

BREDBÅND
Ute etter rimelig og kjapt bredbånd?
Sjekk start.no/
bredband
| Emneord: | LITTERATUR HOMOFILI |
| Dato: | 10. september 2007 |
| Tittel: | Hundre års tosomhet |
| Ingress: | 9. september var det 100 år sidan Alice B. Toklas møtte Gertrude Stein og høyrde klokker kime. Klokkene høyrde Alice i hovudet sitt, og det skjedde berre når ho møtte eit geni. |
| Byline: | Brit Bildøen |
| Brødtekst: | T retti år gammal kom Alice Babette Toklas frå San Francisco for å bu i Paris saman med ei venninne. Ho var tynn og mørk med ein heilt tydeleg bart, likte å gå med store smykke, stelte neglene sine kvar dag og kunne lese og strikke samtidig. Allereie første dagen blei ho introdusert for andre amerikanarar i byen, deriblant Gertrude Stein. Det var då Alice høyrde klokkeklang i hovudet, noko som skjedde berre tre gonger i livet hennar (den andre gongen var då ho møtte Picasso). Ho opplevde den nokså bastante Gertrude som eit gyllent, vakkert vesen med mjuk fløyelsstemme. Det positive inntrykket var gjensidig, for Gertrude inviterte Alice på ein spasertur neste dag. Etter denne spaserturen skilde dei aldri lag, ikkje før Gertrude døydde nesten førti år seinare. SVÆRT MANGE KUNSTNARAR kom til Paris på denne tida, fordi det var ein billig stad å leve. Især var det mange amerikanarar som slo seg ned der, og Gertrude Stein meinte at det var fordi amerikanarar ikkje kunne bli kunstnarar heime, berre tannlegar. Frå 1904 levde ho saman med broren Leo i Rue de Fleurus. Dei var begge interesserte i kunst, og hadde ei stor samling bilde av mellom andre Cézanne, Matisse og Picasso. Mange kunstnarar var også flittige gjester i heimen deira. Når dei arrangerte middagsselskap, noko dei gjorde svært ofte, var Gertrude og Leo nøye med å plassere gjestene slik at dei såg rett på sine eigne maleri. Etter kvart gjekk smaken til dei to søskena i forskjellig retning. Gertrude begynte å interessere seg for dei nye retningane i kunsten, som kubismen. Ho hadde også forfattarambisjonar, som broren gjorde sitt beste for å bryte ned. Leo var overbevist om at det var han som var geniet i familien, medan Gertrude hadde mistanke om at det stilte seg annleis. Noko ho fekk stadfesta då Alice dukka opp og høyrde klokker kime! Gertrude klarte å oppnå sin ambisjon om å bli historisk. Med ein forbløffande produksjon på om lag 600 verk, inkludert dikt, romanar, skodespel og librettoar, ser vi henne i dag som ein av formødrene til modernismen. Ho var nyskapande, kanskje den dristigaste av alle, men alvoret i å vere ein skrivande fekk aldri overskygge den barnslege gleda ved å skrive. Gertrude Stein slutta aldri å leike, og dette overskotet har forplanta seg i tid og rom. I Norge meiner eg at vi kan finne arven etter Stein hos så forskjellige forfattarar som Jon Fosse og Gro Dahle. SOMMAREN 1908 REISTE Gertrude og Alice til Italia på ferie saman med Leo og fleire andre venner. Dei to gjekk lange turar under brennande sol, og på ein fjelltopp fridde Gertrude til Alice. Overvelda av varmen og dei sterke kjenslene, gret Alice i fleire dagar, og reisefølgjet deira hevda at dei fann tretti våte lommetørkle kvar dag. Sjølv om dei inngjekk dette hemmelege «ekteskapet», tok det eit par år før Alice flytta inn hos Gertrude og Leo. Men ho gjorde seg raskt uunnverleg som sekretær og kokk og litterær muse og agent. Gertrude satsa meir og meir på skrivinga. Ho eksperimenterte med å overføre ideane frå kubismen til litteraturen, ved å bryte opp setningane og la ord finne saman i sin eigen logikk. Ho uttalte: «Eg liker kjensla av at ord gjer det dei ønskjer å gjere og det dei må gjere.» Leo irriterte vettet av seg, og flytta ut. Det var ikkje plass til to geni i Rue de Fleurus. Med Alice på plass der, utvikla det seg til å bli ein litterær salong. Sjølv om Gertrude hadde problem med å få gitt ut bøkene sine, så voks ryktet om hennar litterære talent og teft for «det nye». Den unge Hemingway, den unge Fitzgerald, den unge Eliot, alle var dei innom for å samtale med Gertrude. Alice si rolle blei utvida til også å vere dørvaktar. Ho passa på at Gertrude fekk ro til å skrive. Og ho starta den praksisen som Sylvia Beach har kalla «the cruelty against wives». Den gjekk ut på å sile ut kunstnarhustruene ved døra og ta dei med på kjøkkenet for å snakke om oppskrifter, slik at Gertrude fekk snakke om kunst med mennene i ro og fred. Det blei aldri gjort unntak, sjølv ikkje når hustruene også var kunstnarar. GERTRUDE JOBBA OM NATTA og sov halve dagen. Om morgonen skreiv Alice ut den ville handskrifta. Ho utvikla ein eigen Stein-teknikk på skrivemaskina, og sa at det var som å spele Bach. Ho meinte at ein ikkje kan vite kva eit bilde eller ein ting er før ein har tørka støv av det, og at ein ikkje kan vite kva ei bok er før ein har maskinskrive eller korrekturlese ho. Trass i dette nølte forlaga lenge med å gi ut noko av Gertrude Stein, av frykt for at folk skulle tru dei stilistiske krumspringa skuldast inkompetanse i forlaget. Når bøkene begynte å komme ut, var kritikken også til tider svært spydig. Først med Alice B. Toklas' selvbiografi fekk Stein ein lesarsuksess, fordi ho her etterlikna den tørrvittige stemma til Alice. Boka er altså skriven av Gertrude Stein, og handlar i stor grad om henne sjølv. For var det ein ting Gertrude og Alice var samde om, så var det at Gertrude Stein var den viktigaste personen i det tjuande hundreårets litteratur. «Sjølvbiografien» er også ein harselas over kunstnarmiljøet dei var ein del av, noko som førte til at Gertrude og Alice blei uvenner med omtrent alle dei kjente. Men då var dei lei av unge menn, og klar for å gi Gertrude den plass ho fortente. HARDT ARBEID OG LIVSNYTING var to sider av same sak for Gertrude og Alice. Dei kunne reise langt for å smake ein ny sort kake som det gjekk rykte om. Då Gertrude hadde slitt ut den gamle Forden, kjøpte ho ein ny. Under krigen hadde dei tenestegjort ved å frakte utstyr til feltsjukehus med bilen. Men sjølv då la dei turane opp etter Michelin-guiden, og fekk seg mangt eit herleg måltid undervegs. Alice gjorde vanlegvis alt det praktiske, men køyre bilen var det Gertrude som gjorde. Rollefordelinga mellom dei var ikkje like moderne som kunstsynet deira. Men dei fann ein perfekt symbiose. Gertrude spela berre på dei kvite tangentane på pianoet - og var så heldig at ho fann ei som kunne handtere dei svarte. Då Gertrude døydde av kreft i 1946, levde Alice vidare i tjue år til, med innstillinga: «Eg er ingenting anna enn minnet om henne». For å ta vare på minna, lét Alice seg overtale til å gi ut fleire memoarbøker, og ho miksa matoppskrifter med anekdotar frå livet med Gertrude i Alice B. Toklas kokebok. Kokeboka har nærast fått kultstatus, og kjem no ut for første gong på norsk. Den rikhaldige litteraturen som finst av og om desse to heilt spesielle damene, er ein fantastisk dokumentasjon over to liv og ein usedvanleg kjærleik. I tillegg gir dette stoffet oss ein inngang til ein viktig litterær epoke, og ei påminning om å feire livet. Brit Bildøen er forfatter. Dei to gjekk lange turar under brennande sol, og på ein fjelltopp fridde Gertrude til Alice. |
| Bildetekst: | PAR: Hardt arbeid og livsnyting var to sider av same sak for Gertrude Stein og Alice B. Toklas. Dei kunne reise langt for å smake ein ny sort kake som det gjekk rykte om. Foto: Corbis/Scanpix |
| Emneord: | LITTERATUR; HOMOFILI |
| Person: | Alice B. Toklas; Gertrude Stein |
| PDF: |
© 2008 DB Medialab
Dagbladet.no: Postadresse: Boks 1184 Sentrum, 0107 Oslo Besøksadresse: Langkaia 1, 0150 Oslo Tlf: 24 00 10 00. Tips oss
Ansvarlig redaktør: Anne Aasheim Redaktør Dagbladet.no: Morten Øverbye