Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Å lytta til stilla i oss og omkring oss

I leksjonane mine skiftar rørsla heile vegen, frå samanbinding til brot, frå gjenkjenning til underleg-gjering, frå det å vera i eiga sansing til det å ta eit anna perspektiv. Denne gongen går rørsla inn og ned, men også ut og opp.

Når ein uttaler eit ord eller eit dikt, er det ein storleik som straks meldar seg som motpolen til dette; opp mot lyden av ordet reiser stilla seg. Å lytta til stilla i seg og omkring seg er ein måte å få kontakt med det som vil uttrykkjast gjennom deg. Jan Garbarek sa ein gong han vart intervjua om kva musikk han høyrte på, at det mest inspirerande han lytta til var «stillheten». I førre leksjon skreiv eg om det å gå ut av seg sjølv og ta eit anna perspektiv. Denne gongen handlar det om å gå inn i seg sjølv. Eg snakkar om ein meditativ tilstand. Det å sitja heilt i ro ein stad der ein sit relativt godt. Ikkje alle kan finna ein stad der det er ro. Og alltid vil det vera lydar ein høyrer når ein søkk ned i kroppen si stille. Kanskje er det lydar ein ikkje var merksam på før, lydar som kjem frå kjøleskapet eller gata eller naboen. Desse skal du notera deg! Når du sit stille, vil du ofte merka ei uro etter ei stund. Ofte etter bare nokre minutt. Men vent litt til! Du får lyst å gjera

noko, kjem på noko det hastar litt med. Men prøv å hald deg i ro. Du er på jakt etter noko som vil diktast. Du gjer noko. Du er aktiv fordi om du sit heilt stille, så bare slapp av!

Kva slag tankar stig til overflata? Kva slags bilete viser seg? For mange kan dette å vera heilt stille, å teia, ikkje gjera noko, bli litt skummelt etter ei stund. Det er fordi alt du har prøvd å la vera å tenkja på eller å kjenna, vil ha merksemda di! Då kan det kjennast kaotisk og mektig, og du kan bli nervøs av det. Vert det for gale kan du bryta av og prøva på nytt med korte tidsspenn. Skriv ned noko av det som kom opp i deg. Det er bare bra om det ser rart og annleis ut. Det er nettopp det som er det fine med denne kjelda. Her kan det koma ting som er originale og heilt dine eigne. Her er eit bilete og eit spørsmål som steig opp i meg, og som vart eit dikt:

Han glir ned langs innsida

av den store smeltekjelen

og ender på rygg på botnen

Krøller seg saman der

overvelda av harde auge

i skulegarden, på torget

over alt slår brutaliteten

ring, verklege og muskelvarm

Kan ein sleppe barn ut

på dei opne plassane

Om det er private og djupt personlege ting som kjem fram, så er det bare bra i denne fasen. Den amerikanske poeten Robert Bly har ein gong sagt at eit skrivekurs burde innebera at studentane sat heilt aleine i små hytter utan lov til å ha besøk eller snakka med nokon. Bly har skrive dette:

Det finst ei einsemd som svart søle!

Eg sit i mørkret og syng,

eg veit ikkje om denne gleda

kjem frå kroppen, eller sjela eller ein tredje plass.

(«Sitting alone» frå samlinga Jumping out of Bed,1973)

Når ein har minimalisert inntrykka ei stund ved å sitja stille, kan ein av og til merka at merksemda vert skjerpa etterpå. Heilt enkle ting kan stå tydelegare fram og få nok betydning til at ein vil skriva dei ned:

Medan eg såper inn håret

Fell skuggen av lengt

På vatnet

Slik får den rørsla som starta med å gå innover eit svar som går utover; ein ser på verda med vaska auge:

Eg kom ut

av ein tilfeldig dag

Ein likegyldig

kvardag

og såg rett inn

i mitt liv:

Hus og tre

reiste seg

ikring meg

Menneske

tok eit steg fram

med nervar og hud

Eg oppdaga kleda

dei hadde på seg

Kva dag det var:

Denne dagen

Kva time det var:

Denne timen

Når ein har lytta til stilla, - til tankane og kjenslene - og så til stilla igjen, den stilla som er nedanfor og over, som me veit om, mellom grasstråa inntil steinen ved vegen, der ute mellom stjernene i mainatta, under jernrista over kjellarvindauga i den gamle bygården, - så kan verda koma oss i møte. Og det kan verka som om det har noko for seg å skriva ned dei enklaste ting. Som om livet kan levast saman med desse tinga, og vera rikt.

Tidleg i dag sykla eg gjennom

store sveip av syrin

henta ein pose nybaka brød

Sykla lydlaust gjennom alleen

Nyutsprungen osp og lønn

lukta uferdig vin

og forventning

Send inn ditt dikt!

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media