Union med ufortent dårlig rykte

DET SJØLSTENDIGE Norge fyller 104 år i dag. 7. juni 1905 vedtok Stortinget å oppløysa unionen med Sverige. Det skjedde med ei bisetning, som slutten på 15 års heftig og begeistra strid om noen realitetar, men om fleire symbolsaker med taktiske manøvrar og vikarierande motiv. Vedtaket i Stortinget var samrøystes, og 99,9 prosent av folket støtta det. Slike tal vitnar meir om nasjonal rus enn om reell røysting.

TVILLINGRIKA var i all hovudsak likestilte innanfor unionen etter fleire feidar utover på 1800-talet. Norge var ikkje eit lydrike under Sverige. Økonomisk var unionen til fordel for begge land gjennom frihandelsavtalen. Mot slutten av 1800-talet var Norge den mest framgangsrike av unionsbrørne.

Det var heller ikkje noe stort, demokratisk underskot i Norge. Tvert imot: Norge eit meir folkestyrt land enn Sverige. Striden om parlamentarisme mellom Kongen og Stortinget hadde ikkje handla om svensk dominans, men om konstitusjonelle spørsmål: Konge- og embetsmakt mot folkestyre. Det var ein strid som ikkje hadde sin parallell i Sverige der kongen, adelen og tradisjonelle elitar hadde ei heilt anna makt.

DEI STORE KAMPSAKENE for Venstre var i hamn etter 1884. Stortinget hadde vunne over Kongen og embetsmannsregjeringa, parlamentarismen var innført og Johan Sverdrup var statsminister. Dei konstitusjonelle spørsmåla kunne ikkje lenger halda den sprikande Venstre-koalisjonen saman. Økonomiske, sosiale og kulturelle saker kom i fokus og splitta radikale og moderate.

Venstre trong derfor nye og samlande kampsaker og fanesaker. Det blei «knyttnevepolitikken» med krav om eigen, norsk utanriksminister og eigne konsular til å ta vare på norske næringsinteresser i utlandet. Det ville ikkje «storsvensken» ha noe av. Forhandlingar gjekk i stå, og krigstrusselen var overhengande i 1895. Venstre-aktivistane tok eit steg tilbake frå dei tunge realitetane, men ikkje frå den symbolske nasjonalismen. Den blei endå heftigare. Flaggsaka, kravet om reint norsk flagg utan «sildesalat», avgjorde fleire Stortingsval. Alt som kunne markera det norske, blei kjørt fram som nasjonale fanesaker. «Norge gikk på ski ut av unionen med Sverige», som Tor Bomann Larsen har formulert det. Med polfararhelten Fridtjof Nansen først i sporet.

Den militære opprustinga var formidabel. Det fredsvennlige og sparsame Venstre blei krigersk. Det blei bygd ammunisjonsfabrikkar og festningsanlegg. Kongsvinger og Fredriksten festningar blei rusta opp. På fem år blei det bygd fire panserskip. Kvinner hadde ikkje stemmerett, men dei stod opp og stræde, som de vare mænd. Torpedobåten «Valkyrien» blei bygd for midlar som var innsamla av kvinner i Norges Forsvarsforening. Dei meir fredlige sanitetskvinnene hadde samlingar for å laga bandasjar til soldatane.

DEN SVENSKE ELITEN var egentlig ikkje så opptatt av unionen, sjøl om den kunne vera grei å ha på grunn av frykta for Russland. Dei var meir bekymra for smittefaren som låg i Norges demokratiske forfatning og sosiale reformvilje. Derfor var det viktig å visa militære musklar mot Norge for å skræma svenske arbeidarar og andre opposisjonelle.

Sverige svarte på dei norske manøvrane med å oppheva mellomriksloven som straff. Det var til stor ulempe for norsk næringsliv, og næringslivets menn begynte å mista gløden for unionen. I motsetning til det tradisjonelle embetsmanns-Høgre som meinte at den viktigaste oppgåva i politikken var å bevara unionen.

Næringslivets menn både i Høgre og Venstre såg at det bar heilt galt av stad. Mens unionsspørsmåla totalt dominerte politikken, skjedde det store sosiale endringar i samfunnet som ikkje var til deira fordel.

CHRISTIAN MICHELSENS tid var inne. Hans prosjekt var ikkje primært å få oppløyst unionen med Sverige, men å få slutt på dei skarpe motsetningane mellom Høgre og Venstre slik at dei borgarlige og næringslivsvennlige kunne stå saman mot den veksande arbeidarrørsla og dei sosial-radikale delane av Venstre. Unionsspørsmålet var den viktigaste hindringa for å få til ein slik allianse. Derfor måtte unionen falla - ikkje av nasjonale grunnar, men for å legga grunnlaget for ein samlande, borgarlig politikk. Full nasjonal suverenitet kom ikkje på dagsorden før det politiske spelet blei fanga i sin eigen dynamikk.

REPUBLIKANISMEN var sterk i Norge i åra før 1905 etter all striden med «svenskekongen». Når det store folkefleirtalet og den prinsipielt republikanske eliten likevel gjekk inn for kongedømme i den nye staten, var det av taktiske grunnar. Det ville vera lettare å få aksept hos dei europeiske og monarkistiske stormaktene for eit lausrive Norge med konge enn med president. Men den danske prins Carl - med solide slektsband til europeiske kongehus, var faktisk ein folkevald konge.

DEN NASJONALE SAMLINGA gjekk snart over og Christian Michelsen gjekk av. I så måte var strategien hans mislykka. Det var den også for dei mest nasjonale og radikale som gjekk mot Karlstad-avtalen om demilitarisering langs grensa og nedriving av festningsverka. Det såg dei som ein nasjonal fornedrelse. Ein rensande krig hadde vore ein betre måte å starta den nye nasjonens liv på.

Då unionskonflikten var rydda av vegen på fredlig vis, kunne «den nye arbeidsdagen» begynna.

UNIONSOPPLØYSINGA kan minna oss om kor viktige symbola er i politikken; av og til viktigare enn innhaldet. Den kan også minna oss om at politikk slett ikkje alltid handlar om det den gir seg ut for. Det kan ligga andre interesser bak. Politiske resultat kjem noen gonger som side-effektar. Unionen kom i spel fordi Venstre hadde bruk for ei samlande sak. Unionen fall for at borgarskapet skulle kunna samla seg mot den farlige, sosiale radikalismen.

Den norske unions-nasjonalismen var relativt fredlig - i motsetning til den krigarhistoriske og storsnuta svenske utgåva. Den norske nasjonalismen hadde ikkje ekspansjonsplanar utetter, bortsett frå i folketome og isfylte polarstrøk. Men innanlands skulle samane fornorskast og kvenane passast på som «den finske faren».

Og dette: Union har fått eit ufortent dårlig rykte i Norge. Ihuga EU-tilhengarar meiner stadig at dersom EU ikkje hadde heitt union, så hadde Norge vore medlem.