DEBATT

Vi må snakke om Christian

Grunnplottet i Fifty Shades of Grey er det lett å kjenne seg igjen i for alle som lever med ein valdeleg, kontrollerande eller misbrukande partner.

Må snakkes om: Hovudingrediensen i BDSM er gjensidig samtykke, og det eksisterer ikkje i desse bøkene. Folk må sjølvsagt få lov til å lese kva dei vil. Men når ein så psykopatisk karakter blir så idolisert som dette, er vi heilt nøydt til å snakke om det, skriv Solstrand. Snart kjem filmen, med Jamie Dornan som Christian.    Foto: Jesse Grant/Getty Images for NBCUniversal/AFP
Må snakkes om: Hovudingrediensen i BDSM er gjensidig samtykke, og det eksisterer ikkje i desse bøkene. Folk må sjølvsagt få lov til å lese kva dei vil. Men når ein så psykopatisk karakter blir så idolisert som dette, er vi heilt nøydt til å snakke om det, skriv Solstrand. Snart kjem filmen, med Jamie Dornan som Christian. Foto: Jesse Grant/Getty Images for NBCUniversal/AFP Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Sjå for deg at du møter ein mann i ein profesjonell samanheng. Du kjenner ikkje han, han kjenner ikkje deg. Du er der berre for å gjera ein jobb, så du opptrer så profesjonelt du berre kan. Han seier det ikkje høgt, men han irriterer seg over deg, han bestemmer seg for å prøve å gjera deg så ukomfortabel som overhovudet mogleg, og han tenker at han må anstrenge seg for å ikkje dra deg ut av stolen din, banke deg opp og voldta deg.

Sjå for deg at det augeblikket du forlèt bygningen, tar han kontakt med sin personlege privatdetektiv for å få gjort ein bakgrunnssjekk på deg — kriminell bakgrunn, adresse, telefonnummer, kontobalanse, karakterutskrift og informasjon om familien din. Han klarer ikkje å slutte å tenkja på deg, så han oppsøker arbeidsplassen din — for dømets skuld ein arbeidsplass som ligg i ein annan delstat — og latar som om han tilfeldigvis var i nabolaget og berre skulle handle nokre ting. I røynda er målet hans å gjera deg så ukomfortabel som overhovudet mogleg.

Sjå for deg at du er ute på ein bar saman med eit par av dine næraste vener. Du har drukke meir enn du er vant til, og du er sint, fordi denne mannen, som du lét deg lokke til å gå på ein date med, først forsvann ut av livet ditt, for så å plutseleg ut av det blå sende ei gåve heim til deg — ei gåve som er verdt over hundre tusen kroner. Du er litt full, så du ringer han for å skjelle han ut etter noter. Reaksjonen hans? Han bruker ulovleg teknologi til å spore telefonen din for å finne ut kvar du er, og kjem til baren for å plukke deg opp. Du er på dette tidspunktet så full at du nesten ikkje kan stå på beina, og han veit sannsynlegvis at det han burde ha gjort her var å snakke med bestevenninna di, som du bur saman med, og hjelpe henne med å få deg heim. I staden for tar han deg med til hotellrommet sitt, der han medan du er medvitslaus kler av deg og legg deg i si eiga seng. Sjå for deg at du har falt for han (sånt kan skje den beste), og at han avslører at han ikkje er interessert i rein kjærleik, at det einaste forholdet han kan vera i er eit dominant/submissiv-forhold, at han får deg til å skrive under på ei tausheitserklæring som er så generell at du ikkje kan snakke om noko som helst som har med forholdet dykkar å gjera med din beste ven eingong, og at han ber deg om å skrive under på ein slavekontrakt som han diskret let vera å fortelja deg at ikkje er juridisk bindande. For dømets skuld, sjå for deg at du er jomfru og veit absolutt ingenting om sex på dette tidspunktet. Du er heller ikkje på nokon måte interessert i BDSM, men det er ikkje så viktig for han.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer