2. Å overraska lesaren

Det å ta fatt i noko som ligg lagra i lesaren og vri på det, er ein poetisk teknikk som får folk til å stussa og tenkja over kva det er som vert formidla.

Me har hjernen full av velbrukt språk. Dette dukkar opp i medvitet dersom me høyrer noko som minner om det, og som dermed skapar forventningar om at me skal få høyra om igjen det me har høyrt før.

Når eg seier til ein skuleklasse: «Det stod ein kar borti gangen her og skreik som ein stukken...Då kjem det unisont frå heile klassen «GRIS!»

Slik kan me sjå korleis språket er lagra, og alle forventar det same. Eit slikt velbrukt og slitt uttrykk er og eit godt døme på korleis meininga vert borte ved langvarig bruk. For nå er det ingen som tenkjer på ein gris lenger, når dei høyrer dette. Me tenkjer bare på at nokon skrik.

Men dersom me bryt med forventningane, og overraskar, så vil brått den som høyrer på, verta meir merksam på orda ein seier: «Det stod ein kar borti gangen her og skreik som ein stukken ballong!» Det får brått folk til å stussa og tenkja over kva det er som vert formidla.

Det å ta fatt i noko som ligg lagra i lesaren og vri på det, er ein poetisk teknikk som me finn reindyrka i følgjande dikt av Jan Erik Vold:

har du sagt A

har du sagt A

Eller i dette vesle diktet av Gösta Ågren:

oroa dig inte

det ordnar sig

aldrig

Men forventningane treng ikkje gå på sjølve ordrekkjefølgja. Me kan skapa brot på mange måtar. For eksempel ved plutseleg å gå frå eit abstrakt til eit konkret område. Lars Norén som var ein stor poet lenge før han slo gjennom som dramatikar, har ein stad skrive noko om den einsemda som finst i dei store haugane med hår frisørane sopar opp i drabantbyane. Ein annan stad skriv han om dei store steinane av angst som kjem svevande mot oss frå motorvegen. Slike koplingar av kjensle-ord og svært konkrete ting skapar spenning og originalitet i språket, og formidlar innhaldet sterkare.

Også ulike storleikar kan gje uventa perspektiv til teksten:

Eg tok to

bitre tablettar

Månen og sola

Og set ein opp eit «stort» ord som til dømes gjev tid på døgeret, mot noko relativt lite og konkret, kan det oppstå spennande visuelle og sansbare bilete:

Vinduet står ope mot eit spann av morgon

I første leksjonen var eg oppteken av eit verkemiddel som skapar samanheng og felles tone i diktet. Nå dreier det seg om å bryta med den forventninga ein skapar. For at dette skal gje denne rette verknaden, bør ein ikkje overdriva dette. Då tek lesaren til å venta seg det uventa. Ein må skapa linjer og setningar som driv lesaren mot ei forventning som får tid til å etablera seg, før ein slår til og rykkar lesaren ut av det som ville vore vanleg utvikling.

Slik kan poesien fungera som eit våpen mot vanetenkinga. Det er ikkje så dumt. Men det viktigaste med dette er at teksten får liv i lesaren. Noko i lesaren rykkar til, vaknar, og så har på ein måte lesaren overteke diktet, gjort det til sitt. Og det er det som er målet. I staden for å lesa, byrjar ein å leva teksten.

Ein kan gjera lurt i å prøva å få inn noko av dette alt i tittelen. I staden for å bruka titlar som ein har høyrt maken til mange gongar, som «Kveldsstemning» eller «Livet», kan ein gjera lesaren nysgjerrig ved å kalla diktet for «Publikum fell i tankar/som i ei massegrav» (Einar Økland) eller «Fargeskrekk» (Gene Dalby).

Men sjølvsagt; i botnen skal me ha noko som me vil ha ned på papiret, noko me har lyst å seia noko om. Ikkje slik at me alltid veit kva det er før me har skrive det. Men me søkjer ikkje dei flotte blømande uttrykka bare for å imponera med påfunn og rare ord. Det som er inni oss, det som vil møta ein lesar, treng nokre kanalar som held ordet levande. Og då er overraskinga eit godt verktøy.

Overraskinga kan samstundes gje oss ei kjensle av å vera rett. Nettopp! Slik er det!. Då byrjar det bli svært bra. Det kan skje når Tomas Tranströmer får blømande tre langs vegen til å omfamna store lastebilar. Og når Søren Ulrik Thomsen skriv:

Oktober er her

Klar som en kold sten og et håb.

Å skapa eit rom i seg der det nye kan koma, kan ta tid. Det krev at ein ser seg om med nye auge. At ein ventar på sitt eige språk. Men når ein får det til, er det verdt strevet.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.