Å identifisera eit sakn

Ei bok ein kan lesa litt i, og tenkja lenge på.

BOK: Driv du med litteratur, driv du med noko «ubegripelig, sært og på alle måter uaktuelt», skriv Christiansen. Og gjev ut ei bok som er sær, til tider ubegripeleg og på mange måtar uaktuell. Men sjå om ikkje denne bokmeldaren sette stor pris på å lesa ho! I det første essayet avdekkar han grunndraga i sin poetikk. Og for ein poet som sjølv har kalla seg granskar i nyansar, er dette oppmuntrande lesing: «Man kan si at alt jeg gjør som forfatter bunner i et grunnleggende behov for utforsking.» Christiansen er oppteken av gleda av å sjå korleis språket oppfører seg, kva for eigenskapar språket har som formidlar av menneskelige tilstandar. Og etter å ha sitert kjerna av poetikken til Verlaine, Mallarmé og Rimbaud, kjem følgjande setning av Debussy: «Det finnes ingen teori. Du må bare lytte.»

Dette er vel for ei smal bok å rekna. Notat. Dikt. Essay. Og engasjert refleksjon over den posisjon poeten står i, og dei tilstandar eit menneske finst i. For Christiansen handlar dikting i stor grad om å identifisera eit sakn av noko vesentleg. Og det saknet teiknar seg som det som ikkje står i denne boka. Boka handlar om filmskaparar og forfattarar, om litteratur og litteratur som har blitt film. Det ein saknar er sjølvsagt eit direkte nærver, det å vera vendt mot verda og menneska utan omvegar om film og bokside. Men den einaste medisinen han har er «ordets rike». Og dette riket har opningar mot ubygde hus: «Inspirasjon: Vi bør bygge en dør til denne nøkkelen.» Det er ikkje alltid ein veit at ein har sakna ei bok, før ein les ho.