1. Å gjenta lyd

Med rim og rytme kan ein oppnå mange ulike verknader og stemningar. Ikkje minst passer det godt når ein vil få fram eit tydeleg driv og ein sterk puls.

Ein av dei grunnleggjande metodane for å skape samanheng og heilskap i eit dikt, er å gjenta lydar. Alle kjenner jo til rim og rytme. Begge delar dreier seg om å gjenta lyd. Språkhistorisk har desse orda faktisk same rot. Med rim og rytme kan ein oppnå mange ulike verknader og stemningar. Ikkje minst passer det godt når ein vil få fram eit tydeleg driv og ein sterk puls:

Det banka på døra seint her ein kveld

og ein filmregissør sa: Hallo,

vil du spela rolla som Wilhelm Tell?»

Eg sa: «Eg vil helst ha fred og ro.

«Då får du rolla som gutten med eplet.»

Eg sa: «Du kan sjølv spela begge to.»

Då vart det brått ti-tolv av dei

som trengde seg inn i huset mitt.

Eg ropte: «Hallo, hallo, ta det med ro!»

Men dei tok til å drikka og røyka skitt.

Og regissøren reiste seg frå ein krok og sa:

«Fyll opp dette tome glaset!»

Eg sa: «All right, all right,

men kven skal betala kalaset?»

(Frå Kven skal betala kalaset, 1979)

Men som verktøy for diktaren finst det mange andre måtar å utnytta dette med gjentaking på. Felles for alle desse hjelpemidla er at dei vever teksten tettare saman og verkar på djupe lag i lesaren. Det finst noko magisk ved gjentaking, ved rytme. Sjå kor fort mange barn tek til å røra seg rytmisk om du byrjar klappa i hendene og nynna til!

Noko likande kan ein oppnå ved å gjenta eit ord:

Toget går gadunk

forbi jernbaneskog

Barnålbrun botn

gadunk

grantre i geledd

går forbi forbi

gadunk

(Frå Røykekupé, 1992)

I tillegg til å gjenta ord som gadunk og forbi, nyttar eg også bokstavrim; barnålbrun botn; grantre i geledd går. Alt slikt flettar og bind teksten tettare saman til ei korg av ord og lyd. Det er verdt å nemna her, at det å repetera eit ord i eit kort dikt også kan vera negativt. Rett og slett vitna om lite ordforråd. Det er heller ingen vits i overdrive bruken av effektar. Då vert det fort utanpåklistra og effektmakeri. Skal ein gjera det, må ein vita kvifor ein gjer det. Det må vera med på å understreka innhaldet eller stemninga i diktet.

Ved å gjenta klanglike lydar, kan ein oppnå musikalsk samanheng i teksten; som her:

«over dei okerfarga åkrane i oktober»

og

«Morgonlyset dreg sakte nattkjolen oppover dagens kvite lår.»

Ein kan skapa ekko-verknad:

«Så falt

alt

sammen

Amen!»

Ein kan med god effekt også gjenta heile linjer eller setningar. Gjerne med ørsmå endringar:

Eg vil ha dei djupe dunk av bass

inn i kroppen i hjerne og hjarta

Eg vil ha dei djupe dunk av bass

og dei lange fletteband av fiolin

og munnspelet sin blåe vind

Eg vil ha det dansande

med djupe dunk av bass

(Frå Lyssmeden, 1983) Når det gjeld slikt som har med teknikk å gjera, bør ein øve så mykje på dette at ein har det i blodet og ikkje konsentrerer seg så mykje om det lenger. Det skal bare vera nokre verktøy som ligg klar til bruk, og som ein kan bruka når det trengst. Det er som i så mange samanhengar i livet, t.d. når ein lærer å sykla; først når du sluttar å vera bevisst syklinga, vert det fin flyt i det.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.