7. Å slutta mens enden er god

Det finst ei oppmoding til folk som skriv, som ofte vert gjenteken på engelsk. «Show them! Don\'t tell them!»

Ei av syndene mot dette er ofte synleg ved at ein har teke med ei linje eller to for mykje på slutten av diktet.

Sjølv hadde eg i mange år gleda av å læra om dette av poeten Sigmund Mjelve. Han las gjennom mine manuskript og strauk sistelinjer. Det er jo elles viktig å gå gjennom dikta å sjå om det finst ord og uttrykk som ikkje er naudsynte for at heilskapen og uttrykket skal verta slik me ønskjer det, og stryka dei. Det å stola på dei bileta ein lagar, vil seia at ein må overvinna trongen til å forklara seg.

Her. Nettopp.

Et vinddrag.

Mot sivet

krusninger.

Slik viser Sigmund Mjelve korleis eit bilete kan presenterast utan overflødige ord. Ein må våga å la det som stig opp i skriveprosessen og vert tydeleg som bilete, få stå der utan kommentar frå intellektet. Kanskje var Mjelve ekstra oppteken av dette, fordi han også var ein intellektuell poet.

Det dreier seg om å la spenninga verta hengjande i lufta når diktet skal overleverast til lesaren. Å la eit bilete verta ståande utan forklarande tillegg. Dersom ein seier for mykje, dersom ein forklarar diktet for lesaren, dersom ein går ein runde til med å fortelja kva det var ein ville ha sagt, dersom ein oppsummerar og tydeleggjer på slutten, så utløysar ein heile spenninga, og diktet fell flatt til jorda. Diktet vert ein ferdig uthogd stein som ikkje treng å arbeidast meir med, og difor ikkje vil leva vidare i lesaren.

Redigert for Skolekammeret av Kristian Rishøi.