Å bomma på blinken

«Det er for tida nesten berre dårlege og langt på veg inkompetente bokmeldingar frå Espen Søbye. Kritikken av 'Blomar frå Galilea' som vart trykt 30. september i år, er diverre ikkje noko unntak.»

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Det er for tida nesten berre dårlege og langt på veg inkompetente bokmeldingar frå Espen Søbye. Kritikken av «Blomar frå Galilea» som vart trykt 30. september i år, er diverre ikkje noko unntak. I lengda har alle som driv med litteratur ei sams interesse av at det finst visse minstemål for kritikarar.

Som omsetjar for Israel Shamir har eg alltid sett eit viktig problem med å omsetja tekstane hans: Det jødiske folket - og jødisk politikk - dreier seg om ting som foregår samtidig på ulike kontinent. Det finst viktige jødiske samfunn i Israel, Russland, Vest-Europa og Nord-Amerika, og essayisten Shamir, som andre samtidige jødisk-israelske skribentar som td. Uri Avnery, føreset nokre gongar eit oversyn over samtidshistorie i ulike verdsdelar som er urealistisk for eit norsk publikum. Konklusjonen min har likevel vore: Slik er det! Jødisk identitet og historie er komplisert, og nokre problem let seg ikkje forenkla bort.

Problemet med Esben Søbye si melding av Israel Shamirs «Blomar frå Galilea» er ikkje at Søbye mislikar boka, eller er svært usamd med Shamir når det gjeld politisk analyse. Det er ikkje berre legitimt - eg meiner Shamir medvite dyrkar innfalsvinklar for å få fram usemjer og skilnader som er der, umedvitne og uartikulerte. Usemjer og ordskifte frigjer tanken! Men i staden for å formulera usemjer og kritikk, sorterer Søbye boka under kategorien «horror» på ein måte der han tydeleg demonstrerer at han er uvitande om nokre av dei sentrale tinga boka drøftar. Og dette skal visstnok vera Shamir sitt problem.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer