Stjernestøv
Som Wergeland klager ikke Torvund under stjernene over lyse punkter i sitt liv.
hele saken

- Meny og dikt, takk
Torvund i alveland

INTERVJU
Korleis vart du forfattar?
- Det byrja tidleg. Eg las veldig mykje dikt då eg gjekk på ungdomsskulen og gymnaset og lytta til tekstane til songpoetane Donovan, Dylan og
Cohen. Norske poetar eg las var Rolf Jacobsen, Hans Børli, Einar Økland, Tor Obrestad osb., og etter kvart alt som kom ut og inn på biblioteket.
Der eg budde var ikkje moderne lyrikk så populært, heller ikkje på biblioteket på den tida, så eg fekk gå og kikka i kartongar fulle av
bøker som ikkje var pakka ut. Slik er det ikkje nå!
Eg byrja å skriva eventyr så snart eg kunne setja saman ein setning på papiret. Dikt hamra eg etter kvart ned på ein monstrum av ein stor svart
skrivemaskin då eg gjekk i sjette klasse og sette dei sirleg inn i ein svart ringperm. Mor og bror min fekk lesa dei. Etter kvart våga eg meg
frampå med eit dikt i skuleavisa på ungdomsskulen. Eit dikt om elevar og lærarar med ein veldig dyster tone. Eg har det ennå! Så vart det Stein Mehren-inspirerte ting i skuleavisa på Bryne gymnas, ein førstepris i ein landsomfattande festivalkonkurranse; «Diktarar i kjømda», dikt i Dagbladet og tidsskrift, før eg debuterte med den tynne diktsamlinga «Hendene i byen», på Noregs Boklag (i dag Det Norske Samlaget) 1977. Først då våga eg ta kontakt med
andre forfattarar. Men eg hadde heile tida god kontakt med bror min som var oppteken av biletkunst og vart bilethoggar. Me støtta og inspirerte kvarandre. Å haika rundt i Europa i ungdommen var ei viktig inspirasjonskjelde. Og det å venda attende til lyset på Jæren har vore
ei anna.
Kva er di største lesaroppleving?
- Eg har hatt så mange store leseopplevingar. Av dei tidlege hadde det stor verknad då eg las kinesiske dikt i omsetjing og japanske haiku. Det
er framleis noko av det som gjev meg mest. Dei første møta med forfattarar som Hamsun og noveller av Vesaas var dirrande saker.
«Hærverk» av Tom Kristensen var eit følgje på trikken ein periode i studietida. «Hundre års einsemd» av Garcia Lorca også. Elles minnest eg
«Jeg tilstår at jeg har levet» av Pablo Neruda. «Odin House» av Robert Bly og møte med poesien til finnen Pentti Saarikoski var også
avgjerande. Men eg likar ikkje å rope ut vinnarar når det gjeld opplevingar. Det som er stort er at ein kan ha så mange store leseopplevingar at gleda over litteraturen aldri tek slutt. Og dei store leseopplevingane er alltid størst etter tur, medan ein les nett den boka.
Har du litterære forebilete?
- Det måtte i så fall vera dei gode poetiske uttrykkja og dei gode linjer og dikt som gjer sterkast inntrykk på meg. Difor har eg mange eller ingen andre enn poesien sjølv.
Korleis likar du å jobbe?
- Eg har jobba saman med fotografar og komponistar, bilethoggarar og
grafikarar, men aller best likar eg å jobba slik at eg er heilt aleine med noko inne i meg som vil uttrykkjast og kjem fram av seg sjølv fordi eg har tid til å venta på det og lytta til det.
Men andre ord så likar eg å leva slik at poesien vert ein del av kvardagen, at eg har stille nok i meg og nok av den type overskot som skal til for å gje frå seg noko som betyr noko.
(Dagbladet.no 19.02.03)
|
|
|
Navn:
Helge Torvund
Født:
1951 på Jæren
Bosted:
Sirevåg
Yrke:
Psykolog og lyriker
Bakgrunn:
Debuterte i 1977 med diktsamlingen «Hendene i byen», og har også gjendiktet amerikansk lyrikk.
Torvund er også diktlærer i Diktkammeret på Dagbladet.no.
Priser:
Samlagsprisen 1996
Nynorsk litteraturpris 1990
Hartvig Kirans Minnepris 1982
|
Bibliografi:
Trur du på lyng (dikt) 2003
Blått sug (dikt, med malerier av Lars Hertervig) 2002
Ventar i vinden (dikt, med fotografier av Ingvar Moi) 2000
Kitty K. (dikt) 2000
Inntil vidare ventar me her (dikt) 1998
Bare eitt spørsmål til (dikt) 1997
Umerkeleg, merkeleg (dikt) 1996
Salt (dikt) 1994
Avstanden er eit vipeskrik (dikt) 1992
Til fots i mitt namn (dikt) 1990
Den monotone triumf (dikt) 1989
Brødfanten og andre skabelonar
(barnedikt) 1988
Arm i arm med natta (dikt) 1987
Multippel møter Morfus med sølvfløyta
(barnebok) 1987
På terskelen til morgonhuset
(dikt) 1986
Multippel og Dama med himmelhatten
(barnebok) 1986
Håplaust forelska i sitt eige skjelett (essay) 1995
Syv stemmer i tiden.
Hartvig Kirans minneprisvinnere 1978-1983. 1984
Han skil dagen
(dikt) 1984
Lyssmeden (dikt) 1983
Menneskerom (dikt) 1982
Mennesketing (dikt) 1981
Mennesketimar (dikt) 1980
Taxameter og puls (dikt) 1979
Til dine auge (dikt) 1978
Hendene i byen (dikte) 1977
|
|