TRASS: Det Norske Teatret symboliserte ungdom og trass, det var for dei som snakka og skreiv annleis, med ein annan kultur og mentalitet enn det som dominerte i hovudstadens salongar, skriv kronikkforfattarane. Her frå det kritikarroste stykket Fuck My Life. Foto: Det Norske Teatret.
TRASS: Det Norske Teatret symboliserte ungdom og trass, det var for dei som snakka og skreiv annleis, med ein annan kultur og mentalitet enn det som dominerte i hovudstadens salongar, skriv kronikkforfattarane. Her frå det kritikarroste stykket Fuck My Life. Foto: Det Norske Teatret.Vis mer

100 år og like stri

Det har vore omstridt frå starten, og det å vere i kamp og å vere sta ligg i ryggmargen til dette teatret.

I dag fyller Det Norske Teatret 100 år.

2. januar 1913 gjekk den første framsyninga av stabelen i den gamle teatersalen i Kristiansand. Det blir markert i Kilden teater- og konserthus i kveld med ei festframsyning, ei framsyning som også er startskotet for Språkåret 2013. I år er det nemleg også 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Det Norske Teatret var heilt frå starten av både eit profesjonelt teater og eit språkpolitisk verkemiddel. Teatret var uttrykk for motkultur og opposisjon, og med Hulda og Arne Garborg i spissen vart teatret ei viktig røyst i samfunnsdebatten.

For hundre år sidan var Det Norske Teatret ein spydspiss i bygdas kamp for å få plass på byens sentrale kulturelle arena. Teatret symboliserte ungdom og trass, det var for dei som snakka og skreiv annleis, med ein annan kultur og mentalitet enn det som dominerte i hovudstadens salongar. Teatret var tufta på idealisme og dedikasjon, på same tid som det hadde høge kunstnarlege ambisjonar. Målet var å forme oppfatninga av kva som skulle vere norsk i den unge nasjonen, bygd på norske tradisjonar.

Då Det Norske Teatret flytta inn i Bøndernes Hus hausten 1913 etter ein strabasiøs, men vellukka turné langs kysten, braka det laus i Kristiania.

Artikkelen fortsetter under annonsen

6.oktober presenterte Det Norske Teatret si første framsyning i Noregs hovudstad, Jeppe på Berget - aldri meir «paa bjerget» frå no av! Etter ei fredeleg opning med både Konge, stortingspresident og statsminister til stades i salen, og med gode kritikkar i landets aviser, drog det opp til strid. Ei veke seinare, den 13. oktober, stod det som vart kjent som teaterslaget, ein rein nevekamp inne i teatret mellom riksmålsstudentar og landsmålsstudentar. Det Norske Teatret er fødd i strid, og sjølv om språkkrigen ikkje er like sterk i dag, er teatret framleis stritt.

Under vegs har både teateret og samfunnet endra seg, og Det Norske Teatret har som nynorskteatret i bokmålsland vore vesentleg i å skape aksept for eit språkleg mangfald også i hovudstaden.

Følg oss på Twitter

I 1949 rulla den første amerikanske musikalen, Oklahoma, over scenegolvet på Det Norske Teatret i Stortingsgata. «Å, for ein strålande morgon» song Oslofolk i drosjar og på trikken. Kva desse populære framsyningane har gjort for nynorsken, - for bruken og aksepten - kan ein knapt overvurdere. Musikkteater med høg kvalitet har sidan vore ein berebjelke i Det Norske Teatret. Berre tenk på West Side Story, Spelemann på taket, Bør Børson, Piaf, Les Miserables, Jesus Christ Superstar, og Next to Normal. I dag blir teatret rekna som eit musikkteater i verdsklasse. Skodespelarane kan den eine dagen medverke i ein stor musikal, og dagen etter gje seg i kast med eit stykke av Jon Fosse. Slik har vi utvikla skodespelarar med eit særs breitt register.

Det Norske Teatret er også det einaste nynorske nasjonalteatret, og må syte for at det har både breie og smale stykke på repertoaret. Heile paletten må vere med: Frå folketeater, via klassikarar, til postdramatisk samtidsteater. Heile vegen handlar det om kvalitet. Frå tid til anna blir det hevda at dei største og mest kjende musikalane ikkje høyrer heime på eit offentleg støtta teater. Framsyningar med kommersielt potensial bør overlatast til dei private, hevdast det. Vi er usamde i dette. For oss er det vesentleg at det óg finst eit folkeleg repertoar på nynorsk. Det er den språkpolitiske sida av saka. Men det finst også ei kunstnarleg side. Kvifor skulle vi gi avkall på å gjere noko vi er så gode til? Vi er overtydd om at seksti år med musikkteater på Det Norske Teatret gjer at vi kan setje oss endå høgare mål. Vi skal skape nytt musikkteater. Samstundes skal vi syte for at det beste av det store internasjonale repertoaret er tilgjengeleg i Noreg - på nynorsk.

Det Norske Teatret har heilt sidan starten hatt ein dobbelnatur. Vi står på to bein. Eitt bein er den folkelege tradisjonen. Eit anna er det europeiske kunst- og danningsteatret. Dei beina vi har stått på frå starten, og begge beina må vere med også i det språkpolitiske prosjektet. Dei beina står vi på i dag. Og det er dei to beina vi må stå på, om vi skal stå støtt i hundre år til.

Erik Ulfsby, teatersjef
Erik Ulfsby, teatersjef Vis mer

Nett no når kampen om folks tid er større enn nokon gong, og i ei verd der verdi ofte blir forveksla med kjøp og sal, nett no finn folk vegen til teatret. Det er interessant å merkje seg. I 2012 samla Det Norske Teatret meir enn 225 000 tilskodarar, eit av dei beste publikumstala i teatret si historie. Trass i at publikum i dag har langt fleire teater-, konsert- og kinosete å velje mellom, trass i at nynorsken er under sterkt press, og trass i ei medieutvikling som gjer det meir krevjande enn før å få merksemd rundt den smalare delen av repertoaret, så er det altså slik at teatret samlar rekordmange menneske med eit repertoar som utfordrar, opplyser og underhaldar. To bein, men med vekta trygt plassert på foten som utfordrar og skaper nytt.

Det Norske Teatret har vore omstridt frå starten, og det å vere i kamp og å vere sta ligg i ryggmargen til dette teatret. Teatret har vakse seg stort og sterkt, kanskje er det no både størst og sterkast. Men vi er framleis ein minoritetsarena. Det vil vi alltid vere. Det er oppgåva vår, og vi må stadig nytolke ho. Vi må framleis skape eit teater for grupper som i dag ikkje finn like naturleg plass på scenen og i salen. I dag er ikkje det lenger ungdom frå landsbygda som heiter Hulda og Arne, men snarare ungdom frå byen som heiter Aicha og Kadir vi skal strekkje oss etter. Vi skal halde fram med å slåss - for mangfald, for kunsten sin plass i samfunnet og mot forsøka på å marginalisere det nynorske språket. Vi trur Det Norske Teatret tek best vare på målsetjingane sine ved å spele best mogleg teater i eit ambisiøst repertoar for eit breitt publikum. Det som starta som eit språkpolitisk og teaterpolitisk eksperiment, har vakse seg til ein vital og nyskapande teaterinstitusjon. Kva ville Hulda Garborg ha sagt om ho såg dagens teater, ho som i talen på festen etter Kristianiaopninga sa:

«Det er som ein draum det som er hendt i kveld, at me hev reist eit norsk teater midt i Kristiania, og kom fraa det med livet.»

Nina Refseth, styreleder
Nina Refseth, styreleder Vis mer