I samanheng med at Cathrine Grøndahl har gitt ut diktsamlinga med den vakre tittelen "Jeg satte mitt håp til verden", som handlar om å det å føda barn og det å vera nybakte foreldre, har det igjen og igjen vorte påpeika at dette er eit oppsiktsvekkjande lite dekka område i diktinga. Påstanden har vorte lansert i Dag og Tid, på NRK , i Aftenposten og i Klassekampen. Det er jo litt avslørande, nå når det nett har vore 8. mars, kor kjønnssnevert dei tenkjer om dette å ha småbarn, dei som har skrive og uttalt seg om dette. Ein nemnar Halldis Moren Vesaas, Marie Takvam, Anne Karin Torheim og Gro Dahle, men ikkje eit ord om dei dikta Tor Obrestad har skrive om fødsel og småbarn. 
Tor Obrestad har skrive vakkert om fødsel.
Les "Nå er du her, min mørke song" i "
Misteltein" (1987)! Det er eit vidunderleg dikt heilt tett innpå opplevinga i fødestova. Her er litt frå slutten av diktet:
Navlestrengen klypt i to.
Maskinens himmellyd er borte. Han er her.
Rommet gyngar og eg held i sengekarmen.
Barnet får ein dunk i ryggen og skriket
åpnar rommet, eit sprøtt signal om liv.
Vi gret, vi ler, du har ein duft av honning
i din kvite smil, du åpnar famnen.
Ein liten bylt blir lagt til kroppen,
Skriket stoggar, rommet roar seg.
Dagen funklar gjennomskinleg over oss som nåden.
Eg hugsar at du etterpå sa til meg: kjenn, her,
Kjenn dette. Og tok på meg med fingeren.
Det var det feittet som beskytter barnets hud.
Eg kjende at vi begge var blitt salva.
Og kva med desse linjene hans dikt om å ha småbarn i huset, frå same boka:
Når barna brukar romma kring i husets univers,
Då spiler det med fjørene som ein hane. Det er så stolt!
Og blir eit karneval av skarpe lydar, lått og fargar,
Mjuke føter tipp tapp trapper, tregolv, tepper.
I samlinga
"Stå saman!" frå 1974 har Obrestad fleire fine dikt om spedbarn.
Eit av dei byrjar dramatisk og gjenkjenneleg slik:
Midt på natta vaknar mannen og høyrer ingenting
Han vekker mora: "Høyrer du noko?"
Det er heilt stilt
Har gutten slutta puste?
Uroa driv han over golvet
Gjennom rommet
Han bøyer seg over vogga
Og eit langt og vakkert dikt i fire delar i denne boka har den fantastiske tittelen: "Pusten frå spedbarnet fyller rommet med lyd kraftigare enn den sterkaste storm."
Og ja, det er nok sant, det. Det har ikkje vore skrive mykje poesi om dette. Men ein gjer ei svært einsidig lesing i og med at ein bare leiter hjå kvinnelege forfattarar. Ein treng ikkje, som Espen Stueland gjer i si bokmelding i Klassekampen den 28.2, gå attende til 1700-talets Lawrence Sterne eller til Nicolai Wergeland for å finna døme på dikting om dette. Sjølv er eg ein mannleg poet som har skrive dikt etter dikt om svangerskap, det å ha små barn, og det å vera far til fem, både ute og inne, i dialog, observasjon, om morgon, om dag og om natta. Eg registrerer at det me menn har skrive omd ette av ein eller annan grunn ikkje vert rekna med, og eg stusser på dette. Men ein får jo bare prøva å læra av det. Er det altså slik det er å verta oversett på grunn av kjønn? Men det er jo ganske rart at Gro Dahle kan påstå i Dag og Tid (6.3.09) omkring dette med dikt om fødsel og småbarn, at "det som finst i mannesfæren er per definisjon litterært og kulturelt interessant. Det som finst i kvinnesfæren er per definisjon uinteressant, farleg, utfordrande, provoserande og ekkelt." Korleis meiner då ho at Obrestad sine og mine dikt om småbarn, svangerskap og fødslar skal oppfattast? Som interessante eller uinteressante? Som så utfordrande, farlege og ekle at ho ikkje ein gong vil nemna dei?I boka "Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200 – 2000" av Ivar Havnvik på PAX, vert noko omkring denne teamtikken teke opp i kapittelet "Linjer og krysskoplinger 1965 – 2000. Eg siterer: "Betydningen av hjemmets verdier – inklusive problemer – var et sentralt motivfelt for de norske dikterne i den store tradisjonen." Etter å ha nemnt Bjørnson og Ibsen, skriv Havnevik: "Så fikk Arnulf Øverland dominere feltet inntil de kvinnelige lyrikerne overtok det: Halldis Moren Vesaas og Marie Takvam. Blant mannlige samtidspoeter er det bare én som har markert sin tilhørighet til denne tradisjonslinjen, og det er Helge Torvund, som på mange måter fører den opprinnelige, maskuline linjen sammen med den feminine i en familietotalitet, der poeten er far til døtre og mann for en kvinne og erkjenner tilværelsen ut fra denne posisjonen."Eg kan her og peika på ei spesiell bok som i årevis har vore prenta i langt større opplag enn dei fleste diktsamlingar her i landet. Ho kjem ut i eit opplag på kring 70 000. I året! Denne boka har i mange år nå hatt tolv heilsider med mine dikt om svangerskap, fødslar og det å vera småbarnsforeldre. Boka kjem ut på forlaget Sandvik A/S, heiter "Svangerskapsboken" og blir delt ut gratis til dei aller fleste gravide her i landet. Avtalen min med forlaget har nyleg gått ut, og den siste utgåva inneheld difor ikkje desse dikta, men forlaget er ikkje avvisande til å fornya avtalen.
Svangerskapsboken frå Sandvik AS.
Opplag 70 000.
Men seriøse lyrikarar og lyrikkmeldarar, kulturjournalistar og litteraturhistoriakarar som har uttala seg om dette, vil kanskje ikkje ta i ei bok som er utgjeven på reklamebasert måte? Mange nybakte mødrer og fedrar har likevel lese boka, for eg har fått mange fine tilbakemeldingar frå folk som ikkje vanlegvis les så mykje dikt. Og dersom ein har sterk aversjon mot ei slik bok, så finn ein uansett dei aller fleste av dikta i diktsamlingane mine. Dei er henta frå "På terskelen til morgonhuset", "Arm i arm med natta", "I vatn, i lys" (der tittelen spelar nettopp på overgangen frå fostervatn til dagslyset!) og "Den monotone triumf", som alle er komne ut på Gyldendal og Samlaget. Bare diktet "Den baktalte" (s. 24 i "Svangerskapsboken" i delen til far, er laga spesielt for denne publikasjonen.
Som far til fem døtrer har dette vore eit naturleg tema i mange av mine dikt, og den som leiter vil finna ganske mange fleire dikt enn desse i samlingane mine. Dette tyder sjølvsagt ikkje at det er skrive nok om dette. Heller ikkje at ein ikkje kan finne fleire dikt om temaet hjå andre poetar òg, om ein leiter litt. Men eg finn meg ikkje i å verta oversett bare fordi eg er mann!
