Å sjå tinga som nye

Slik eg ser det, er eit av måla med poesien å få menneska til å venda heim til verda. Er det ikkje rart då at ein nyttar ulike poetiske teknikkar for å underleggjera det vante og vanlege menneska er omgitt av?

Nei, samanhengen er klar. Det er mellom anna vanen, den såkalla habitueringa av sansane, dette at me sluttar å merka det som me har sansa nokre gonger, som fjernar oss frå den opplevde nærleiken til tinga kring oss.

Vanen er eit tosidig dyr. På den eine sida får den oss til å føla oss heime i kvardagen, - me kjenner igjen det som er kring oss, og det gjer oss trygge og avslappa. Det andre er at vanen legg sansingane brakk, og me sluttar å oppfatta tinga som omgjev oss, fordi me er så vant med at dei er der. Me tek dei for sjølvsagte. Før me veit ordet av det tek me livet for sjølvsagt! Me legg ikkje lenger merke til dei små tinga som dagane våre er bygde opp av. Det kjem ein avstand inn og me vert framande i våre eigne kvardagar. Det som er, vert borte me går sløvare gjennom verda. Våre tankar om framtida og fortida vert verkelegare enn det som er nå.

For å bryta ned denne tåka av vanetankar og presentera verda som ny, som her! - og nå! – er det at poesien må sprengja veg inn til menneska sitt medvit med å underleggjera tinga.

Gaffel

Denne merkelige gjenstande må ha krøpet

Lukt ut av helvete.

Den ligner en fuglefot

Båret rundt kannibalens hals.

Når du holder den i hånden,

Når du stikker i et kjøttstykke med den,

Er det mulig å forestille seg resten av fuglen:

Hodet er som knytteneven din,

Diger, skallet, nebbløs og blind.

Så direkte kan ein poet som jugoslavisk-amerkianske Charles Simic gjera det. Men det finst og poetar som skriv dikt om kor viktig det er å oppdaga tinga kring oss slik dei er, for å frå fram dette poenget. Mange kjenner William Carlos Williams dikt

mye kommer an

en rød trillebår

som

skinner av regn

ved

siden av hvite

høns

Her ligg underleggjeringa mest i at poeten påstår at dette er viktig, samstundes som han på ein klar og verknadsfull måte målar fram eit konkret bilete for oss. Hallo! Dette er verda vår. Ho er like ved. Og du er også her, O.K.? seier dette diktet.

Det finst ei uendeleg rekkje måtar ein kan underleggjera tinga kring oss på, og det å skriva dikt, er å heile vegen finna opp nye måtar. Men utgangspunktet er sjølvsagt at poeten har vore i verda. At ein kjenner denne nærleiken, at ein er tilstades, at ein er merksam. Ved å løfta fram kjenslene, opplevinga ein har hatt i møtet med verda kring seg, knytar poeten bandet til omverda fastare. Gjer oss til jordbuarar. Men dette kan ein ikkje gjera ved å skriva om den vakre fullmånen slik det er gjort hundre gongar før. Då ser me bare den vakre klisjeen og myten me har laga.

Femten jorddiametre borte:

Månen med ødelagt ansikt

suger havet en meter til seg

Den spedalske kongen der ute

behandles med solskinn

i en lufttom natt

mens en globus i full størrelse

beveger seg langsomt rundt

i eit omslag av vind

Sjølvsagt kan me skriva vakre dikt. Men om det som alt er omskrive og opplest og vedteke som vakker, må ein kanskje nytta andre slags ord for at ikkje orda våre bare skal leggja seg ned på matta framfor inngangsdøra til lesaren, og aldri verkeleg setja i gang noko der inne. Difor skriv Rolf Jacobsen slik om snø:

Tett snevær fyller gatene om morgenen

som en slags sinnsykdom i lyset

- noen som prøver å spille fløyte med amputerte hender

og tette igjen trafikklysene med

knipplingslommetørklær

men det mislykkes som ethvert forsøk

på å forandre vårt verdensbilde blir det selv forandret

til oljesøl og urin og renner bort i kloakkene.

Kva kan så poetane gjera for å trena seg opp til å sjå tinga på ny, og skriva slik om dei? Fleire ting: Øva seg i merksemd, slik me var inne på i leksjonen om å lytta til stilla. Trengja gjennom sine eigne vanetankar og oppfatta tinga som ting, som konkrete gjenstandar, som form; ikkje som «barberhøvel» eller «garasjedør» eller «rettferd» – men som den tingen som møter sansane dine og sjå kva slags bilete som då dukkar opp og vil språkast.

Det andre er å sleppa taket i det vante språket, og la orda finne nye partnarar og få lov til å endra yrke. Ein tredje ting som motverkar framandkjensla, er å gjera seg kjent med korleis ting heng saman. Det skal me koma tilbake til seinare.

Tor Ulven skal få avslutte denne leksjonen:

Det kreves

støvler av svartjord,

embetsuniform av lav,

parykk av myrull,

for å stå ubevegelig

her,

og vente til en blir

sporløst

født.