Å liggja lågt

Dagen etter en sein rangel avbrøt Robert Bly en gjespende kjedelig litteraturkonferanse. Les Helge Torvunds andre leksjon om den amerikanske poeten.

Les også: Kven du enn er, ta ein kveld eit steg ut!

(Dagbladet.no): I staden for å innta ein høgtståande synsstad med overblikk og autoritet, ser det ut til at det å liggja lågt, er ein posisjon der Robert Bly lettare får kontakt med ein naturvisjon der mennesket kan gå opp i ein heilskap. Det er mange døme på dette i dikta hans:

«[eg] kjenner ein lengt etter å leggja meg på kne, setja knea mot jorda. Noko i meg flyg ut over vatnet som bitar av lyn ...» (Frå «Morgon ved innsjøen.»)

«Dersom me legg oss ned på kne og pustar inn angen, kjenner me oss plutseleg sårbare, som å minnast ved middagstid ein detalj frå ein draum me hadde om natta. Noko har plassert ansiktet vårt nær sanninga, nær dei beinete tennene til sjøen.» (Frå «A Rock Crab», ikkje med i dette utvalet.)

«Når eg skriv dikt, må eg vera nær gras som ingen andre ser, som her på denne plassen, der eg sit i ein time under bomullstreet. Det lange graset har lagt seg til det fløymer. Kva eg enn er ... om den store hauken kjem for å leita etter meg, så er eg her i dette graset. Vridde kvistar har falle ned i det. Graset som ennå er grønt frå i sommar, stikk ut frå det tørre graset, som håret til den eldgamle, som me strauk om morgonen.

Og kor vakker han er, denne ringen av tørka gras, bleik og gul, som legg seg kring den halvt skjulte greina – graset fløymer over ho, og er bleikt, ferdig, har stige opp, ikkje lenger egoistisk, krinsar ikkje lenger om sin eigen munn, nå krinsar det kring Guden ’for avstand og fråvær’. Dei bleike blada ligg nær kvarandre, i sirklar kring den uttørka pinnen. Dette er ei grein som regnet ikkje brydde seg om, og oversåg, medan ho fall inn i natta på menn som heldt hestar på gardsplassen; og sollyset var glad for at greina kunne ignorerast, og ikkje spurde om å verta elska – så har elska eg deg – og greina og graset ligg her forlatne, ein del av dei ville tinga i verda, som bare vert lagt merke til ei lita stund av ein tung, nervøs mann som sit attmed dei, og kjenner at han i denne augneblinken har meir glede enn nokon andre som lever.» («Gras frå to år».)

Den viktige einsemda

Eg har tidlegare nemnt at einsemda er ein tilstand Bly hevdar er fruktbar for det å skapa.

MØTE MELLOM POETER: Artikkelforfatter Helge Torvund (til venstre) har gjendiktet Robert Bly til norsk, og skriver her den siste av to leksjoner om den amerikanske poeten. Foto: ROAR VESTAD
MØTE MELLOM POETER: Artikkelforfatter Helge Torvund (til venstre) har gjendiktet Robert Bly til norsk, og skriver her den siste av to leksjoner om den amerikanske poeten. Foto: ROAR VESTAD Vis mer

Han har ein stad uttalt at eit skrivekurs burde innebera at studentane budde heilt aleine i små hytter utan at dei hadde lov til å ha besøk. Læraren kunne kome innom ein gong i veka for å snakke med dei.

Einsemd er viktig for å roa sinnet ned, for å opparbeida sensitivitet, og opne kanalane til vage impulsar frå det umedvitne. Snakking vert ofte ein faktor som fyller ein med det som andre er opptekne av. Som får ein til å gjenta det som andre seier og dreg psyken i retning av normer og felles oppfatningar. Dette rotar til kontakten med det i ein som skapar dei genuine poetiske bileta. Dei som spring opp frå eit djup inne i ein sjølv.

Bly snakkar ein stad om meditasjon som intensivert einsemd. Ei form for meditasjon er viktig for å klara å gå ut over dikotomiar som godt og dårleg, fortid og framtid og subjekt og objekt.

Skodde: ingen på den andre stranda.

Det kan henda at trea eg ser har medvit

og at trongen til å gråta kjem frå dei.

(Frå «Jumping Out of Bed», 1973)

Bly ser òg gjennomslaget den orale tradisjonen har fått i nyare tid, som svært viktig. Dikt som vert lesne høgt, ord som flyg gjennom lufta.

Denne eldgamle tradisjonen fekk ein fornyar gjennom Dylan Thomas, og i Amerika har mellom anna Allen Ginsberg og Bob Dylan ført tradisjonen vidare.

Bly er oppteken av at dikta skal førast nær det naturlege når det gjeld uttrykksmåte. I boka si om omsetjing av poesi har han eit eige stadium i prosessen der han sjekkar korleis diktlinjene stemmer med det munnlege språket, måten det er naturleg å seia ting på. For Bly sjølv har det å framføra dikta vore ein leveveg.

Poetar på rangel

Bly kom etter kvart til å venda seg sterkare mot eit publikum. I dei seinare åra har han vore ein sentral person på ei lang rekkje konferansar og samlingar kring tema som menn og mytar. Vennen og kollegaen Donald Hall har fortalt om ei hending som hadde mykje å seia for korleis utviklinga til Bly vart.

Det skjedde i Texas i 1966. The National Council of Teachers of English hadde invitert unge poetar, som dei kalla det, til ein konferanse i Houston. Robert Graves og Richard Eberhardt skulle halda foredrag. Dei fleste «unge» poetane var førti år eller der omkring. Det var mellom anna Robert Creeley, Robert Duncan, Gary Snyder, William Stafford, Robert Bly og Donald Hall.

Mange av dei flaug ned frå Chicago saman. Dei stod i midtgangen på ein 707 og song «Yellow Submarine» – Bly, Snyder, Creeley og Hall. Dei var oppe heile natta på eit hotellrom i Houston og snakka om poesi.

Dei heldt det gåande til klokka seks om morgonen.

Eberhardt skulle halda foredrag klokka halv ni, så det vart ikkje mykje søvn. Dei møtte i ein kjempestor hall med «tusenvis av engelsklærarar.» Dei trøytte poetane, som delvis var i bakrus, vart servert eit tradisjonelt program med keisame og konservative utgreiingar om poesi og sivilisasjon. Ein søvndyssande kontrast til den engasjerte samtalen om natta. Då ein professor tok til å snakka om villanellaen og fekk det til å høyrast ut som alle dikt gjekk ut på det same, at det ikkje hadde noko å seia kva du sa eller korleis det vart sagt, reiste Robert Bly seg opp på fremste rad.

Han snudde seg mot dei tusen tilhøyrarane, avbraut programmet med å seia: «Han tek feil. Me bryr oss om dikt. Poesi er viktig og nokre dikt er betre enn andre.»

Hall hugsar ikkje nett korleis Bly ordla seg vidare, men fortel at når Bly snakka på denne måten, så var det alltid med entusiasme. Det vekte alle opp. Tusen lærarar klappa intenst. Då Robert sette seg ned, og programmet skulle halda fram, ropa ein frå publikum: «La oss få høyra poetane!»

Så tok poetane over, og gav blaffen i programmet. Ein etter ein las dei og snakka. Dette var under Vietnamkrigen og mange snakka om politikk. Robert Bly hadde gjeve dei mot, og Hall meiner at Bly nett i denne situasjonen oppdaga ei plattform for si seinare verksemd som ein poet vendt mot publikum.

Bestseljar

Med boka «Iron John. A Book About Men» (1990), nådde han ut til mange fleire lesarar. Boka hamna på bestseljarlistene i USA og vart omsett til mange språk. Bly kom i fokus som leiar for samlingar der menn snakka om utviklinga si og på ulike uortodokse vis, gjennom eventyr, dikt og chanting, arbeidde med å koma vidare.

Seinare har han også publisert «The Sibling Society» (1996) som ser på den vestlege kulturen som ein stad der ein ikkje har eldre modellar å rådføre seg med. Ein ser ikkje opp til mogning, ser ikkje opp til dei som er eldre, men ser bare til sides, på dei jamgamle. Ein kultur utan modellar for personleg utvikling, kallar han det.

Robert Bly har gjennom si verksemd som poet, reflektert essayist, omsetjar, tidsskriftredaktør, opplesar og medverkande på mange konferansar, påverka det litterære livet i USA. Men det han står for og måten han skriv på, er altfor mykje av ein levande dans til at ein kan setja nålespissen i det, få plassert det på eit brett og skriva eit latinsk namn under.

Sjølv om det ikkje er nokon bråe brot eller sprang i utviklinga av poetisk praksis hjå Robert Bly, trur eg me kan skilja ut nittitalspoesien ved å seia at i dei to bøkene «Meditasjonar over den umettelege sjela» og «Morgondikt» er eit personleg eg meir tydeleg enn tidlegare.

Meir biografisk

Det har vorte retta kritikk mot dei første bøkene hans for at dei mangla autentisitet i og med at han her unngjekk spesifikke sjølvbiografiske detaljar. Det kan vera vanskeleg å sjå dette som nokon veikskap i dag, men Bly har sjølv i periodar sakna ein psykisk tyngde i ting han skreiv. Ei tyngd som han sjølv trur «kjem frå det å opna kroppen mot sorg, venda ansiktet mot ditt eige liv, absorbera mistaka du og foreldra dine og landet ditt har lidd under, og handsama det som ein i alkymien kallar \'bly\'.»

I bøkene «Morning Glory» og «The Man in the Black Coat Turns» har dette endra seg noko i høve til dei tidlegaste bøkene. Men i dikta om faren i «Meditasjonar over den umettelege sjela» er ei slik sorg tydeleg til stades. Livssoga til Bly og faren og mora er i fokus på ein svært direkte måte. Desse skarpe og opne dikta fortel med eit stramt, men sprelsk, biletskapande språk om erfaringar som både er svært personlege og samstundes allmenne; å sitja ved foreldra si dødsseng er ein del av svært mange sin livsprosess.

Og dei prosessane som Bly har skildra omstendeleg og kunnskapsrikt i boka «Mannen», ligg her inne som eit bakgrunnsstoff han kan ausa av når dikta formulerer seg.

Samstundes skriv Bly med omfattande og kompleks fylde om forholdet til barna i den kulturen han er ein del av. Diktet «Sinne mot barn» er eit dikt om vår måte å handsame barna på, eit forsvar og ei forklaring på at me får ei oppveksande slekt med slike karakteristika som han målar ut på eit større lerret i «The Sibling Society».

Levd liv

I «Morning Poems» er tonen for det meste mindre dramatisk. Her møter me den aldrande poeten som lever gjennom sitt arbeid og skildrar kvardagslege stemningar gjennom dikt som han skriv i senga kvar morgon. Med utgangspunkt i senga, veggane, kaffien og bøkene dreg han ut på ekspedisjonar mot klassiske tema som barndom og død, men har også samtalar med ei mus og med sjela.

Det er ein ny tone i mange av desse dikta, sjølv om Robert Bly er gjenkjenneleg. Djupna av erfaring både av levd liv og av arbeidet med å utvikla presisjonsnivået i poesien, gjev seg utslag i mange dikt som trass i sin slentrande tone, er stramme i forma og tåler mange nylesingar.

Dei siste åra har Robert Bly makta å fornya poesien sin i fleire rike samlingar der han mellom anna byggjer på dikta sine på den austlege ghazal-forma.

I «The Night Abraham Called To The Stars» startar denne fornyinga med dikt som inneheld store perspektiv, intense sprang og ein elektrisk galskap som gjer uventa ting med lesaren. Han held ved like det politiske engasjementet i samlinga «The Insanity of Empire: A Book of Poems Against the Iraq War», og vender attende til ghazal-forma i si siste samling til nå: «My Sentence Was a Thousand Years of Joy», bare at her han enda meir ekstatisk og med inspirasjon mellom anna frå iransk og indisk musikk har han skapt nokre biletmetta dikt som viser at han står på høgda av si skaparevne.

Leksjonane om Robert Bly er ein lett endra versjon av etterordet i boka «Morgondikt» som kom ut på Samlaget i 1999.

LES OGSÅ: