Å kommentera dikt

Årets siste leksjon fra Helge Torvund.

(Dagbladet.no): Når ein skal kommentera eit dikt som nokon har skrive på Diktkammeret (Dagbladet.nos diktforum), kan ein ha fleire mål for auga. Eit par mål som eg som diktlærar har, og som erfaringa har vist er motiverande for den som skriv, er følgjande to:

1. Å gå inn i ein utviklingsprosess med omsyn til skrivinga, både generelt og i høve til det spesifikke diktet eg kommenterer. Dette er eit mål som har eit endringsperspektiv og inneheld tips og råd om små eller gjennomgripande alternative løysingar og andre moglege opningar. Ofte med konkrete forslag til endring av ord, linjer eller heile dikt.

2. Det andre målet er å støtta den skrivande ved å seia at dette spesifikke diktet inneheld slike element ein som lesar oppsøker i dikt, og at diktet difor verkar godt og ferdig. Denne handlinga har primært ein positiv og forsterkande effekt med grunnbodskapen: du ser ut til å vera på rett kurs her. Me kan gjerne kalla det ’skulderklapp’.

Felles interesse

Med det første målet for auga, når ein skal prøva å medverka til at diktet endrar seg til det betre, og vil inspirera skrivaren til å gå laus på diktet med ny informasjon og ønskje om å koma vidare, er det særleg to ting som er avgjerande;

A. Det er den haldninga ein legg for dagen til relasjonen ein står. Kommunikasjonen går føre her føre seg i det Skjervheim har kalla ein treledda relasjon, nemleg ved dei tre ledda diktar – kommentator – dikt.

Den som kommenterar og den som skriv er de me kan kalla medsubjekt. Dei er engasjerte i same sak, i same objektet: diktet. Den som vil kommentera og den som har skrive lar seg engasjera av den andre si vurdering av diktet. Me er saman om ei interesse: dikt og poesi.

B. Så har det sjølvsagt mykje å seia i kor stor grad ein etablerer eit fellesspråk om diktet sitt språk, altså eit metaspråk som kan nyttas til å diskutera dei ulike elementa i diktet.

Fem kriterier

Om me ser på B. først, så er det mange kjelder for eit slikt metaspråk. Vanlege kjelder for oss som diktar og skriv, vil vera lærebøker som gode gamle ”Lyriske strukturar” av Kittang og Aarseth (Universitetsforlaget 1968, ny utgåve 1998), og den nye ”Lyrikkens liv” av Janss og Refsum (Universitetsforlaget 2003).

Den første er god fordi den er elementær og klar og gjev ei grei innføring i grunnomgrep som biletspråk, metafor, formelle element, symbol, arketypar. Men den går også inn på uttrykk som ekspansjon og konsentrasjon med døme frå Ezra Pound, og ser på Walt Whitman sin estetikk. Det er ei rikhaldig bok som eg kan tilrå utan atterhald, sjølv om dikt og poesi kanskje kan verta definert noko snevert, i alle fall i første utgåva som eg har.

Medan den andre boka tek meir høgd for ting som har skjedd med poesien den seinare tida, er ho nok meir innretta på litteraturstudentar på høgskular og universitet. Me kan trekkja fram frå denne fem gode kriterium som forfattarane formulerer som utgangspunkt for vurdering av eit dikt:

  • musikalitet eller visualitet
  • nærleik mellom den talande og det omtalte
  • betydingstettleik
  • sjølvrefleksivitet
  • kortheit.


    Har diktet egen tone?
    Når ein diktlærar har skrivekurs over tid, er det naturleg at ein innarbeider visse meir eller mindre personlege måtar å presentera kriterium for vurdering av dikt. Desse vil vera i tråd med eigen poetikk, eller ha vist seg tenlege gjennom lang erfaring med skriveverkstadar og kommentarar.

    Diktlæraren dykkar har jo vore svært oppteken av det konkrete og sansbare poetiske motiv og bilete, det overraskande i perspektiv, språkleg vri eller innsikt, det sterkt fortetta og mangetydige, som har ein slags gåtefull autoritet, samt den klanglege verknaden der innhald og uttrykk spelar saman.

