UTI VÅR MAGE: Facebook, redaktøransvar, Donald Trump og Brexit. Den som les seg gjennom dei 1218 kommentarane under magebiletet til Caroline Berg Eriksen kan fort sjå store samanhengar. Foto: NTB Scanpix.
UTI VÅR MAGE: Facebook, redaktøransvar, Donald Trump og Brexit. Den som les seg gjennom dei 1218 kommentarane under magebiletet til Caroline Berg Eriksen kan fort sjå store samanhengar. Foto: NTB Scanpix.Vis mer

Heile verdas navle

Bryr vi oss for lite om magen til Fotballfrue?

MIN FEED: Den forstyrrande linja som går frå Donald Trump til ein flat mage i Telemark.

Eg har forska denne veka, eg har undersøkt kva ein flat mage betyr i 2016. Det betyr opprør, fridom, anarkisme og motstand. Det er 18.400 tomlar i været, 1200 kommentarar, heite emoji-flammer og støttande handflatar i været.

Det handlar naturligvis om den flate magen til bloggaren Caroline Berg Eriksen. Førre veke fotograferte ho seg sjølv i undertøyet. Det var fire dagar etter ho hadde født. Magen var like flat og muskelstripete som før ho vart gravid. Ho nytta anledninga til å slå eit slag for at alle var forskjellige. Alle nybakte mødre har grunn til å vere stolte av seg sjølve, uansett korleis dei ser ut.

For tre år sidan tok ho også ein slik selfie i spegelen, rett etter fødsel. På Instagram kunne ein sjå at kroppen var oppsiktsvekkande veltrent, babymagen var flat og muskuløs. Slik såg ho ut. Slik ser dei færraste ut etter fødsel. Verda stod i kø for å fortelje om nettopp dette. Magen til Caroline Berg Eriksen var ikkje representativ! Profilerte kjendiskvinner drog opp genserane for å vise sine runde magar. Debatten om post partum-kroppen dominerte flatene, og involverte alt frå lege Gro Nylander til bloggar Suzanne Aabel og gjekk frå VG til Minerva og enda i talkshowet Good morning, America. Berg Eriksen skreiv til slutt på Facebook at ho ikkje ville publisert det biletet ein gong til, men poenget hennar kom jo fram. Uansett kva ho gjorde vart det feil.

Så gjorde ho det igjen i førre veke. For å vise at alle kropper er ok. «Here we go again», skreiv lesarane , men tok feil. Ingenting skjedde. Tabloidane nøyde seg med ein registrerande sak kvar. Kronikkane har glimra med sitt fråvær, kjendiskvinnene har hatt genseren på. Nyhetverdien i ein flat mage er vekk. Folk som ikkje bryr seg om flate magar kan tenke at dette er eit stort skritt framover. Så flott at ingen bryr seg! Problemet er berre at folk gjer nettopp det. Dei bryr seg.

På heimebane fortsett festen uforstyrra. Eg har lese meg gjennom dei 1200 første kommentarane til undertøysbiletet på Instagram. Hyllesten er unison. 75 prosent av kommentarane er støttande, 11 prosent nøytrale og 13 prosent negative. Det er først og fremst opprøraren som vert hylla, lesarane elskar at ho trassar jantelova og publiserer biletet sjølv om ho fekk kjeft sist. Det er knytta hender og kamprop i kommentarfeltet. Tankane går mot Donald Trump og Brexit-rørsla. Å stå opp mot det etablerte er flott! At ein vågar! Då spelar det mindre rolle om opprørarane er like kapitalistiske/eliteutdanna/kroppsfokuserte som majoriteten dei vil vekk frå.

Blant dei 923 positive kommentarane var det også ein god dose triste innspel. Frå jenter som skreiv at ho var flink som trente og åt rett, dei ville også sjå slik ut. Som om gravidkroppen berre var eit spørsmål om disiplin. Kven har ansvaret for å svare desse? Caroline Berg Eriksen gjer ikkje det. Ho svarar heller ikkje dei få kritiske røystene i kommentarfeltet.

Desse kritiserer (stort sett) ikkje kroppen hennar, men sjølve publiseringa. Kvifor gjer ho det, korleis skal dette gjere kroppspresset mindre? Spørsmåla står utan svar. Dette er også tidsanda, så lenge du har trafikk treng du ikkje svare. Det er synd, for utan oppfølging fell dette «alle kropper er like fine»-utspelet på steingrunn. Med fare for å høyres ut som Espen Egil Hansen, dear Caroline Berg Eriksen. Kan du ikkje berre svare på spørsmåla? I verste fall gir det jo bare litt ekstra motstand. Det kan du jo bruke til din fordel i neste runde.