DEBATT

Fattig i verdas rikaste land

Noreg er eit av dei rikaste, tryggaste og friskaste landa i verda. Vi har kanskje verdas beste velferdsstat. Likevel veks 78.200 norske born opp i fattigdom.

FATTIGDOM: Skal vi klare å gje meir til dei som treng det aller mest, bør vi difor vurdere å gje mindre til dei som ikkje treng det, skriv Skei Grande. Foto: Jan Haas / NTB / Scanpix
FATTIGDOM: Skal vi klare å gje meir til dei som treng det aller mest, bør vi difor vurdere å gje mindre til dei som ikkje treng det, skriv Skei Grande. Foto: Jan Haas / NTB / Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Å vere fattig i Noreg medfører ikkje å leve i botnlaus elende, utan tilgong til mat eller friskt vatn. Med nokre få unnatak, hovudsakleg  rusavhengige og heimlause, har også dei fattige i Noreg ein materiell levestandard som er betre enn dei fleste her i verda.  

Dei fattige borna vi her snakkar om veks gjerne opp utan høve til å gå i bursdagen til medelevar, fordi ein ikkje har råd til gåve. Utan høve til å feire sin eigen bursdag, fordi ein skammar seg over korleis det ser ut heime. Utan høve til å svare på spørsmål om kva ein har gjort i sommarferien, fordi ein ikkje har noko godt svar.   At desse borna kanskje har mat i kjøleskåpet og varme i leilegheita, gjer ikkje fattigdomsproblemet noko mindre reelt. Tvert imot har det gått alt for mange år utan politisk handlekraft på dette feltet, noko som også har resultert i at talet på fattige born har auka. Venstre vil gje desse borna prioritet når slaget om statsbudsjettet skal stå i haust.  

Arbeidsmarknaden er og blir den viktigaste arenaen for fordeling av inntekter og vern mot fattigdom. Arbeid til foreldra er difor det viktigaste tiltaket for å lyfte barn ut av fattigdom. Vi må senke terskelen for å kome inn i arbeidslivet og leggje til rette for at fleire kan kome i jobb. Framlegga til endringar i arbeidsmiljølova er eit godt steg på rett veg.  

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer