3. Å lytta til stilla

Å lytta til stilla i seg og omkring seg er ein måte å få kontakt med det som vil uttrykkjast gjennom deg.

I leksjonane mine skiftar rørsla heile vegen, frå samanbinding til brot, frå gjenkjenning til underleg-gjering, frå det å vera i eiga sansing til det å ta eit anna perspektiv. Denne gongen går rørsla inn og ned, men også ut og opp.

Når ein uttaler eit ord eller eit dikt, er det ein storleik som straks meldar seg som motpolen til dette; opp mot lyden av ordet reiser stilla seg. Å lytta til stilla i seg og omkring seg er ein måte å få kontakt med det som vil uttrykkjast gjennom deg. Jan Garbarek sa ein gong han vart intervjua om kva musikk han høyrte på, at det mest inspirerande han lytta til var «stillheten».

I førre leksjon skreiv eg om det å gå ut av seg sjølv og ta eit anna perspektiv. Denne gongen handlar det om å gå inn i seg sjølv. Eg snakkar om ein meditativ tilstand. Det å sitja heilt i ro ein stad der ein sit relativt godt. Ikkje alle kan finna ein stad der det er ro. Og alltid vil det vera lydar ein høyrer når ein søkk ned i kroppen si stille. Kanskje er det lydar ein ikkje var merksam på før, lydar som kjem frå kjøleskapet eller gata eller naboen. Desse skal du notera deg! Når du sit stille, vil du ofte merka ei uro etter ei stund. Ofte etter bare nokre minutt. Men vent litt til! Du får lyst å gjera noko, kjem på noko det hastar litt med. Men prøv å hald deg i ro. Du er på jakt etter noko som vil diktast. Du gjer noko. Du er aktiv fordi om du sit heilt stille, så bare slapp av!

Kva slag tankar stig til overflata? Kva slags bilete viser seg? For mange kan dette å vera heilt stille, å teia, ikkje gjera noko, bli litt skummelt etter ei stund. Det er fordi alt du har prøvd å la vera å tenkja på eller å kjenna, vil ha merksemda di! Då kan det kjennast kaotisk og mektig, og du kan bli nervøs av det. Vert det for gale kan du bryta av og prøva på nytt med korte tidsspenn. Skriv ned noko av det som kom opp i deg. Det er bare bra om det ser rart og annleis ut. Det er nettopp det som er det fine med denne kjelda. Her kan det koma ting som er originale og heilt dine eigne.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.