NÆRKONTAKT: Hugs at sjølv om Oslo er ein storby i Noreg er det ei bygd i Europa, og om denne bygda sine urbane aspirasjonar står og fell på ein sau, er det kanskje ikkje sauen det er noko i vegen med, skriv innsendaren Hans-Ragnar Skogli. Foto: Privat
NÆRKONTAKT: Hugs at sjølv om Oslo er ein storby i Noreg er det ei bygd i Europa, og om denne bygda sine urbane aspirasjonar står og fell på ein sau, er det kanskje ikkje sauen det er noko i vegen med, skriv innsendaren Hans-Ragnar Skogli. Foto: PrivatVis mer

Å Austland, Austland! Når eg ser deg slik

Om Oslo sine aspirasjonar står og faller på ein sau, er det kanskje ikkje sauen det er noko i vegen med.

Meninger

Som ledd i ei promoteringskampanje frå Visit Norway, #sheepwithaview, gjekk sauar rundt i Oslo. Dette vart svært dårleg motteke både av Oslo Business Region og Dagbladet på kommentatorplass. Oslo har lenge jobba med å «kvitte seg med «hardingfela», og Visit Norway måtte fjerne sauene. Marie Simonsen spør: «Hva i all verden hadde de tenkt på?»

BONDEKNØL: Hans-Ragnar Skogli.
BONDEKNØL: Hans-Ragnar Skogli. Vis mer

Tanken var sjølvsagt å syne at Noreg også er by, ikkje berre fossar og fjell, i eit forsøk på å marknadsføre oss til eit vidare publikum. Visit Norway er den offisielle, norske reiselivsportalen. Dei har drive på sidan 1905 og har solgt ideen om Noreg til utenlandske turistar ganske lenge. Om ein ser på den offisielle statistikken tenkjer utlendingar fyrst og fremst på fjordar når dei vert spurde. Deretter nordlyset. «Byopplevingar utan sau» kjem ganske langt nede på lista. Noreg er visst natur.

Ein skulle tru Visit Norway hadde greie på saker og ting, men Oslo Business Region og andre ambisiøse aktørar med amerikanske namn har heilt andre planar. Ein vil kvitte seg med det bondske og nature-greia som tradisjonelt sett er assosiert med Noreg. Oslo er da storby, må vite! At Alaska, Sibir og sørspissen av Grønland ligg på same breiddegrad ser ikkje ut til å dempe visjonane om eit slags nordens New York.

Løysinga frå Simonsen si side er X-games. I fjor gav nettopp dette arrangementet mange likes på facebook at andre alternativ verkar fullstendig urealistiske. At ein må bruka ca. ti millionar berre på å å skuffe snø inn til Oslo frå ein plass der det faktisk er naturleg snø, skapar få reaksjonar. Ein skal likevel tvinge igjennom eit arrangement med «liberale» krav til dopingkontroll, for så lenge det ikkje er sau tilstades er alt tilgitt.

Strategien er å profilera seg meir som storbyane sør i Europa. Dette skjer sjølv om namnet på landet vårt betyr noko som «vegen mot nord». Simonsen hevdar Oslo er i vinden over heile Europa og at folk kjem langvegsfrå for å ta del i gildet, men ser ein nærare på statistikken er det nordmenn som helst ferierar i Oslo. Utlendingane dreg til Bergen og fjordane og til Tromsø for å sjå nordlyset. Marknadsføringa av Noreg i utlandet baserar seg nettopp på dette. På Times Square i New York var det sau som vart profilert. Sau og fjordar. Korleis ville det ha vore å profilera ein by som ligg nesten på nordpolen i New York? Kanskje det ikkje er så dumt med sau likevel?

Ein kan undre seg over kvar alle desse kompleksa kjem ifrå. Det er no over 200 år sidan me ikkje lenger var eit lydrike under Danmark og ein skulle tru me hadde funnet oss ein (stolt) identitet i løpet av desse åra. Likevel lograr ein framleis for Køben og andre storebrødre.

For oss bønder på bygda har det lenge vore litt sjarmerande å sjå korleis kompleksa uttrykker seg, men no byrjar det å berre bli kleint. Det blir litt som å vere forelder til ein obsternasig tenåring som insisterar på å gå med solbriller inne, og som skriker «sjå på meg» til dei eldre gutane når han prøver ein kickflip på skateboardet sitt. Det er litt søtt til å byrje med, men det vert berre irriterande når det ikkje er kult nok med kjøtkaker til middag og han trugar med å flytte ut om mamma vil gje klem når andre ser på.

Kjære ambisiøse, dynamiske, konkurranseinnstilte executive marketing managers, og alle andre som tenkjer stort om Oslo. Det er ok for oss ute i periferien at de får særbehandling som hovudstaden vår. De er jo trass alt den einaste hovudstaden me har. Me er positive til at de også får noko å syne fram, noko som er kult og flott og som kan dra like mange turistar som ei bygd på vestlandet.

No har me alt brukt ca. fem milliardar på Operaen, men me stiller opp med flerie til både nytt bibliotek og Munch-museet. Me kan jo ikkje be nordlyset koma til dykk, ei heller fjordane på vestlandet, så noko må de jo få de også. Me skal til og med vera med på X-games, men ikkje slå oss på handa når me kjem innom med sauen for å syne fram heile landet.

Hugs at sjølv om Oslo er ein storby i Noreg er det ei bygd i Europa, og om denne bygda sine urbane aspirasjonar står og fell på ein sau, er det kanskje ikkje sauen det er noko i vegen med.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook