6. Å våga seg ut i ord

Personleg trur eg at lesaren kan merka på mystisk vis, om det me skriv har utspring i noko me har opplevd, eller bare er ein konstruksjon. Og det er eit eige trøkk i det å skriva sitt eige liv.

Så mykje som ennå kunne seiast

Eg har ikkje meir gråt

Gloa på sigaretten

Kryp innover

Mot natta

Håpløysa bit i veggene

Eg ønskjer meg

Ei einsemd å stola på

Ei einsemd å sitja stille saman med

Medan kvelden målar rommet blått

Tidlegare har me sett på korleis me kan ta andre perspektiv når me skriv. Me kan sjå på verda frå utsikta til eit jordbær eller ein villkatt, me kan vera måker og trailarsjåførar. Likevel, folkens, det er eit eige trøkk i det å skriva sitt eige liv. Sjølvsagt veit me at liv er liv, og nokre bokstavar på eit ark eller ein skjerm, det er noko anna. Men utfordringa vert jo nettopp å få liv i teksten, få livet inn i diktet så det kjennest.

Då er det oftast slik at me får det best til når me slepp ut litt av dei sterkaste opplevingane våre og vågar å stilla oss fram slik me er. Nakne og sårbare. Personleg trur eg at lesaren kan merka på mystisk vis, om det me skriv har utspring i noko me har opplevd, eller bare er ein konstruksjon. Me gjer sjølvsagt bruk av masse teknikkar som formar teksten på sitt vis. I eksempelet ovanfor nyttar eg til dømes linjedelinga slik at eg får linjene til å minka i takt med sigaretten eg skriv om. Men eg prøver å nytta teknikkane for å skapa den ønska stemninga hjå lesaren, og overføra den kjensla eg hadde, til teksten, slik at lesaren kan frigjera energien der ved å oppleva eit møte. Eg tenkjer meg at dersom eg gjev av meg sjølv, og lesaren gjev av seg sjølv, så kan det verta eit dikt av dette møtet, eit møte av dette diktet.

Nå er det ikkje så lite skummelt å utlevera seg på denne måten. Når me er usikre på korleis me får diktet til, kan ein kvass kritikk treffa oss på det mest sårbare; det me skriv om. Her får me prøva å skilja mellom det som er skriveteknikk, og det som er opplevinga me skriv ut frå. Men det er ikkje alltid så lett. Vert det me skriv kalla banalt, så er det lett å oppfatta det slik at det er opplevingane som er banale. Det beste råd mot dette er kanskje å innsjå at alle opplevingar er banale. Mest alle opplevingar er jo av ein slik karakter at tusenvis av andre har opplevd det same.

Men samstundes finst det ikkje noko å skriva om, om ein ikkje tek utgangspunkt i menneskelege erfaringar og opplevingar, tankar og refleksjonar. Ein sjeldan gong dukkar det opp ein original tanke i eit dikt, men oftast er det skrivemåten som gjer opplevinga av diktet til noko nytt. Skal diktet få innpass i område hjå lesaren som vert oppfatta som viktige, så må diktaren skriva om noko som kjennest viktig. Og då må ein ofte våga å kle seg naken, å visa fram sider som ikkje er vanlege å visa fram, som er ein felles møtestad som me ikkje så ofte bruker.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.