schmidten kom aldri meir til å snakke. Han hadde selt sitt
siste pund sukker og overlét ved hjelp av Gamle Lensmannens styrande hand
landhandleriet til neste generasjon.
Om det verkeleg var på denne måten Gamle Høylaen
først kom hit til bygda, visste ingen. Men det var slettes ikkje noka dårleg
forteljing. Det som iallfall kunne seiast om Gamle Høylaen, var at han var ulik
alle andre i Årdal. Gamle Høylaen kunne rett nok vere vanskeleg å få i tale.
Men minne, det hadde han. Han hugsa tilbake som ingen andre. Endå han ikkje kom
herfrå. Og gudane måtte vite kor han hadde plukka det opp. Eller om det hang på
greip. Det var iallfall slike ting som dette Gamle Høylaen fortalde når han
stakk innom oss. Seinare. Når han gjekk med ei flaske fersk mjølk i sekken og
nokre røvarhistorier lettare var det som om Gamle Høylaen flaut bortover vegen
oppå dei to–tre tommane med nysnø. I den tidlege skumringa forsvann han seint
inn i vinteren. Snart såg eg berre hatten hans over steingarden vår mot
bygdevegen. Ein hatt som flaut i veg på dunlette snøkrystallar. Sat ein då og
var arkeolog eller noko liknande i den verda som fanst der ute, tenkte eg at
neste morgon måtte vere ein framifrå dag å besøkje oss her inne igjen. For tenk
om snøen som fall i fjor. Og året før. Og den før der att – og til og med den
året før det – ikkje smelta. Tenk om all snø blei liggjande når han først var
fallen. Tenk om kvar einaste snøbye låg lagra i sitt eige lag, på lag. Då kunne
dei hjelpe oss, desse arkeologane, med noko me sjølv aldri ville finne ut av.
Frå bøen der oppe hos Gamle Høylaen kunne ein feie snø av fara hans og
fotfølgje han tilbake her til oss. Varsamt, berre eit lite pust var det som
skulle til, og så låg fara hans der klare og tydelege. Og slik kunne han, denne
arkeologen utanfrå, få lov til å halde på. Puste varlege pust, feie snølag
etter snølag ut av fotspora og ein vakker dag – etter at spora hadde kryssa
både gamle himagardar og generasjonar av Schmidta-kjøpmenn heilt attende til
den verkeleg Gamle Schmidten som lét seg snøe inne – ville denne arkeologen
stoppe akkurat på det tidspunktet Gamle Høylaen verkeleg gjorde sitt nærvær
kjent her i bygda. Og på vegen tilbake dit hadde han kanskje òg fått med seg
korleis det verkeleg gjekk til med dei mekaniske slåmaskinane. I så fall kunne
han få pause seg litt, denne arkeologen, og fortelje meg dette før han tok fatt
i Gamle Høylaens fotspor der dei kom traskande inn i landhandelen. Følgde
arkeologen desse spora tilbake, ville han uomtvisteleg få slått fast om Gamle
Høylaen kom over fjellet frå Byglandsfjord. Eller om han kom Nordvestpassasjen
frå Amerika. Sidan ingenting nytt nokon gong hadde kome til bygdars austante –
og her ville vel arkeologen protestert – tydde alle solemerke på at desse fotspora
ville peike lukst vest – ut fjorden – og så nordover. På ei anna side kunne ein
argumentere mot dette med å hevde at Gamle Høylaen ikkje representerte noko
nytt, og at han derfor likevel kunne ha kome austante. Men utfordringa når ein
hadde feia seg attende til staden utanfor Gamle Schmidtens landhandel var
igjen snøen. For det var noko som ikkje stemde i forteljinga om Gamle Høylaen.
Anten så måtte det dei herma etter Gamle Schmidten og krinsane på kaien på den
tida vere feil, eller så var vêret ikkje slik det blei sagt det var. For her
stoppa spora. Arkeologen kunne ha stadfesta at det i bakvendt rekkefølgje
hadde starta å snøe den dagen Gamle Høylaen trødde inn hos Schmidten. Det tok
til å snøe tett og heldt seg slik i vekevis. Snøen var ikkje lenger innpakka
og presentert i byer avbrote av korte opphald. Snøbya var samanhengande. Utan
start eller ende. Slik som noko som berre er og er og er og er. Er. Takk, sa eg
til arkeologen, dette visste me alt. Det er slik det er.
[om den sterke kvinna bak]
I korte
trekk hadde Ola Vollen kome gale ut. Det var derfor dei kalla han Spel-Ola. Det
begynte med steling av kjerald frå fleire av stølane oppover i Bønarheia. Og så
ei mørk augustnatt gjekk det fort frå gale til galnast, då han og tauraren Ole
Olsen Foss slo i hel ein himagardsstut. Spel-Ola blei teken ein yrtidleg
måndagsmorgon i 1872. Den tungt lasta robåten hans blei borda i grålysninga
midtfjords mellom Melsosen og Nessa.