    Vidare er det jo ofte at eg granskar og kommenterer om diktet etablerer og gjennomfører ein tone som vert diktet sin eigen på ein måte som overtyder, og her kan eg etablere eit ideal om ein organisk skrivemåte som gjev diktet form av noko som veks fram av språket som ein tydeleg einskap, eller medvite brot på dette, i sjølvreflektert ironi, fragmentariske brotstykke eller fløymande over sine grenser i tråd med innhaldet.

    Om me nå går attende til relasjonen og haldningane til kvarandre under skriving og kommentering, så er jo dette eit vanskeleg område som har fellestrekk med mange andre situasjonar. For at nokon skal ta imot vegleiing og råd, og vera i stand til å sjå på diktet saman med ein kommentator, så må det finnast eit minimum av tillitt i relasjonen. Korleis oppnår ein dette og kva fallgruver finst det?


    Likeverdige samtalepartnarar
    Ein kan seia at for ein som skal vera diktlærar vil det gamle rådet til Kierkegaard og hjelpekunst for så vidt ha ein viss relevans:

    Forholdet mellom hjelperen og den der skal hjelpes må være sådan, at man, når det i sannhet skal lykkes at føre et menneske et bestemt sted, først og fremst må passe på at finne ham der hvor han er og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst. Enhver der ikke kan det, han er selv i en innbildning når han mener at kunne hjelpe den annen. For i sannhet at kunne hjelpe en annen, må jeg forstå mer enn ham – men dog først og fremst forstå det HAN forstår. Når jeg ikke gjør det, da hjelper min merviten slett ikke.”

    Men dette inneber jo at den eine i utgangspunktet meiner å seg å vita meir enn den andre. Når deltakarene på Diktkammeret skal kommentera kvarandre sine dikt, så vil me jo i utgangspunktet snakka om likeverdige samtalepartnarar. At nokre ut frå sin kunnskap og erfaring kan etablera ein naturleg autoritet etter kvart, som også kan aksepterast av den andre parten i kommunikasjonen, er noko anna. Men det er viktig at ein i utgangspunktet aksepterer det likeverdige som ligg i rollen ’diktkammerdeltakar’. At me snakkar om likeverdige samtalepartnarar som talar saman om ei sak, diktet, ut frå felles interesse om at dette skal verta så bra som mogleg. Det er dei grunnleggjande rammene som ein må forhalda seg til om ein skal få til den første tilliten.

    Ser me vidare på kva som skal til for at to i utgangspunktet likeverdige partar i kommunikasjonen om diktet skal klara å skapa ein tillitsfull relasjon, er det grunnleggjande nettopp at ein er orientert i retning av teksten og opprettheld ein treledda kommunikasjon. Straks ein gjer den andre parten til objekt, og altså går over til det me kallar ein toledda kommunikasjon, så vil dette endra seg.

    Då ligg den største fallgruva i at ein gjer den andre personen til objekt for kommentaren, og ikkje held fokus på teksten. Her har me nok alle synda, men det er også tydeleg at då bryt samtalen saman, og har lett for å gå over i det me på godt norsk kallar ein krangel. Men det finst også andre fallgruver.


    Borte i bråket
    Me skapar ikkje ein samtale dersom me er avstengde og innelukka og rir våre eigne prinsipp. Då vil me heller sjå at folk slår kvarandre i hovudet og ikkje vil endra sine synspunkt ein tøddel, men vil visa den andre dummingen kven som har rett. Ein kan nok prøva å rettferdiggjera dette med at ein har masse kunnskap, og at ein vil informera andre, men då er det verdt å minna om det Frank Zappa sa:

    ” … informasjon er ikkje kunnskap og kunnskap er ikkje visdom”.

    I slike stunder er det me sjølv som er i sentrum, den andre er eit objekt, og diktet, ja det blir på ein måte borte i alt bråket. Me skapar heller ingen tillitsfull dialog om me er tankelause og bare lar skravla gå.

    Me opplever bare at det sosiale rommet vert oppteke av ei form for støy, det tome bråket som etterlet seg ein ekko av melankoli. I begge desse tilfella er det me sjølv som står i sentrum, sjølv om det i det siste tilfellet kanskje kan finnast eit ønske om å produsera eit sosialt glidemiddel som skapar minimal friksjon og konfliktar, men det skapar då heller ikkje noko som helst anna.

