Likevel vel eg å prate om det. Eg har nemleg store problem med å forstå — og endå større problem med å forsvara — at vi i 2016 skal tillate at små gutungar blir utsette for eit irreversibelt inngrep i religionsfriheitas namn. (Religionsfriheita til foreldra, vel og merke.)
Det er ikkje snakk om å fjerne ein øyreflipp. Det er for så vidt forbode. Men det er snakk om å fjerne ein følsam del av eit friskt kjønnsorgan på små ungar som ikkje på nokon måte kan nekte.
Denne delen har ein funksjon, og når delen er borte, er han borte for alltid. Vel, eg har høyrt om karar som prøver å få hjelp til rekonstruksjon av forhuda i USA, men det er ikkje mogleg å få det til som det ville ha vore utan inngrepet.
I tillegg inneber inngrepet ein risiko for komplikasjonar, alt frå at det går vondt i såret (det er gjerne bleieungar det er snakk om) til dødsfall. Heldigvis er det ikkje mange prosent som døyr som følgje av omskjering, men i himmelens namn (uttrykket er valt med vilje): kan vi forsvara at ein einaste unge døyr som følgje av eit rituelt inngrep som ikkje er medisinsk nødvendig?
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger