Pitch Perfect: Når 2000-talet har vist oss at unge drop-outs kan få teknologisk verdsherredømme er det lett å tru på fantastiske historiar. Her er Waleed Ahmed som fekk mykje skryt for si bedrift som til slutt viste seg å vere eit luftslott. FOTO: NTB Scanpix
Pitch Perfect: Når 2000-talet har vist oss at unge drop-outs kan få teknologisk verdsherredømme er det lett å tru på fantastiske historiar. Her er Waleed Ahmed som fekk mykje skryt for si bedrift som til slutt viste seg å vere eit luftslott. FOTO: NTB ScanpixVis mer

Hvordan kan man vite hvem som bygger luftslott?

Det finnes noen gode råd. 

MIN FEED: Ein gong vart eg kontakta av ein gründer med ei god historie. Ei fantastisk historie, den innehaldt miljøvern, teknologi og dessutan var han så ung. Tilbake på kontoret fann eg ingen tal på det han sa. Ikkje så rart, i og for seg. Businessen hans var for det meste i dei arabiske emirat, og eg er ikkje stø på Dubais brønnøysundregister. Eg la alt til sides. Grunna latskap, stress og usikkerhet slumpa eg til å ha eit stolt journalistisk augeblikk. Eg publiserte aldri saka om Waleed Ahmed, gründeren bak Grønt Norge. Selskapet viste seg kort stund etter å vere eit luftslott. Dei hadde ikkje produsert det dei hevda. Likevel hadde det hagla både pengestøtte og mediamerksemd over Ahmed. Historia var jo så god.

Simen Vatne (17) er ein annan som kan by på ei slik god historie. Berre tenåring og allereie seriegründer. På Instagram poserer han med LV-skjerf og bildører som peikar oppover. Han står bak Adsocial, eit selskap som skal kople Some-profilar med annonsørar. VG og NRK har skrive om rikdommmen hans, og Medier24 fulgte denne veka opp med fleire kritiske spørsmål om verdsettinga av selskapet. Kven eigde aksjane og når var det lansering? Dei fekk ikkje gode svar. Det er ikkje rettferdig å samanlikne Vatne med den straffedømte Ahmed. Vatne kan framleis vere den neste Steve Jobs, ungdommen som skal disrupte oss ut av oljeprisfall og skape verdiar herfrå til heimkommunen Meløy.

Artikkelen fortsetter under annonsen

La oss håpe det. Dei to unge mennene har likevel visse likskapstrekk. Dei er flinke til å iscenesette seg sjølve, og fortel ei historie me har ekstremt lyst til å tru på. Historia om den unge suksessrike gründer minner oss nemleg om andre gode historier. Dei om Steve Jobs, Mark Zuckerberg, Evan Spiegel.

Journalistar og investorar har mykje til felles. Me vil gjerne vere dei første til å finne den gode historia om det eineståande prosjektet, og me er begge avhengige av at det ikkje er luftslott. Det kan vere krevande å finne ut av. Heldigvis fins det råd. I Start Up Norway har dei i eitt år kursa investorar som vil gå inn i ferske selskap. Råda dei kan gi er gode for både media, investorar og meinigmann som vil punktere skrytete Facbeook-venner. Å fortelje desse vidare inneber dessverre å bruke ein del av desse merkelege gründerorda, men bit det i deg. Me tar det overflatisk og kjapt: Du bør for det første følgje bedrifta over tid. I investorkurset har dei seks veker til å følgje fem bedrifter tett.

Slik kan dei «sjå kva bedrifta gjer, ikkje berre kva dei seier at dei gjer» som daglig leiar Maja Adriaensen forklarar. Vidare fortel hennar kollega Knut Wien at ein bør vurdere «teamets traction», evna bedrifta har til å arbeide raskt framover. Ein god seljar kan finne på å manøvrere rundt dette. Sjekk marknad og timing, to faktorar gründerane ikkje har kontroll over, men som er avgjerande for suksess. Sjekk reknskap, kundeforhold, få papir på inngåtte avtalar. Å «prate med Microsoft» er noko heilt anna enn å ha ein avtale med dei. Vær obs på «vanity metrics», irrelevante måleparametre. At dei fortel om suksesstal som eigentleg ikkje visar suksess. At dei har veldig mange downloads på ein applikasjon foreksempel, utan å seie noko om bruken. Sjekk om bedrifta faktisk kan vekse, deira «ability to scale». Korleis har dei tenkt å utvide? Wien påpeker at dette ein vanleg årsak til at ting går gale for gründerar. Dei skalerte opp for seint, på gal måte. Vanleg ingrediens i «fail stories».

Min kollega hadde og eit møte med denne gründeren eg fortalte om i starten. Han nøyde seg ikkje med å legge saken til sides då han ikkje fann tal, men testa produktet og la inn mykje krefter på å sjekka alt han hevda. Slik punkterte han heile luftslottet. Det er også ei veldig god historie.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook