4. Å sjå tinga som nye

Slik eg ser det, er eit av måla med poesien å få menneska til å venda heim til verda. Er det ikkje rart då at ein nyttar ulike poetiske teknikkar for å underleggjera det vante og vanlege menneska er omgitt av?

Nei, samanhengen er klar. Det er mellom anna vanen, den såkalla habitueringa av sansane, dette at me sluttar å merka det som me har sansa nokre gonger, som fjernar oss frå den opplevde nærleiken til tinga kring oss.

Vanen er eit tosidig dyr. På den eine sida får den oss til å føla oss heime i kvardagen, - me kjenner igjen det som er kring oss, og det gjer oss trygge og avslappa. Det andre er at vanen legg sansingane brakk, og me sluttar å oppfatta tinga som omgjev oss, fordi me er så vant med at dei er der. Me tek dei for sjølvsagte. Før me veit ordet av det tek me livet for sjølvsagt! Me legg ikkje lenger merke til dei små tinga som dagane våre er bygde opp av. Det kjem ein avstand inn og me vert framande i våre eigne kvardagar. Det som er, vert borte me går sløvare gjennom verda. Våre tankar om framtida og fortida vert verkelegare enn det som er nå.

For å bryta ned denne tåka av vanetankar og presentera verda som ny, som her! - og nå! – er det at poesien må sprengja veg inn til menneska sitt medvit med å underleggjera tinga.

Gaffel

Denne merkelige gjenstande må ha krøpet

Lukt ut av helvete.

Den ligner en fuglefot

Båret rundt kannibalens hals.

Når du holder den i hånden,

Når du stikker i et kjøttstykke med den,

Er det mulig å forestille seg resten av fuglen:

Hodet er som knytteneven din,

Diger, skallet, nebbløs og blind.

Så direkte kan ein poet som jugoslavisk-amerkianske Charles Simic gjera det. Men det finst og poetar som skriv dikt om kor viktig det er å oppdaga tinga kring oss slik dei er, for å frå fram dette poenget. Mange kjenner William Carlos Williams dikt:

mye kommer an

en rød trillebår

som

skinner av regn

ved

siden av hvite

høns

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.