Å si om seg selv

Mangfaldige og varierande dikt som ein aldri veit kvar endar.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Espen Stueland forundrar og forvirrar lesaren på ein svært fruktbar måte med si blanding av intellektuelle, leikne og kjenslenære tekstar i si bok «Å si om seg selv». Poeten går friskt laus på eit mangfald av tema, og varierer også sterkt i skrivestil.

På den måten vert boka med det sentrallyriske ordet «selv» i tittelen eit bilete på det nyanserte og mangfaldige i menneske som ikkje kan setjast på nokon enkel formel.

På sitt djerve vis utfordrar Stueland lesaren og utvidar oppfatninga av kva eit dikt kan vera. Når me trur me har funne ein måte å lesa på, kuttar han brått, grip fatt i ein digresjon og gjer den til eit hovudspor. Og Stueland oppnår dermed å gjera oss både muntre og irriterte.

Heilt uvesentleg

Det som kanskje er den tydelegaste veikskapen, vert likevel at det av og til står nokre dikt på sidene, eller nokre linjer i dikta, som det er lite ved. Det viser noko ved det tilbakevendande problemet ved det ein i dag kallar «å våga å skriva dårleg». Heilt uvesentlege ting, ordspel eller flotte uttrykk som eg ikkje kan sjå er tilført noko gjennom poetens omarbeiding, får då ufortent mykje merksemd. Ein vilje til prat slår igjennom. Men dette er unntaka. Og kanskje naudsynt for å bryta grenser.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.