5. Å dela ei linje

Linjedeling er eit av dei grunnleggjande poetiske verktøya. Med dette kan ein oppnå svært ulike verknader.

Opnar du ei vanleg diktsamling er det ein ting som straks slår deg reint visuelt. Dikta er annleis typografisk enn andre tekstar. Dette kjem av at poeten har teke kontrollen over linjedelinga. Høgremergen får ikkje tilfeldig avgjera kor lange linjene skal vera.

Ved første augnekast kan ein utrena lesar tenkja at diktaren gjer dette for at teksten skal «sjå ut som» eit dikt. Men linjedeling er eit av dei grunnleggjande poetiske verktøya.

Med dette kan ein oppnå svært ulike verknader. Linja eller verset, som linja også kan kallast, er ein heilskap og ei eining som poeten har ei særleg kjensle for. Vers kjem av ordet «vertere» på latin; å snu. Augo gjer ei vending der linja sluttar, og det oppstår ein pause i lesinga. Slik eg skreiv i den førre leksjonen om å lytta til stilla, står pausen, - stilla - , det som me ikkje har ord på, i nær samanheng med orda i eit dikt. Når ein les, er det nett der linja sluttar, at ein skal la pausen koma tydeleg fram.

Måten linja vert bygd opp på, avgjer om pausen vert lang eller kort, og om linja får mykje eller lite vekt. Noko av det som gjer oss i stand til å skapa spenning i diktet ved å bryta linja, er at me er vane med å lesa linja heilt ut. Auga ventar seg meir, får ikkje noko, og søkjer til neste linje. Her er eit ekstra godt høve til å oppnå overraskingar ved å innføra nye element til det som er etablert i linja før. Eit god døme på dette er det følgjande vesle diktet av Jan Erik Vold, som er ein meister når det gjeld utnyttinga av linjedeling:

dråpen

henger der

ikke

Her lar poeten eitt einaste ord få all merksemda på første linja. Det får på ein måte dropen til å veksa og verta omfattande, noko som er eit poeng i slike japansk-inspirerte dikt. Det vesle vert stort. Etter å ha fått presentert ordet «dråpen», vert me interessert i kva der er med denne, og finn ikkje meir opplysningar på første linja. Men på neste linje konstaterer me, ahh – den heng der! Så skjer det ei rørsle i diktet som bare kan skje ved linjedeling; då me les tredjelinja, fell dropen ned. Me opplever eit fall frå andre til tredje linje. Utan linjedeling, ville den teksten vera bortimot meiningslaus.

Då eg gjekk på ungdomsskulen var eg sterkt oppteken av linjedelinga og kva ein kunne få ut av denne. Eg skreiv uendeleg lange dikt der orda i ei linje vart knytt saman med linja som gjekk framfor og linja som kom etter. Eit av dei kortare dikt eg skreiv, gjekk slik:

eg er

ingenting

er som meg

Her fører linjedelinga til at ordet i midten vert ståande mellom to meiningar som står i klar kontrast til kvarandre. Det oppstår ei spenning i teksten i og med at begge utsegnene uttrykker ei sanning, samstundes som dei er motsette. Denne metoden kan av og til nyttast med god effekt, men ved overforbruk vert det bare effektmakeri og trøyttande leik for lesaren.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.