Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

DEBATT: Sentralisering

Å falle mellom to domstolar

Senterpartiet har lenge advart mot ei «sniknedlegging» av dei små domstolane. No startar i verste fall ein større sentraliseringsrunde.

SENTRALISERING: Domstolkommisjonen har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett, skriv innsendaren. Bilete frå Oslo tinghus. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
SENTRALISERING: Domstolkommisjonen har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett, skriv innsendaren. Bilete frå Oslo tinghus. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix Vis mer
Meninger

Sentraliseringsiveren til regjeringa vil ingen ende ta. No er det domstolane som skal til pers, og det så raskt som råd. Regjeringa burde gjera seg ferdig med politireforma og få kontroll på den etaten før dei bryt seg på nye, store sentraliseringsprosjekt.

Regjeringa sette i 2017 ned ein domstolkommisjon, og gjorde det tydeleg allereie i mandatet at talet på domstolar skulle ned. Regjeringa bestilte rapporten om struktur tidlegare enn resten, til like etter kommune- og fylkestingsvalet.

Slik unngjekk dei debatt om temaet i haustens valkamp, samtidig som dei har god nok tid til å gjera drastiske endringar før stortingsvalet i 2021. Å unngå debatt før val slik er ikkje den mest sympatiske måten å styre landet på.

No ser vi at utvalet har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett. Framlegget inneber også ein drastisk reduksjon i talet på jordskifterettar.

Ein kan jo spørje seg om det ikkje er på tide å spara pengar ved å slå saman domstolar òg. Og vil ikkje kvaliteten på arbeidet bli betre når ein fjernar dei minste?

Det er heilt greitt å spørje, men svaret er nok ikkje slik regjeringa ønskjer det skal vera. For effektivisering innan eitt felt betyr ikkje nødvendigvis innsparing for samfunnet sin del - som når nedleggingar av offentlege tenester inneber å flytte transportetappar, pengebruk og tidsbruk over på andre etatar eller over på bedrifter og enkeltpersonar.

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom samanslåingar og spareeffekt innan dei offentlege etatane heller. Politireforma er eit døme på dette. Budsjettet for dei ti minste domstolane utgjer 1,89 % av det totale domstolbudsjettet. Det er ikkje påvist at store domstolar er meir effektive eller har høgare kvalitet enn dei små. Det er heller slik at ulike domstolar arbeider med ulik fart og kvalitet, uavhengig av storleiken.

Regjeringa prøver å framstille dei små domstolane som mindre effektive enn dei store, samtidig som effektiviseringstiltak - slik som digitaliseringsløftet - berre blir gjennomført i dei største tingrettane. Dei små domstolane fell rett og slett mellom to stolar fordi regjeringa ikkje evner å sjå verdien av den mangfaldige domstolstrukturen vi har i Noreg i dag. Senterpartiet har lenge advart mot ei «sniknedlegging» av dei små domstolane. No startar i verste fall ein større sentraliseringsrunde.

Vi i Senterpartiet er heilt tydelege på at ei massiv sentralisering av domstolane, inkludert jordskifterettane, er uaktuelt. Nærheit til tenestene og ein aktiv stat er viktig i heile landet, og gode rettstenester og rettsikkerheit er grunnleggjande viktig.

SANDNESSJØEN: Hundrevis av bunadsaktivister, verftsarbeidere, skoleungdom og andre helgelendinger møtte statsministeren utenfor Sandnessjøen sykehus i dag. Video: Hans Arne Vedlog. Reporter: Kirsten Karlsen, Dagbladet Vis mer
Utforsk andre nettsteder fra Aller Media