    Me kan av og til sjå korleis ei tru på det spontane og grenselause fører til det som den danske filosofen K. E. Løgstrup kalla ”formløysa sitt tyranni”. Dette vil ha den feilaktige premissen at alle former og reglar hemmar og skapar ufridom, medan det formlause og regellause skal tyda fridom og livsutfalding. Resultatet vert fort det motsette. Det totalt formlause vert på ein måte fridommen sin fiende og resultatet vert ei likesæle.


    Tillit
    Tek ein utgangspunkt i ei form for felles saklegheit der ein nærmar seg temaet med uttrykk som ”lat oss gå ut frå”, ”førestill deg at”, ”prøv å tenk deg at”, vil ein opne opp for den andre sine tankar og kunna utveksle kritiske synspunkt i ein fruktbar dialog.

    Nå må ikkje saklegheit oppfattast som det same som utveksling av tørr kunnskap. For det første så gjev målsetjinga støtte for ros og applaus, utrop og glede over eit dikt som fangar og opnar for opplevingar. For det andre kan endringsmålsetjinga også innebera at ein av og til, når tilliten er oppretta i relasjonen, kan seia klart og myndig ifrå om at i dette diktet ser det ikkje ut som du nyttar dei ressursane du har vist at du har. Her er du mindre mangetydig og fører eit slappare språk enn du har vist at du kan, og verkar i det heile tatt lite konsentrert.

    Nå er det ein ting med nettbaserte kommentarar som gjer dei til ein annleis situasjon og ein på nokre vis vanskelegare kunst, enn vanleg ikkje-virtuell kommunikasjon. Det er at det som me kan kalla tonen og geberder ikkje så lett trengjer gjennom. Det vil enkelt sagt, seia at kommunikasjonen ikkje bare består av innhaldet av dei orda me seier, men i måten me seier dei på. Vanlegvis vil dette altså ha med stemmebruk og kroppsspråk, blunk med auga, heva augebryn, ironisk tone i røysta og liknande ting å gjera.

    Svært mykje slikt får me ikkje fram på Diktkammeret, og difor oppstår det ofte unødvendige misforståingar. Det som er meint som ironi, vert oppfatta i fult alvor, og det som er meint som ein hyggeleg sakleg kommentar, kan oppfattast som latterleggjerande uthenging.

    Det er sjølvsagt at slikt lettast oppstår når den grunnleggjande tilliten ikkje er etablert, men slike misforståingar kan også rykke bort det fundament som tilliten var i ferd med å byggja opp i løpet av ein dialog.


    De gåtefulle diktene
    Nå skal det seiast at tonen i kommunikasjonen også kan formidlast gjennom måten ein set saman orda på, val av orda ein nyttar og også ved ei restriktiv bruk av teikn-symbol som smiley og ropeteikn.

    Så det er fullt mogleg for folk som har etablert tillit, å driva med både venlegsinna ironi, understatement, overdriving og alle slags krydder som gjer samtalar til ein fryd av fargerike uttrykk.

    Samstundes er det noko fascinerande ved sjølve temaet vårt som gjer at det aldri vert ei uttømt kjelde for kommunikasjon. Ingen får sagt den endelege fasitkommentaren om eit godt dikt. Diktet er gåtefullt og mangetydig og har alltid ein rest i seg som me ikkje kan snakka om, ei djupne i opplevinga som det ikkje finst ord for, og eg tykkjer det kan høva godt å slutta av med eit sitat av Sandor Csoori som seier noko om dette:

    ” … dikt er byrjingar, og å skrive dei er ei kjærleikserklæring som vert fornya heile tida. Dersom dikt vil visa oss noko, gjer dei det ikkje ved å visa oss noko overstått og avslutta, men ved å fanga vår vaknande interesse.”

    Helge Torvund er lærer i Diktkammeret, Dagbladet.nos forum for lesernes dikt.

  • Send inn egne dikt
  • Les Dagbladet.no/litteratur
KOMMENTERER DIKT: Helge Torvund er diktlærar i Diktkammeret. Her skriv han om å kommentera dikt.