Vis mer

Kan vi ete olje?

Fallet i oljepris har sett snikprivatiseringa av retten til å fiske i Noreg i endå grellare kontrast enn før.

Meninger

Marinbiolog Henning Røed er ikkje økonom. Men han har jobba for Miljøverndepartementet, og han har sett med undring på at ingen har «fått til» å vurdere kor mykje fisken som plaskar rundt utanfor Noregs ubegripeleg lange kyst er verd. Hans einaste forklaring: At nokon med makt ikkje var interesserte i å setje tal på verdien av den norske fisken.

I ein sånn kontekst er det greitt å leite fram det som sikkert var slagordet til alle romerske privatdetektivar: Qui bono? Kven vil ha noko å vinne på dette?

Vel, dei som eig fiskekvotene har noko å vinne på det. Det er alltid greitt å halde det litt tåkete kva rikdommen din er verd. Dei alle fleste ultrarikingar vil helst at ein skal tenkje dei er verd mindre enn dei er. Unntaket er her Donald Trump, som har klaga til Forbes over at han er for lavt på riking-lista deira. Men elles er milliardærar og andre rikingar mest interesserte i å framstå som normale.

 Så også karane som eig fiskekvotene i norsk hav. Dei vil helst ikkje gi kvotene tilbake til staten etter 25 år, slik avtalen er. Så klart dei ikkje vil det, når det finst politiske parti som seier dei kan få behalde kvotene for alltid.

Fiskarlaget er fan av dette. Dei seier som så at moderne fiske krevjer store investeringer i utstyr for å kunne konkurrere internasjonalt. Og at dei store fiskebaronane som eig dei fleste av fiskekvotene no, må vere så store for å drive effektivt. Motstandarane, Henning Røed og Kystfiskarlaget, kallar det «evige kvoter», og «gi bort norske fiskeressursar».

Ein kan ane at Kystfiskarlaget har ein annan type medlemsmasse enn Fiskarlaget, og ganske korrekt. Sjekkar ein wikipedia, står det at Kystfiskarlaget oppsto i 1987, som ein konsekvens av at havfiskeflåten (som har meir avansert utstyr) fekk meir og meir makt i Fiskarlaget. Den makta har neppe minka sidan 1987.

Fiskarlaget forsvarer kvotesalget med at ingenting er evig, og at begrepet evig er belastande (for dei som skal eige fiskekvotene for evig, då, vil eg tru). Dei vil heller bruke ord som «stabile, langsiktige kvoter» og «sikre rettigheter». Avanserte fiskebåtar er dyre investeringar, så dei har jo eit poeng. Men når bukken argumenterer intenst for at den bør få lov å passe havresekken, bør vi faktisk først avklare kva havresekken er verd. 

Lik Dagbladet Meninger på Facebook