Ingen hadde nokon gong blitt teken meir ferske enn
Spel-Ola den gongen; den lette vestlege morgonbrisen førte med seg lukta av
nytt slakt oppover heile bygda, og anten det var på Lensmannsgarden eller det
var heilt oppå Himagarden, så undra dei seg på slik lukt på denne tida av året.
Her var noko gale, sa dei, der dei stod framkring novene og slo lens denne
tidlege augustmorgonen og som vanleg hadde meir enn nok med å styre strålane
nokolunde samla mot bakken. Gamle Lensmannen, som styresmakta heitte alt då –
sjølv om han ikkje var identisk med dagens Gamle Lensmann, berre ei tidlegare
utgåve lenger nede på same familietreet – gav ordre om full stans ute på
fjorden. Og Ola Vollen måtte gjere vendereis og med eiga muskelkraft føre det
store kjøtstykket tilbake til der det kom frå. På Himagarden stod dei på rekkje
alt som kunne krype og gå av himagardar – frå den aller aller eldste til den
aller aller yngste med både d.y.ar, juniorar og seniorar mellom seg. Men ikkje
eingong det var nok på ein slik dag. Til og med godt daude og enno ikkje fødde
himagardar stod der og strekte rekkja i kvar si retning – både i oppstigande
og i nedstigande retning, om ein ville. Dei daude for å sjå til at levande
himagardar kravde rettane sine på same måte som daudingane sjølv – den gong dei
var levande, dei ufødde for å lære seg kva slags ansvar det følgde med
himagardsnamnet. Det var slik dei alltid gjorde her oppe på Himagarden når familien
blei utfordra. Dei stilte seg opp på rekkje. Og lét tyngda av tida passere
gjennom seg.
Då Spel-Ola Vollen sjangla seg inn mellom dei to
store tuntrea på Himagardsbøen, skrangla det i tørre beingrinder og knirka i
knokar ingen hadde sett i levande live sidan godt før svartedauden. Og det var
ikkje det minste løye, blei det fortalt. For det kjøtstykket Spel-Ola bar på,
var både feitt og saftig og kunne ha kledd både fire og fem av beingrindene.
Det blei vanskeleg for Jone Johannes Vollen etter ugreia far hans hamna i med
dette store kjøtstykket. Dei få opne grindene inn til potetopptaksåkrane eller
høyonneekrene lukka seg ei etter ei. Trappene inn til landeigande bønder førte
berre éin veg, og det var ut. Ut – ut – ut. Og då han etter kvart måtte tenkje
utradisjonelt for å halde liv i seg, fekk han høyre at han måtte kjøle seg.
Eller så gjekk det med han som med far hans. Likare gjekk det med syster hans,
Severine. Ho var så flott at skjødna ho seg vel, ville ho ende opp som
himagardskone – eller noko anna stort, til dømes prestekone. Det vakre reiv
opp familierøtene hennar, sa dei i krinsane nede i Melsosen. Det flotte viska
ut spora hennar. Gjorde henne til noko overjordisk svevande som fekk mannfolk
til å ta ut det beste i seg berre namnet hennar blei nemnt. Og ho visste å
stelle med myten som etter kvart spann seg tjukk og interessant kring henne som
ull kring ein sau nettopp heimkomen frå høgheia. Sommarstid såg ho til å bade
seg langt oftare enn alle andre. Vekkgøymt like under Lia i den nordaustre
delen av Riskedalsvatnet. Akkurat der den lange sandgrunnen strekkjer seg
hundre meter utover i det svale sommarvatnet. Her gjorde Severine det for vane
å bade opptil fleire gonger i veka. Ein gong etter midnatt kom ho lett som eit
sørleg vindpust til syne på grassletta. Ho tok seg god tid med kleda. Dei fall
plagg etter plagg til ho stod der kvit utan ein tråd. Skoginga var like hard då
som no. Det fanst ikkje så mykje som ein liten buskvekst å gøyme seg bak, og
graset var nedbeita. Det næraste ein kunne kome denne openberringa var
Ristingsvollsteingarden om lag hundre meter ovanfor grassletta. Var natta lys
kunne ein likevel få eit godt auge for dei duvande formene som steig ut or
natta og inn i vatnet – steg for steg – for ho tok seg god tid, sette eine
foten framfor den andre med kjærleik i kvar rørsle, som det heitte – kasta på
hovudet ein gong innimellom og lét det lange, lyse håret slyngje seg ut i
sommaren. Ryktet om denne badinga var av ein slik natur at kvar og ein hadde
eiga interesse av å halde det for seg sjølv, og heller få det avkrefta snarare
enn stadfesta. For maken til hending her i bygda hadde ein aldri høyrt tale om.
Men etter kvart seiv det ut i krinsane likevel. Eldre herrar høgt heva over
ungdommeleg kåtskap, og elles av ulike grunnar forhindra frå å leve denne same
kåtskapen ut – skulle den likevel ha vore der – fatta interesse for badinga.
Dei meinte det tente ålmenta å vite kva som gjekk føre seg i ly av lyse
sommarnetter. Og slik blei det kjent dette med Severines bading. Men ingenting
er som kjent meir upåliteleg enn kvinnfolk, sa dei i krinsane, og Severine
visste korleis ho skulle spinne myten tjukkare og tjukkare kring seg sjølv. Ei
natt dukka ho opp presis klokka tolv. Neste gong var ho der ikkje før klokka
fire. Og så gjekk det tre netter utan at ho dukka opp. Så var ho der igjen,
klokka halv tre ei natt til fredag. Det gjekk utover produksjonen i bygda,
dette. Det som kunne krype og gå av mannfolk låg lag på lag bak Ristingsvollsteingarden
og venta. Stort sett forgjeves. Men sove hadde dei ikkje roa til, heller.
Likevel gjekk det lenge godt. Ein fekk tid til både Severine-kikking og
gardsdrift. Men så seiv det ut eit nytt rykte om at Severine var sett badande i
Bønarånå – i ein av hølane du veit – nedanfor Høylandsfossane. Då gjekk det gale.
For no måtte ein som mannfolk ikkje berre halde Riskedalsvatnet under oppsyn,
no måtte Bønarånå òg kontrollerast. Gong på gong – natt etter natt. Og ikkje
nytta det å dele seg i to leirar heller, for kvifor skulle dei som låg i le bak
Ristingsvollsteingarden røpe at Severine hadde vore der i løpet av natta. Nei,
kvifor skulle dei det når dei kunne halde denne skatten for seg sjølv. Og
kvifor skulle dei som låg bak steinane under Høylandsfossen fortelje det –om
dei såg ho badande i Skumhølen. Det fanst ingen grunn til å fortelje om nokon
ting som helst. Og dette forstod folk og tok derfor ikkje sjansen på noka
deling. I staden pesa dei alle att og fram mellom dei to stadene i allfort meir
uttrøyttande springeturar i mørket.
Slikt kan du tenkje deg, kan ikkje
gå godt!
Til sist blei det teke opp i krinsane dette med at
det no vart bada på to stader. Gardsdrifta i bygda låg delvis nede fordi få
hadde krefter att til dagsarbeid, og kringom på bøane begynte gardakjerringane
å fatte mistanke. Noko var kome gale ut på eit vis, blei det sagt.
Og så
var det Rangvald Korthus som til sist fekk i oppgåve å kontakte Severine. Han
skulle be om at denne badinga som ingen visste noko om, blei avgrensa til éin
stad. Sjølvsagt ei vanskeleg oppgåve å fortelje Severine at noko ho driv med,
men som ingen annan enn nettopp ho sjølv veit om, må gjerast på ein annan måte.
Og sjølvsagt kunne ikkje Rangvald vere beintfram med akkurat kvifor badinga
reint geografisk måtte avgrensast, men som han sa det, det ville nok vere i bygdas
interesse at to blei til ein
– i alle
ting ein kunne tenkje seg. For korthusane hadde i alle år vore framifrå
salskarar til ikkje handelsmenn å vere. Til overmål hadde Rangvald fått kilt
inn meldinga si i ein avstikkar av ein sidekommentar til saka om dei to husmannsgardane
på Dalen som – om dei slo seg saman – ville greie seg med eitt våningshus og
bruke det andre til høyløe. Nokre dagar seinare kom Rangvald tilbake til
krinsane på kaien og fortalde at Severine hadde avgrensa badinga si til
Riskedalsvatnet. Men at ho ikkje ville gi opp retten sin, i all æve, som det
heiter i liturgien, til å bade kor ho ville når ho ville. Etter dette fall
bygda til ro igjen. Hausten blei tolleg god. Severine hadde fått den brekkstonga
ho ville ha og kunne nå om lag så langt ho ville. Men då retten oppå Himagarden
den måndagen i august hadde kome til at det einaste som kunne berge Spel-Ola,
var at dotter hans, Severine, gifta seg med ein av dei ugifte himagardane i
rekkja, valde ho likevel å takke nei. Klart og tydeleg svarte ho. Med harde
auge festa vekselvis på Gamle Lensmannen og Himagarden senior – som enno styrte
garden der oppe – til trass for at junior pressa allfort ivrigare på bakante.
Og det var altså denne junior, som ein enno ikkje hadde funne godt nok koneemne
til, som retten no ville at Severine skulle gifte seg med. Men Severine sa
nei, og kanskje var det òg det beste for Himagarden når det kom til stykket,
for i den lange rekkja av himagardar frå tidlege fossilutgåver til enno ufødde,
fanst det fleire enn junior som kunne tenkje seg å setje kloa i Severine, det
var ikkje fritt for at det skrangla i beingrinder, nei, for å seie det på den
måten, for så mykje kjøt hadde dei ikkje sett på eitt brett, nokon av
skjeletta, på det dei kunne hugse. Kjøle seg, kjøle seg!
Og Jone Johannes Vollen tok hintet. Han hadde eit
kvikt hovud og skjøna at framtida hans låg i ei anna verd enn Årdal. Sommaren
etter reiste han. Severine gifta seg, stikk i strid med alle medfødde odds,
oppover i stand, men ikkje til topps slik hennar nøye opparbeidde posisjon
kunne bere bod om. Ho gifta seg med Rangvald Korthus, sleppte laus badinga
igjen. Både i Riskedalsvatnet og i Høylandshølen. Og bygda gjekk sakte inn i
ein nedgåande spiral. Ein depresjon, om du vil, på fleire enn éin måte. Det var
iallfall slik Gamle Høylaen sa det.
[frå Vollen til Chicago og tilbake –
fragment frå ei reise]
Jone
Johannes Vollen blei atten år to dagar før han steig i land på Ellis Island. I
1874. I grunnen ein fin alder, blei det sagt, for å ta til med noko i den nye
verda. Jone Johannes hadde nok sine planar, men akkurat kva dei gjekk ut på
visste ingen. Kva han levde av dei to første åra han oppheldt seg i, etter
tilhøva, travle New York, er den dag i dag ei gåte. Ikkje eit einaste hint
eingong melde han tilbake til heimbygda si om livet han levde. Men som dei sa,
dei som hadde eit eller anna å fortelje frå Amerika – anten frå eit brev,–
eller rett og slett fordi dei hadde vore der borte utan å trivast og sidan kome
attende – livet var tøft der vestpå òg, tøffare enn ein skulle tru. Og derfor,
sjølv om ein langt frå hadde kjelder å referere til, kunne ein rekne seg fram
til at Jone Johannes etter alt å dømme hadde drive med ting som i det minste
grensa mot det ureglementerte. Det einaste ein i grunnen visste for sikkert,
var at Jone Johannes hadde lært seg engelsk av den flytande sorten. Det hadde
Gamle Høylaen lese i eit brev frå onkelen sin, Olaus, som heldt seg der borte
om lag samtidig. Olaus hadde ikkje sjølv treft Jone Johannes, eller J.J., eller
Jay-Jay, som amerikanarane kalla han, men det hadde andre ryfylkingar, både på
kaiane og i tjukkaste Brooklyn. Og det var etter det desse sa at onkel Olaus
nokre år seinare hadde prøvd seg på å teikne eit litterært bilete av han, og
gjort dette biletet kjent i Årdal gjennom brevet til Gamle Høylaen. Men lett
var det ikkje for nokon å kontrollere det som det blei skrive heim om frå New
York. For det var ikkje slik der vestpå som det var framkring i Ryfylke, at det
fanst ein kai for kvar stad eller bygd, og dermed ei ordna og oversiktleg verd
for krinsane å virke i. Nei, i New York fanst det flust med kaiar, og følgjeleg
eit nærast ukjent tal krinsar. Sjølv som ekte ryfylking. Sjølv som ekte
utvandra årdøl greidde ein ikkje følgje med på same måten der borte som her
heime. Ikkje eingong tidlegare sambygdingar greidde ein halde under skikkeleg
oppsikt lenger, blei det fortalt. Tidlegare naboar blei spreidde ut på kvar sin
kai, på kvar si side av Hudsonelva, oppstraums og nedstraums, og gudane måtte
vite, som dei sa, kva tidlegare naboar snakka om når dei slapp laus kvar for
seg i krinsar med elles framande.
Gamle Høylaen pausa seg etter å sagt dette siste om
alle kaiane. Og så sa han at då kunne eg betre skjøne og verdsetje verdien av
éin kai framfor fleire. For korleis skulle ein krins, til dømes i New York,
greie å velje den eine kaien framfor alle dei andre? Og kva gjekk ikkje denne
krinsen glipp av når han endeleg hadde valt seg ein kai. Jo, då mista dei alt
som var i omgjenge på dei andre kaiane. La oss berre i vill fantasi tenkje oss
tilstanden; det kom ein kai på Svadberg i tillegg til den me har i Melsosen!
– Kva då?
– Då hadde me to.
– Og så?
– Då ville krinsane spreidd seg utover på dei to
kaiane og kvar for seg fått større radius å virke på enn om dei alle heldt seg
på kaien i Melsosen. På det viset ville det blitt mykje meir spennande, for då
ville berre halvparten av krinsane i bygda ha halvparten av historiene.
– Nettopp!
– Og på det viset ville kvar
krins blitt meir eksklusiv. Og så kunne dei blitt samde med den andre
halvparten av krinsar om å byggje ein ny kai midt imellom, om lag ved
Storåosen. På denne tredje kaien kunne dei møtast når dei trong å oppdatere
einannan. På denne tenkte nye nykaien, i høve til den nykaien me alt hadde
tenkt oss på Svadberg, kunne krinsane slått seg saman til større krinsar og
delt historiene mellom seg. På den måten ville ingenting gå tapt, og me hadde
med eit hatt tre kaiar i bygda i staden for ein. Det ville jo vore flott.
