EIN EKTE CHALLENGE: Sjølv for proffe bloggarar kan det vere tøft å selje Farris med eigne ord. John Arne Riise gjorde eit hederlig forsøk, og endte som viral hit.  Foto: Christian Roth Christensen / Dagbladet
EIN EKTE CHALLENGE: Sjølv for proffe bloggarar kan det vere tøft å selje Farris med eigne ord. John Arne Riise gjorde eit hederlig forsøk, og endte som viral hit.  Foto: Christian Roth Christensen / DagbladetVis mer

Blogg for Farris, eigne ord og spenn:

Er blinde papegøyer den nye bloggannonsa?

MIN FEED: Kva skal me påverkas av når bloggannonsens magi tar slutt? Svaret finn me kanskje bakerst i ein gammal bestseljar. 

SPALTIST: Anne Gunn Halvorsen.
SPALTIST: Anne Gunn Halvorsen. Vis mer

Eit av mine favorittkapittel i denne verda er siste bolk av boka «Bølle på døra» (2012). Her gir forfattar Jennifer Egan ein fascinerande framtidsvisjon.Det handlar ikkje om rullande fortau, robotar eller klimakrise, men rett og slett om korleis ein driv marknadsføring. Den avdanka platemogulen Bennie Salazar bur i framtidas New York, og skal lansere ein ny artist. Han klarer å overtale den gamle hipsteren Alex til å trekke i trådane for å promotere debutkonserten. Egan lanserer her ei rekke uttrykk me gjerne kan adoptere. «Pekere» brukes om barn, ei uhyre viktig målgruppe. Dei peiker på barnetelefonane sine og bestemmer sjølv musikken dei liker. Alle som vil opp og fram må tilpasse seg barna. Sjølv den avdøde rapparen Biggie har her gitt ut ein barnevennleg remake av låta «Fuck you, Bitch», no under tittelen «Your Big, Chief».

Alex får i oppdrag å finne 50 «papegøyar», menneske som skal snakke varmt om konserten utan at nokon forstår at dei er betalt. Han lagar motvillig ei liste blant sine 15.896 venner, og ein nøytral tredjepart kontaktar dei. Ingen av vennene til Alex veit at han står bak. Han er slik «anonym kaptein» på eit «blindteam.» Alex har aldri gjort slikt før, og har mykje «EA» (etisk ambivalens). Han gjer det likevel, fortettinga av byen raserer prisen på leilegheita hans og han treng pengane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Strategien viser seg å vere ein suksess. Folk flokkar til konserten sjølv om ingen har høyrt ei note. «Han skal visst være skikkelig god live», seier sambuaren til ein av papegøyane i boka. Kona til Alex svarar: «Det har jeg også hørt, av åtte forskjellige mennesker, lissom». Ingen av dei to kvinnene veit at mennene deira arbeider med marknadsføring.

Førebels har me, så vidt eg veit, ingen blinde papegøyar blant oss. Det nærmaste me kjem er bloggarar, som får betalt for å fremme varer og bodskap med eigne ord. Forbrukerombudet har lagt ned eit målretta arbeid for å få desse papegøyane til å behalde synet, og bedt dei gjentatte gonger om å merke innlegga og vise kva som er betalt. Det gjer bloggarane i stor grad, men det er nye utfordringar i sikte. Det kan sjå ut som bloggannonsene er i ferd med å miste si unike standing. Denne type annonser skil seg frå dei du ser her i avisa ved at dei er forfatta med bloggarens eigne ord. Når Ringnes skal promotore Farris via blogg får skribentane berre ein kort brief om produktet og deretter frie hender til å utforme annonsa. Ein kan seie mykje fint om bloggarar, men dei er ikkje nødvendigvis nokon reklamefolk. Og det er ei vanskeleg oppgåve å utforme eit originalt bodskap når alle dine kollegaer er ute i same ærend.

Under fleire kampanjar har det no oppstått svært mange like innlegg, og mange av desse vert ufrivillig komiske i sin streben etter å gi det ein «personleg touch». John Arne Riise skapa mykje viral merksemd då han under tittelen «Ny livsstil» fortalte at han hadde valgt Farris «i forbindelse» med at han hadde lagt opp fotballen.

Bloggaren Anja Johansen fekk på si side kanskje litt for lite viral merksemd for sitt forsøk på å setje Farris i ein større samanheng ved å peike på at dei har hytte i Stavern, rett ved farris-byen Larvik.

«Det hele har bikket over i komedie» skreiv VG om Farris-kampanjen på kommentorplass, og hadde eit godt poeng. Ein annan kampanje som utløyste den same effekten var promoteringa av boka Calender Girl, der alle bloggarane endte med å fotografere seg lesande i den same boka, i nøyaktig same positur. Resultatet endte også her med ufrivillig komikk og ein bunke parodiar Denne einsrettinga gjer lesaren meir oppmerksam på kva som er ei annonse, kanskje endå meir enn at det står «annonse» øverst i kursiv. Profesjonaliseringa kan bidra til at leserane snart vil oppføre seg på same måte som når dei ser annonser i papiraviser. Dei hoppar over og les vidare.

Utviklinga tvinger seg vidare. Det er berre å begynne å lytte etter dei blinde papegøyane. Du høyrer dei nok før Forbrukarombodet gjer det