Å misbruke ein 15-åring

TYRKIA: Cüneyt Ertus er 15 år. Eg kjenner han berre frå TV. Han og foreldra bur i den kurdiske byen Colemerg.

Eg anar ikkje om Ertus-familien var med på Newroz-festen 21. mars. Men oppslutninga om den kurdiske festdagen var i år større enn nokon gong. Dans, tradisjonell bålbrenning, song, musikk, politiske appellar og endå meire dans viste fram kurdisk samhald og fredeleg kampvilje. Framfor eit millionpublikum i Amed (tyrkisk: Diyarbakir) heldt Leyla Zana ein flammande appell for kurdisk rett til demokratisk autonomi.

Politi og soldatar prøvde samtidig å knuse Newroz-festen med våpen og vald i nokre av byane i Tyrkia. Dei drap to unge menneske i Gever og i Wan. Ingen veit kor mange som vart skada. Kurdarar seier Tyrkia tok hevn for det militære nederlaget da den tyrkiske invasjonen i nordlege Irak mislyktest i februar.

I dagane etter Newroz gjekk mange ut på gatene for å protestere mot politivald og drap. 15 år gamle Cüneyt gjekk og ut på gata i Colemerg, men med eit anna ærend. Han skulle handle mat. Ein sivilkledd politimann arresterte Cüneyt før han kom til butikken.

Dagen etter sat eg på eit hotellrom i den fredelege sørkurdiske byen Hewler og såg på TV-nyheter. Reportaren retta kameraet mot den arresterte 15-åringen. Politimannen bendte armane hans bak på ryggen og hadde full kontroll. Tre andre politifolk stod rundt og såg på dei to. Cüneyt bøygde seg framover. Kanskje han prøvde å lindre smertene frå politigrepet?

TV-kameraet er tett på dei to. Da skjer det noko. Politimannen vrir og bøyer høgrearma til Cüneyt bakover og oppover. Så høyrer eg den nifse, knasande lyden som oppstår når bein først blir bøygd sakte og til slutt gir etter og blir bryti sund. Politimannen ser heilt roleg ut mens han mishandlar Cüneyt. Han snakkar rett mot kamera: «Sjå på alderen hans. Dei misbruker ham». Politiet køyrde Cüneyt rett i arresten med brekt arm. Han fekk ikkje legebehandling og fekk heller ikkje advokathjelp. Eg gløymer ikkje den sjokkerte stemmen til far hans som fortalde om dette neste dag då foreldra hadde funni ut korfor han ikkje kom heim etter handleturen.

Dette er ikkje det grovaste tilfellet av tyrkisk statsterror etter Newroz-festen. Men det er godt dokumentert med TV-opptak.

Eg oppfordrar utanriksminister Gahr Støre og justisminister Storberget til å stille seg bak kravet om uavhengig etterforsking av dette overgrepet i ein av dei viktigaste NATO-statane.