I etterkant av Nav-skandalen har fokuset primært vore på juridiske aspekt, og kven som er ansvarlege. Det er sjølvsagt viktig å setja lys på desse spørsmåla, men det seier lite om kvifor skandalen fekk vokse fram.
Både Nav-tilsette, leiande politikarar, og fleire trygdeekspertar har gløymd at hovudårsaka til at folk i arbeidsfør alder mottar trygdeytingar er dårleg helsetilstand. Uføretrygd, sjukepengar og arbeidsavklaringspengar er eksplisitte helserelaterte inntektssikringsordningar.
Men også blant inntektssikringsordningar som ikkje er helserelaterte, er helsa til mottakarane svært dårleg. At arbeidsledige har (mykje) dårlegare helse samanlikna med folk som er i jobb, er eit vel etablert forskingsfunn. Eit unikt norsk spørjeskjemadatamateriale viser dessutan at 60 prosent av langtidsmottakarar av økonomisk sosialhjelp skårar over kliniske verdiar for psykiske plagar, og halvparten har kroniske smerter.
Det er altså ei opphoping av helseplagar blant alle dei viktigaste inntektssikringsordningane i Noreg.
Nav-systemet er rigga ut frå eit overordna mål: at mottakarane skal bli økonomisk sjølvforsørgjande. Men personar med dårleg helse er lite attraktive i auga til arbeidsgjevarar: eksperimenter viser at ‘signal’ på dårleg helse i jobbsøknadar fører til markant lågare respons.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger