Å lesa Göran Sonnevi

Å skriva dikt er eit vågespel. Dikt kan skrivast på mange måtar. Og på mange andre måtar enn den Göran Sonnevi har kome fram til. Hans måte er likevel noko som gjer meg godt, skriv Helge Torvund i februar 2002-leksjonen.

Eg hugsar godt ein av Bokdagane i Nasjonalteateret for ein del år tilbake. Det var maratonopplesing av norske forfattarar, utdrag frå romanar og noveller og dikt. Du maktar ikkje halda på konsentrasjonen heile tida, men sit ei stund, går ut og tek deg ein – ein halvliters pause. Går inn att, og eg var på veg ut, då eg sånn halvt om halvt høyrde at ein svensk poet vart annonsert, og så slo brått røysta til Göran Sonnevi gjennom. Det var ein intensitet kopla til ei inderleg ro i opplesinga som slo meg heilt ut. Eg stod urørleg frå han byrja lesa til han var ferdig, og lytta med heile meg.

När jag kan älska

står tingen vänliga omkring mig.

Oförmedlade

tränger de in i min kropps sinnen

som de är, i sin finhet,

bortanför varje innebörd,

slungar mig i ett rus av nykterhet –

(Outfört).

Dette var ein poet som trengde gjennom alt surr og småstøy og køyrde dikta sine inn i sinnet mitt med stor kraft. Det vart ikkje mindre sterkt då eg seinare på dagen var i bustaden min saman med nokre vennar og Göran Sonnevi vart intervjua på radioen. Han stamma sterkt når han snakka. «jag, den sönderhackade talar Talar också sönderhackat så att du bara delvis ska förstå mig». Men når han las dikta sine las han roleg og flytande! Også når han snakka var det ein stor intensitet og eit alvor i det han sa, som fekk meg til å kjenna at eg måte vera aleine med det. Så eg lurte meg ut på gangen, og stod og lytta bak mi eiga stovedør med gåsehud. Han er ein poet som kan seia ting så direkte, og så kortfatta og samanfattande, at eg bare gjev meg over:

I varje bit bröd

jag tar i munnen, finns

alla människor

hela jorden, hela himlen

och alla stjärnorna

Sonnevi finst også i eit breitt utval på norsk, «Et ansikt» gjendikta av Geir Gulliksen. Det er med Sonnevi som det er med det meste, du må lesa og leita og gå etter det som du sjølv får noko utav. Han har skrive mykje, og ikkje alt løfter seg opp frå papiret. Noko vert litt flate, dagboksaktige ting om kva han syslar med, noko vert kanskje litt teoretisk eller utanrikspolitisk tidsprega. Men, gong på gong, og på heilt uventa plassar, skjer det noko i dikta hans, det komplekse samlar seg til enkel innsikt, og han får dikta til å peika på noko du veit er vesentleg.

De levandes språk

har ingen gräns

De söker tillståndet

mellan varandre, där

alt är kärlek

Skuggen av

detta ljus

kommer också, men är

då bländljus

i ljuset

Kärnan av ömhet

öppnar sig ibland

helt utan förbehåll

Sonnevi skriv og veldig intime kjærleiksdikt. Lysande og med uventa opningar mot døden og vilkåra me lever under. Ein sterk diktar som vågar mykje. Slik byrjar eit av hans dikt:

Drömde om dig i natt

Drömde att jag

sprutade min ljusa säd rakt in

i din kropps mörker

Jag gick in

i din oändliga kropp

Ock du gick med mig, og bar mig

Det alvoret som Sonnevi presenterer sitt liv med, gjer at han reiser mennesket opp i ei ofte nedverdigande omverd, og kan tala om det som finst, både om det destruktive, om veikskapen og den konstruktive styrken. Han løfter dei kvardagslege hendingane opp på eit plan der me får ei kjensle av at livet me lever inneheld store og sterke ting kvar einaste dag. «Jag kan knappt/ tala, måste/ göra det/ibland/Inför vissa människor/har jag bara/tystnad» skriv han ein stad. Men han har også skrive om smilet som «får hela världen at skaka»! Av Sonnevi kan me læra at alt mogleg kan verta poesi, at ein kan seia ting på ein veldig enkel måte, og få fram tyding som er viktig, dersom desse tinga verkeleg er alvorlege for oss. Og me kan læra at det ikkje alltid lykkast sjølv for dyktige poetar. Å skriva dikt er eit vågespel. Men eg er ikkje så lei meg for dei tinga han har skrive som ikkje gjer inntrykk, som eg er glad for alt det som har betydd noko for meg. Og det er vel ein lærdom som er grei å ta med seg inn på Diktkammeret. Dikt kan skrivast på mange måtar. Og på mange andre måtar enn den Sonnevi har kome fram til. Hans måte er likevel noko som gjer meg godt. Å lesa hans dikt er som å sitja saman med eit menneske og oppleva verda.

när jag sitter tilsammans med dig

i ett rum

får jag ofte impulsen

att gråta

Att jag känner

vågor av

värme, och en

sådan

närvaro, att gråten

blir oundviklig

TORVUND OM SONNEVI: «Å lesa hans dikt er som å sitja saman med eit menneske og oppleva verda.»