– Det er slike krefter som
herjar i New York, slo Gamle Høylaen fast. Det ville aldri gått her. Nei, klarheita
i bygda hadde forsvunne med fleire kaiar. Ho ville trekt seg tilbake slik
snøfonna oppunder Steganibba gjer, seint og umerkeleg til ho ein dag ikkje er
der lenger, og heile bygda står og speidar oppover Bønardalen vel vitande om at
noko er gale, men utan å få auge på det lenger. Og når ein endeleg får auge på
det, så veit ein at sauene skulle ha vore i høgheia for fleire veker sidan. Og
så har du det gåandes med for kort sommarbeite, tidleg haust, nedbeita låghei
og snauetne heimabeite, tidleg slakting og skrale greier, skrale greier. Skralt
skralt skralt til neste sommar, viss ein greier seg, då. Slik er det med
snøfonna under Steganibba, og slik er det med klarheita. Her i Årdal er me
avhengige av begge to.
Og sidan me først er inne på det, heldt han fram, det
er i korte trekk dette med kaiane som gjer at Amerika og utlandet generelt er
noko dårleg stilt i høve til Årdal. Dei har, om ein vil bruke sterke ord, mista
klarsynet – gått frå éin av kvar ting til fleire av same slaget. Og av akkurat
same grunn mista ein her i Årdal taket på kva J.J. hadde føre seg dei to åra i
New York.
Tidleg i mai 1877 dukka Jone Johannes Vollen opp som
dreng hos den utvandra årdølen Anders Largefield i Minnesota. Han blei der ut
det året, sette barn på ei dansk hushjelp og forsvann i retning Chicago. Tidleg
i 1878 heitte det at han vanka i krinsane til den gryande arbeidarrørsla i
Chicago. Jone Johannes var på ingen måte mellom dei mest framståande i rørsla,
men han hadde ein slags kanal inn til nokre av dei sentrale folka – og det blei
derfor sagt at han kunne, om han ville, starte ein streik nærast på eiga hand.
Såpass kompis var han blitt med venstresida. Men trass i alt dette greidde han
å halde seg fast i ein visargutjobb i ei framgangsrik mekanisk verksemd. Ein
plogfabrikk. Og det neste som nådde krinsane på kaien i Årdal – sjølv om ein
naturlegvis ikkje hadde nokon båt å vente på i den tida, det var jo lenge før
me fekk båtruter – var at Jone Johannes på enklare enn normalt vis var kome til
ikkje lite pengar. Mykje meir enn han etter kjende solemerke skulle vere i
stand til å kome til. På kaien blei dette på den tida til sjølve provet på kva
slags utilsikta følgjer fleirkaieri kunne føre til. Kven som helst kunne stikke
seg fram på ein – to – tri, berre ein var frekk nok. Og slikt kunne gå føre seg
utan at nokon hadde skikkeleg oppsyn med det. Og var det slik me ville ha det?
Kva då med dei naturgitte hierarkia i bygdene framkring, kva med dei når slike
som Jone Johannes snarvega dei med å ta alle høgdene i ein sats, eitt hopp, så
å seie. Det som hadde skaka krinsane mest var likevel ikkje pengane. Men heller
det at Jone Johannes Vollen, frå Vollen, sjølvaste den årdølske Vollen,
lutfattig og med ein far som var teken på fersken med stutaslakt, no med eitt
var å rekne som ein del av sosieteten, fiffen, som dei kalla det der borte i
Chicago. For det ryktet kunne fortelje, var at Jone Johannes hadde brukt eit
heilt hageparty på å snakke seg frå ein enkel reparasjon av ei hendelses grind
– til så tett innpå og visstnok inn i plogfabrikkarvingen Amalie Charlotte
Rodale – at det i praksis ikkje fanst nokon retrettsjanse for nokon av dei. To
ledd tilbake kom familien hennar frå Røldal til Chicago via Ned-strand og
Liverpool. Klart det fanst samklang mellom dei to der dei stod og rulla på
r-ane sine langt inne i den amerikanske Midtvesten. Men likevel, som dei sa på
kaien, det fekk jo vere måte på.
Hadde ein denne delen av
forteljinga direkte frå Jone Johannes Vollen, slik Gamle Høylaen på uforklarleg
vis hadde, då stod ho fram i ein noko moderert versjon.
Det var
varmt den dagen han fekk vite det. Han og Amalie Charlotte var inviterte over
til foreldra hennar på søndagsmiddag. Det skulle serverast fem rettar og godt
med drikkevarer. Den passeleg nedkjølte champagnen som blei servert ved
frammøtet ville nok løyse litt opp i det noko stive laget, tenkte Jone
Johannes. Det ville kome seg etter kvart. Men dei første ti–tolv minutta måtte
han gjennom på ein eller annan måte. Dei blei ståande under det store halvtaket
over den vestvende verandaen. Frå verandaen opna ei massiv trapp opp den
praktfulle hagen utanfor. Jone Johannes var glad i denne trappa. Dess lenger
ned i ho ein kom, dess vidare famna ho. Det var flott å stige ned trappa,
syntest han, gå vanlege folk i møte. Det var slik trapper burde vere, meinte
han. Smale lengst oppe for at berre ein og ein skulle kunne inn om gongen. For
slike trapper var ikkje for ålmenta. Slike trapper var for dei kondisjonerte.
Dei som ein gong imellom gjekk ålmenta i møte, men som etterpå trekte seg
attende inn i dei store husa att. Jone Johannes kjende godt til det filosofiske
grunnlaget for trappas utforming: Amerikanske trapper er breie nedst for å
famne så vidt som muleg – lokke flest muleg opp – og så smalnar dei av etter
som ein begynner å klive i trinna. Det ligg rein symbolikk i det. Ikkje alle
når heilt opp, i alle fall ikkje på ein gong, det tillèt rett og slett ikkje
slike trapper. På eit eller anna trinn blir det for smalt for fleire enn ein i
breidda. Trappa var heilt ulik dei trappene han kjende til frå Ryfylke. Der
borte i gamle Europa, tenkte han, var trappene smalast nedst for så å vide seg
ut etter som ein kleiv trinna. Så smale var trappene nedst, når han tenkte på
det, at han ikkje kunne skjøne at det var råd å ta seg opp dei. Og slik var det
òg med grinder og portar, tenkte han. Men kan hende hugsa han feil.
Rodale-trappa var eit godt symbol på det kapitalistiske system, sa dei i Chicago.
Og eit godt symbol på familien Rodale. Amalie Charlottes besteforeldre hadde
starta trappeklatringa frå ein husmannsteig i Røldal. For sjølv husmenn frå
Røldal i Noreg fekk lov å prøve seg i den amerikanske trappa. Steg for steg, om
dei ville. Og fekk dei det til, fekk til trappetakten, så å seie, ja, så var
det berre å klive det ein var mann og kvinne om. Og familien Rodale hadde eit
godt lag med trappekliving. Dei fekk det til, det hadde Jone Johannes merka
seg. Sjølv var han enno ustø i trappa. Iallfall når det var snakk om å gå ned.
Heile livet sitt hadde han jo øvd seg på å klive opp. Når han først var på veg
opp – skulle han altså lære seg å gå andre vegen. Gå folkjet i møte. Han sleit
med trinna, han kunne vere open om det. Men i møte med familien Rodale hadde
han forstått at det var andre ting som talde òg. At han var teken inn i
familien Rodale, hadde nok meir med hans flørtande vesen å gjere enn rein og
skjer trappekliving. Amalie Charlotte kunne ikkje motstå han. Ikkje etter den
gongen over arbeidsbenken ute i stallen. Den dag i dag visste han ikkje heilt
korleis det gjekk til. Han blei tilkalla av Mr. Rodale tidlegare den
ettermiddagen. Ein avhengsla port inn til rodølanes hage måtte påhengslast,
dersom hagepartyet, som dei kalla det, skulle bergast. Det var ikkje lite
kritisk, vart det sagt. Det tok seg dårleg ut at hageporten hang på halv tolv.
Jobben var gjort, og han fekk tilbod om å vaske seg i den store stallen bak det
prangande huset. Det var god tilgang på vatn der inne, og han tenkte han kunne
like godt gjere seg skikkeleg rein. Han hadde teke av seg arbeidstrøya, knept
opp buksa og tatt den av seg. Han stod der naken og nyvaska og kjende at det
gjorde godt. Lenge sidan sist, tenkte han. Og der stod ho. Like framfor han. Og
før han visste ordet av det, leita han seg fram gjennom lag på lag med
kjolestoff. Han fann fram og like etter inn. Han tenkte ofte på denne gongen
når han seinare sat på kontoret sitt. Det overraskande var at den kjensla som
denne tanken kalla fram var kjensla av djup skuffelse. Når han tenkte tilbake
på denne gongen burde ord som pirrande, heit og vill sprengje seg fram. Men det
gjorde dei ikkje. Kjensla av ekstase mangla totalt i desse minna. Ikkje eingong
dei kvite og perfekt avrunda formene hennar gjorde inntrykk. Det vil seie, det
gjorde dei til ei viss grad, men omvendt av det dei skulle ha gjort. For viss
han prøvde å setje ord på skuffelsen, prøvde å sirkle den inn, lokalisere
skuffelsen til noko heilt konkret, var det nok den stramme og veldefinerte
baken hennar han tenkte på. Den presise og kontrollerte skumplinga når baken
hennar støytte mot hoftene hans. Som litt for stiv fruktkompott. Som
fruktkompott som tok seg vel ut i bollen, men som berre så vidt svinga på seg –
i faste og vel kontrollerte skumplingar – viss ein rørte på bollen. Nei, i
grunnen kjende han berre eit tungt gråvêr sige innover seg når han kalla fram
bileta han bar med seg frå den kvelden. Viss han tenkte seg godt om, kunne han
nok hugse kor bale det var å halde kjolelaga oppe og ute av frontlinja. Og at
han tykte ho blei vel høglydt, for nokon kunne jo kome. Men det var ikkje stort
å hugse, det heller. Han skulle ha ønskt at dei faste formene hennar hadde kome
meir ut av innramminga si. At dei hadde skumpla og dissa meir i utakt med både
seg sjølv og hans eigen jamne, men tiltakande takt. At dei tødde seg og flaut
ut langt meir enn dei gjorde. At dei mista forma si, så å seie, og berre slong
og skalv heilt ute av styring, både motstraums og medstraums. Det var ei
utflyting han hadde ønskt seg – det var alt. Men slik var det ikkje. Heile
Amalie Charlotte heldt seg vel innanfor seg sjølv, og heilt opp til dei siste
harde taka var alt han opplevde å sjå nokre små, faste skakingar som best
kunne samanliknast med fruktkompott som heldt seg godt på plass i bollen sin.
Og det var i grunnen alt. Så enkel var han. Han måtte vedgå det. Og slik var
det vel å drive forretningar, tenkte han, kontrollert og stramt på alle vis.
For han var Betty synonymt med dei altfor stramme formlinjene. Og var det då
kjærleik det var snakk om? Eller var det mest lyster på ville vegar? Og kva
slags lyster var det i grunnen ein her tala om. Nei, det kunne han ikkje seie.
Men det hadde ikkje noko med kjærleik å gjere. Heller ikkje kjønnsleg omgang
var han redd for. Sidan bror hennar, John, forsvann i elva og mest sannsynleg
aldri meir kom til rettes, var det altså Betty som måtte bere den stolte Rodale
Mechanics-arven vidare. Og det gjorde ikkje saka enklare. Verken for foreldra
eller for Amalie Charlotte. For Jone Johannes derimot var det kanskje dette
som var sakas eigentlege kjerne. For foreldra greidde ikkje å setje seg opp mot
Amalie Charlotte i det lange løpet. Ho ville gifte seg med Jone Johannes eller
flykte til Europa. Vegen frå kåt og flørtande visargut til funksjonærstilling
med eige namn på døra hadde altså vore kort for Jone Johannes. Fleirfaldige
trinn i eitt steg, så å seie. Og vips var han midttrapps. Me får sjå kva du
kan få til, hadde Gamle Rodale sagt, men seinare blei det ikkje så mykje ut av
det. For det meste sat han på kontoret og spekulerte. Av og til var han med på
eit eller anna måltid med mulege eller umulege kundar, men det blei aldri til
at han fekk i oppgåve å følgje dei opp på nokon måte. Ei stund skulle han ha
overoppsynet med arbeidsformennene på dei ulike avdelingane. Det gjekk tolleg
godt, tykte han sjølv. Men Gamle Rodale meinte han blei for pirkete av seg. Og
så blei det slutt med det. No hadde han hatt med eit par lokale smier å gjere,
eit par underleverandørar, som dei sa. Ikkje store greiene, men det måtte no
gjerast. Ein del tid hadde han òg brukt på å forføre Miss Bonnie som stelte med
korrespondansen på huset. Men no det først var unnagjort bak lukka kontordør
ein tidleg onsdagsmorgon seint i april, var det òg over. Bonnie gjekk rundt
med det ein kunne kalle ei mine av totaloverhaling – og ville dei neste vekene
stadig vekk ha han for seg sjølv – bak lukka dør. Sjølv var han ferdig med det.
Det blir ikkje meir av det, sa han, sjølv om kjøtet denne gongen hadde dissa og
dansa rimeleg godt. Resten av kontortida kunne han sjeldan gjere greie for på
skikkeleg måte, om nokon hadde spurt. Men det var det aldri nokon som gjorde.
Det var dette som plaga Jone Johannes. Han kjende seg alltid litt uvel ved
slike familiesamkomer. Og sjølv om han no kjende champagnealkoholen begynte å
øve sin påverknad både på hjerne og hjarte, blei han ikkje lettare til sinns.
Litt lettare, kanskje, når han kjende etter, men ikkje nok til at han kjende
for å ta del i samtalen. Inne kring det overdådige spisebordet krinsa snakket
om forretningar og alt som kunne oppreknast i tal og forteneste. Seinare alt
som kunne smiast, stampast, rullast, gjengast, pressast, formast, stemplast,
skruast, slåast, stansast, dunkast, hastast, rastast, kvestast og kva meir var
der ikkje. Han sat og høyrde på alt dette og åt litt for stiv fruktkompott mens
han høyrde Amalie Charlotte snakka om at ingenting var som å peise på med solid
hardt stål, skrue, stanse og dunke. Og mor hennar smilte og var hjartans einig.
Og Gamle Rodale nikka, nei, ingenting er som stansestål, før han snakka seg
langt inn på Chicagos varebørs og undra seg over vegane dei ulike pilane peika.
Ikkje alle nettopp opp akkurat no. Men ikkje alle ned heller. Men dei fleste
peika ikkje akkurat opp. Og så kom dei endeleg til det: stålprisen. Og alle
måtte ty til vinglasa att. Ikkje for å feire, som Gamle Rodale sa, men for å
svale seg. Kjøle seg og tenkje klart nokre minutt. Det stod ikkje like godt til
som før i Rodale & Co. Jone Johannes hadde fått med seg såpass. Sidan verksemda
alt hadde lagt unna seg det som var å rekne i Amerika, fanst det òg dårleg med
vekstsjansar her på berget. Rodale & Co. må ut i verda, sa gamle Rodale og
heva endå ein gong glaset. Og der og då fekk Jone Johannes høyre det. Der og då
blei han løfta dei siste avgjerande stega opp trappa. Han kjende korleis
hoftebeina hans skrapa mot kantane der oppe i dei øvste trinna – der det
verkeleg smalna til. Men han kom seg inn. Heilt inn i det store Rodalske huset.
Jone Johannes Vollen hadde vakse seg inn i rolla som internasjonal salssjef for
familieverksemda Rodale & Co., ei av Amerikas leiande mekaniske verksemder
dersom ein avgrensa marknaden til å gjelde plogar, slåmaskinar og alt anna ein
kunne dra over, eller køyre ned i, ei ekre eller likande store jamne flater av
jord, eller jordliknande bøar, som det heitte i mission statement, som dei
kalla det her i Chicago. I den nye rolla fekk han salsansvaret for den austlege
halvkula, som det stod på kortet hans. Jone Johannes måtte sjå seg attende i
tida. Mot sola, sjå seg heilt til Europa og kanskje til og med til Ryfylke,
fekk han vite. Starte å bruke nettverket. Byggje det ut allfort og gjere
forretningar på det. For Gamle Rodale hadde høyrt på ei mekanisk messe i Cincinatti
tidlegare denne veka at argaste konkurrenten, T.T. Skiftun, som dei heitte, no
gjorde god butikk der bak. Spesielt gjeld dette i Årdal, der denne T.T. Skiftun
har gått i kompaniskap med Kyrkhus-folket, la han til, og gjorde mine til at
dette burde interessere J.J. meir enn vanleg. For var det ikkje nettopp frå
Kyrkjebøen i Årdal han hadde namnet sitt?
– Jo, kunne J.J. noko
motvillig vedgå. Og det var som berre svarte, tenkte han òg. Her reiser eg
halve verda rundt, set lausungar på danske hushjelper, puler ei industrieigardotter,
lærer meg å klive trapper og å handtere fine vinar, og kva får eg igjen for
strevet: endå ei påminning om opphavet. J.J. kjende at han ikkje slapp unna.
Og grunnen var pengar. J.J.s verdi i denne samanhengen var knytt til vona om
pengar. Ei rein forventning, om ein ville. Ei neddiskontering av framtida. Og
hadde han ikkje høyrt dette før. J.J. kunne utnytte opphavet sitt til å sikre
Rodale & Co. betre økonomi. Han slapp ikkje unna. Verken pengepresset eller
opphavet. Flukta hans var så å seie meiningslaus, fånyttes. Og til alt overmål
var det her han ville vere. Ikkje nødvendigvis hos The Roldales, som dei sa,
men her i Chicago. Han likte forma på trappene her mykje betre enn dei der bak
i Europa, ingen tvil om det. Men no blei han likevel sendt attende. Som internasjonal
salsmann med vide fullmakter, ei halv jordkule å ta seg av og eit kvartal på å
levere varene, som gamle Rodal formulerte det. Vel, det var då noko, tenkte han
etter kvart som han smaka på tittelen. Litt av ein heimkomst kunne det bli. Er
det ikkje unge Vollen? Nei, er du galen, den skrullingen. Jo, eg trur sanneleg
det er unge Vollen. Ja, jøsses. Og så ville dei bukke og skrape og glane på den
fine habitten hans og late som ingenting. Smake på tittelen hans ville dei og
skrape endå meir for å få stadfesta kor mykje han var god for og om han derfor
kunne vere nyttig å gjere seg til lags med. Og som hemn for at dei ein gong
dreiv han frå bygda, skulle han selje dei mekaniske slåmaskinar og om nødvendig
alt anna mekanisk som kunne utøve eit stykke arbeid på ei ekre. Dei skulle få
det. Heile den industrielle revolusjonen skulle han kaste over dei.
Avbetalingsplanar skal dei få. Og kreditt. Eg skal pøse kreditt på dei som om
det var vatn lukst frå Bønarånå. Og ikkje berre det, alt som følgjer i kjølvatnet
av fabrikkane skal dei få òg. Takk for tilliten, sa J.J. og strekte handa ut
mot Rodale senior. Etterpå drakk dei meir vin. Og utpå kvelden hadde Amalie
Charlotte og han for første gong på eit halvt år laussloppen kroppsleg omgang
med einannan på eit av dei store gjesteromma ovanpå.
