Å røre ved bokstavene

«MEN DET SKAL

vel skrivast 'bason'?» Slikt svarte ein «mann på gata» som NRK spurde midt i februar da journalistane laga oppslag kring nokre forslag i Norsk språkråd om nye valfrie skrivemåtar. Det verka som mannen var litt ironisk, for det er jo merkeleg at «beiken» skal skrivast heilt annleis enn ein seier ordet. Slikt er ikkje det vanlege i norsk. Vi har ein stavemåte i både bokmål og nynorsk som er i godt samsvar med uttalen. Det har nemleg vore eitt av siktemåla med rettskrivingsreformene gjennom snart 150 år. Dei fleste avvika mellom skrift og tale i dag kjem av at det er teke omsyn til dialektforskjellar i landet.

Skriv vi lånorda slik dei ser ut i långivarspråket, ser vi at dei er lånt gods. Dette var standpunktet åt f.eks. Gustav Indrebø. Han såg på skrivemåten som ein måte å brennemerke orda på. Slik kunne ein lettare bli kvitt dei att.

Men det går ei grense for kor langt ein kan føre ein slik puristisk politikk. I mange tilfelle kan det vere ein rikdom å få inn nye ord. Det har endatil dei største puristane i nabolaget vårt - altså islendingane - innsett. Det er ikkje noko prinsipielt gale i å importere ord. Sirka 30 % av orda i norsk er komne utafrå siste 1000 åra. Ein som ikkje er spesialist, vil ha store problem med å skilje dei importerte orda frå gamle arveord. Alle er naturlege og fullgode i norsk i dag. Ofte får dei også nye betydningar og nyansar som ikkje finst i opphavsspråket. Vi kan komme skeivt ut om vi omset direkte til engelsk slike ord og uttrykk som 'sjekke damer', 'broiler', 'dress', 'teit' osv. Engelsk er engelsk, og norsk er norsk, og forskjellane må sjølvsagt øvast inn her likeins som ein må lære at 'ute på landet' ikkje kan bli til 'out on the land'.

DET ER INGEN

grunn til å setje desse orda verken i skammekroken eller i heidersstolen med å bokstavere dei på ein fremmend måte. Når vi tek inn nye ord, kan vi likså godt gjere dei til våre eigne med å tilpasse dei til systemet i norsk - slik vi har gjort det med dei gamle låna: klede, dans, skildre osv. Frå engelsk har vi alt f.eks. frilans, teit, stuert, kjeks, trål og vinsj. Unntak frå dette enkle norske mønsteret er pedagogisk forvirrande og tener mest som markørar av «høiere Dannelse».

Første offisielle tiltaket om å skrive utalandske ord på norsk kom i 1862. Pedagogen Knud Knudsen førebudde saka, og han såg fordelane i å skrive f.eks. filosof beint fram i staden for Philosoph. Seinare har myndigheitene følgt opp i mange omgangar.

Av disputtane etter Språkråds-vedtaket i februar i år om å lansere valfri norsk skrivemåte på sirka 40 ord frå utalandske språk får ein inntrykk av at mange ikkje er klar over denne vel 140 år gamle tradisjonen. Protestantane skriv sjølvsagt byrå, dusj, eksem, estetikk, konklusjon, losji, miljø, nøytral, permisjon, perrong, plysj, poeng, refusjon, rekonvalesent, rutsje, sersjant, sertifikat, sjakk, sjal, sjokolade, sjåfør, skjema, terreng, tusj osv. Dei hadde vel protestert i si tid mot desse skrivemåtane også, men i dag er dei truleg glade for at dei kan få skrive som dei gjer. Dei færraste greier å sjå for seg kva bokstavar dei elles hadde å stri med.

Dette er ingen særnorsk tradisjon. Alle dei nordiske språka har slått inn på denne kursen, men det skiftar noko kor konsekvent politikken er blitt gjennomført. Og elles i verda er tilpassing av skrivemåten det vanlegaste.

I 1996 BAD

Kulturdepartementet om at Språkrådet greidde ut dei prinsipielle sidene ved å «norvagisere» ord som kjem inn, for å unngå tilfeldig behandling. Utgreiinga var klar året etter, og i 1998 vedtok Språkrådet detaljerte prinsipp for dette normeringsarbeidet. Dei blei godkjende av departementet, og normeringa kunne dermed foregå meir systematisk, slik ho blei i 2000 og no i 2004.

Språkrådsvedtaka i 1996, 2000 og 2004 (der rettnok beiken ikkje kom med) representerer ingen tvang, for nesten alle orda med ny stavemåte kan òg framleis skrivast på «gamlemåten» (dvs. engelsk). Derimot vil motstandarane tvinge elevar og andre til å skrive norske kvardagsord på engelsk.

Det er svært skiftande kor lang tid det tek før endringane slår igjennom. Suksessord kan sigre på 10 år, som f.eks. skrivemåtane sjanger og bløff for genre og bluff - for å nemne nokså ferske eksempel (frå 1984). Sjølv det ordet som i 1996-striden fekk største overskriftene, nemleg sørvis, er no på veg inn. Men oftast må ein vise tol og vente ein generasjon eller to. For eksempel blei skrivemåten sjanse innført i offisiell rettskriving i 1938, men Aftenposten heldt på chanse heilt til 1993. Da måtte avisa gi seg der. Nyleg gav ho òg opp lunch, som i norsk rettskriving blei til lunsj i 1924.

Tradisjonen med å skrive ord frå andre språk på norsk har ofte vekt debatt, for vanar skal vendast. I ein diskusjon i Morgenbladet i 1838 om ev. ny skrivemåte sukka ein innsendar: «Tilsidst vil jeg bede Gud bevare os fra to slemme Ting, nemlig: Cholera og Orthophonisme!» Med det siste ordet sikta han til norsk skrivemåte.

SÅ LENGE

skrivemåtane er heilt nye, blir det reagert imot dei med argument som at dei er latterlege og vulgære. Slik er det no, og slik var det da causerie blei til kåseri. Når vi har vant oss til det nye, blir derimot det gamle både underleg og forvirrande, som f.eks. jaloux og bureauchef. Da er vi godt fornøgde med det vedlikehaldet vi har utført på språket.

Før hundreårsskiftet engasjerte språkprofessoren Johan Storm seg mot endringane, for dei vitna om mangel på «Kultur, Smag og høiere Dannelse». Han ville at «det levende liv» (dvs. aviser, forlag osv.) først skulle ta i bruk norsk skrivemåte, så skulle rettskrivinga komme etter. Skulle vi brukt den framgangsmåten, hadde vi nok alle skrive både chaffeur og check i dag.

Diskusjonane om desse skrivemåtane dreiar seg om meir enn bokstavar. Som før viser debatten korleis språket fungerer som kulturelt symbol. Det foregår ein kamp om symbola og distinksjonskriteria, og igjen prøvar dei med hegemoniet å bruke latteren og smaken som våpen. Det er heilt etter oppskrifta som er beskriven i maktutgreiinga frå i haust (Østerud o.fl., f.eks. s. 282). At somme går av hengslene pga. at Språkrådet rører ved bokstavane, avslører godt kulturmotsetningane. Derfor er disputten nyttig.

Dessutan er offentleg refleksjon om språkideala viktig med tanke på å styrke posisjonen for norsk overfor verdsspråket engelsk. Det er nemleg ein gjengangar at engasjement i spørsmål om ord og bokstavar heng godt saman med engasjement i spørsmålet om statusen åt språket. Somme ønskjer å rekne dei to spørsmåla som ulike saksfelt, men begge har det felles at dei dreiar seg om symbolsk makt.