Eg vil nedanfor gje att nokre av dei aktuelle dikta:
--

Arm i arm med natta. Samlaget 1987
Lyset på yta
av den mjuke skallen
Den harde vinden
som ventar
Kjærleikens venger
i lungene
--
Kjærleiken er ei hand
med to bryst
Ho rører seg i mørkret
i ein ange
av melk
--
Ho held barnekinnet
inne i ei hand av dun
den mjukne som veks
på erfaringas hud
Dette er kvile
Dette er døgeret ditt
På ei hinne
Spirer
Syn av andlet
Kjærleikens mor
--
Ho rettar ryggen
inne i dagen
Barnet har kvsikra ho
noko muntert
i magen
--
For hans høgre øyra: natthav
For hans venstre øyra: barnepust
Imellom ligg han strak
inne i ein mørk koloss
Frå dette punkt i huset
skal hans kjærleik flyga
--
Han ser på klokka
av stål over huda
Ho mater barnet
steinaldermjukt
(Frå "Arm i arm med natta", Samlaget, 1987
)Diktsamlinga
"Bare eitt spørsmål til", Samlaget, (1997) opnar med desse linjene:
Den minste jenta vekte meg
Klokka lyser 0300
Eg står opp med ho
Lagar ein stor kopp cafe au lait
Eg sit med ho i lenestolen
Ho sovnar på magen min
Valpelukt og runde kinn
Eg tenkjer nattankar
Annleis tankar
Utstrekte, drastiske
Den vesle varmt pustande tyngda
på brystkassa
Open sovande munn
Eg er open og tom mot morgonen
som beveger seg inn
gjennom vindauget
som eit dovendyrspøkelse
Under døs og aningar
kan eg kjenna ei avgjersle
stiga i meg
eller med dagen
--
Og i denne samlinga er mange av dikta baserte på samtalar med døtrene mine. Slik som dette:
Eg sit i stolen min
og les. Mørk stor rute
Ho kjem tassande inn
med flanellsmjuk
sengevarme kring seg
Set seg i sofaen
med store auge
Eg seier ingenting
men viser venting
"Det er bare ein ting
eg må spørja om"
seier ho
"Kvifor finst det
stolar, bord,
tre, vegar
og folk?"
Følgjande er tekne frå
"Den monotone triumf", Samlaget (1989)
EIN FOR I MORGON
Skyene filtrerer sollys
Innover trebordet
Knausar knausar
geologiske kjærteikn
over din
dag
For at det ikkje skal
slutta her
mellom knausar
av sekund
ligg eit par nye auge
og ventar under di hud
--
EIT STERKARE MØRKER
Eg sit heilt stille
i det mørke huset
Huset står heilt stille
på den mørke delen av kloden
Du søv i varm lukt
med din klode
av dobbelt liv
under dyna
Eg sig heilt stille
ned
til eit sterkare mørker
og vert
små sjelegram
tyngre
Eg sluttar av denne gjennomgangen med eit par sitat frå samlinga
"På terskelen til morgonhuset", Gyldendal, (1986) og diktmappa
"I vatn, i lys" (Hå kommune, 1988).
Problemet med desse dikta er at dei bare kan nytast fullt ut i sitt grafiske oppsett. Eg har ikkje tiltru nok til det tekniske her på bloggen til å prøva å setja dei opp korrekt. Men tematikken kjem fint gjennom likevel:
Aprilfuglen
rører ved mitt øyra
Du søv på sofaen
med eit heilt barn
innanfor
huda
Snart vil eg sykla ut
på vegane
for å kjøpe
melk og mat
Og der i vinden
vil eg tenkja
på barnet
i vatnet
Der eg syklar
over soltørka sandstøv
vil eg helsa
på aprilsola
på Jæren
Ein fast gammal neve
--
Lyset svinger
sine skuggar
gjennom dagen
Ei grein
i hekken
er omgjeven
av tid
Glimt
av vinter
blinkar
i singelen
Du står
i lukt av te
innanfor
glaset
I cello
kroppen
veks
ein fiolin
November går
i sirkel
om vårt hus
med kvasse
konsonantar
og vokalar
av vind
Du står
i romet
og er
romet
der ein
spinkel ryggstreng
sakte bretter ut si tid
--
VAKEN I VATN
Ho søv
men
den
vesle
i magen
hennar
er
vaken
under
handa hans
Snart
vil hans
sovepust
bølgja inn
ved sida
av hennar
og ei stund
vil den ufødde
vaka aleine
medan regnet fell
der uta
bakom ryggtavla hans
--
VIDARE
Rygg
søyla
sin sving
Den store
dansen
er i gang
Vridinga på
kroppen
når fosteret
si skulder
presser
seg
ut
Den store
dansen
som svingar vidare
og vidare gjennom regn og hav
morgonbad
ein kropp
i dans
i vatn
i luft
i lys