Debatt: Israel

Å påpeike at Israel bryt folkeretten er ikkje demonisering

Om Grøvan, Schau og Gulati vil behandle Israel på lik linje med alle andre land, slik dei skriv, burde dei reagere overfor folkerettsbrota Israel står bak, ikkje lønne dei med auka handel og samarbeid.

DREPT: 190 palestinere ble skutt og drept under demonstrasjoner på Gazastripen i fjor, blant dem 34 barn, det yngste bare fire år, viser en rapport fra B'Tselem. Her bæres 43 år Amal al-Taramsi, som ble drept under en demonstrasjon 11. januar, til graven i Gaza by. Foto: AP / NTB scanpix
DREPT: 190 palestinere ble skutt og drept under demonstrasjoner på Gazastripen i fjor, blant dem 34 barn, det yngste bare fire år, viser en rapport fra B'Tselem. Her bæres 43 år Amal al-Taramsi, som ble drept under en demonstrasjon 11. januar, til graven i Gaza by. Foto: AP / NTB scanpixVis mer
Meninger

I eit tilsvar til kritikken min av regjeringa sin ubalanserte Midtausten-politikk gjer stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Ingjerd Schou og Himanshu Gulati eit uelegant forsøk på å legge ord i munnen min. Det kan ikkje få stå uimotsagt.

Eg skriv ikkje at Israel er eit monster, som stortingsrepresentantane påstår. Eg viser til at det israelske militæret skaut og drap 55 palestinske barn i 2018, noko som er dokumentert av den israelske menneskerettsorganisasjonen BT’selem. Om Grøvan, Schou og Gulati meiner at dette gjer Israel til eit monster, så betyr det vel at dei sjølve ser kor hårreisande det israelske militæret si framferd er.

Forøvrig refererer eg og til at Israel systematisk bryt folkeretten og krenkar palestinske menneskerettar. Dette er ikkje demonisering av Israel, det er å vise til det som gjentatte gongar er vedtatt i FN-reolusjonar, sist i 2016.

Eg oppfordrar heller ikkje til boikott av Israel i innlegget mitt, som representantane påstår. Eg skriv at retten til boikott er ein del av ytringsfridomen. Det er ein sivil og politisk menneskerett som den norske regjeringa burde verne om, heller enn å slå ned på.

Om Grøvan, Schau og Gulati vil behandle Israel på lik linje med alle andre land, slik dei skriv, burde dei reagere overfor folkerettsbrota Israel står bak, ikkje lønne dei med auka handel og samarbeid. Å gjenta myta om at Israel er det einaste reelle demokratiet i Midtausten, gjer den ikkje sann. Landet vedtok i fjor sommar ei ny nasjonallov som gjev færre rettigheiter til nær ein femtedel av landets befolkning på bakgrunn av religion. Det er ikkje demokrati, det er apartheid.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.