ER DET VIKTIG  å ta vare på det språklege mangfaldet vi har i den språkdelte norske kulturen eller er det greitt å kvitte seg med nynorsken?  Foto: Dagbladet
ER DET VIKTIG å ta vare på det språklege mangfaldet vi har i den språkdelte norske kulturen eller er det greitt å kvitte seg med nynorsken? Foto: DagbladetVis mer

Det språklege mangfaldet

For å bevare det minst brukte språket, nynorsk, som eit fullverdig alternativ for folk som bur i Noreg, trengst ein aktiv språkpolitikk.

Meninger

Trond Vernegg, formann i Riksmålsforbundet, kommenterer vårens språkdebatt der «det skrives om sidemål, vei- og gårdsnavn, målloven og mye annet» . Han har eit par gode poeng, men omtalar ikkje det saka eigentleg gjeld.

Først, det vi er samde om: Både nynorsk og bokmål er norsk, og begge målformene er «like norske». Dette er hovudpoenget til Vernegg. Han har også eit poeng når han meiner det er viktigare å diskutere den faktiske målbruken i 2015 enn det historiske opphavet til dei to målformene nynorsk og bokmål/riksmål. Det er ei avsporing inn i skyttargravene.

Det Vernegg ikkje kommenterer, men som bør vere hovudsaka når temaet er norsk språkpolitikk, er kva som må til for å ta vare på begge variantane av norsk. Grunnlaget er rimeleg klart. Det er framleis brei politisk semje om at bokmål og nynorsk skal halde fram med å vere «fullt utbygde, samfunnsbærende skriftspråk», slik det m.a. står i stortingsmeldinga På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen frå 2013. Dette er også heilt i samsvar med tidlegare stortingsmeldingar om språk, t.d. Språk bygger broer og Mål og meining, begge frå 2008.

For å bevare det minst brukte språket nynorsk som eit fullverdig alternativ for folk som bur i Noreg, trengst ein aktiv språkpolitikk. Ein må ha politikarar og samfunnsdebattantar som er opptekne av det overordna perspektivet. Er det viktig å ta vare på det språklege mangfaldet vi har i den språkdelte norske kulturen eller er det greitt å kvitte seg med nynorsken? Skal vi ha lover og forskrifter som tar vare på mindretalet sine interesser eller skal vi la fleirtalet og marknadskreftene råde fritt i språkutviklinga?

Det er i dette perspektivet ein må diskutere «sidemål, vei- og gårdsnavn, målloven og mye annet». Eventuelle endringar i sidemålsordninga eller mållova vedkjem ikkje berre den einskilde skuleeleven eller offentleg tilsette saksbehandlaren. Det får også konsekvensar for korleis alle variantane av norsk språk utviklar seg i åra framover.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook