Å skriva fram ei tydeleg verd

Den første linja i eit dikt kan me oppfatta som ein liten sti som lesaren sine auge går inn i teksten på.

For å oppnå kontakt med lesaren, for at teksten skal verta ein møtestad, trur eg det er viktig at me skapar noko som er gjenkjenneleg, «eit landskap» som set i gang ein prosess inne i den som les. I kritikken av ei diktsamling han hadde lese, skreiv poeten Olav H. Hauge ein stad i dagboka si:

«For mykje generalitetar! For abstrakt. Vanlege sanningar, lite slåande bilete, ingen ting som stend att etter lesnaden. Gjeng ikkje direkte på konkrete situasjonar, ikkje presise detaljar.»

Dette er ei god oppsummering av ting som me skal motarbeida med denne leksjonen.

Det me må prøva på, er å skriva fram ei tydeleg verd, slik at kroppen til lesaren, med sine sansar, sin hjerne og sitt hjarta, kan knyta seg til teksten, som om teksten var ei verd. Ein må sansa og oppleva, tenkja og kjenna når ein les, om diktet skal få liv i oss. Og ein måte å auka sjansen for at dette skjer, er å starta med det me vanlegvis opplever ting i verda gjennom; sansane.

,|Gå direkte på konkrete situasjonar! Bruk presise detaljar!

Kva kan me så gjera for at den verda me presenterer for lesaren skal verta sanseleg, og framstå som så tydeleg som megleg? Jau, me kan trekkja fram visuelle detaljar som gjer at me får noko å «sjå» for oss.

Ikkje skriv: .. det stod eit menneske ute på plassen ..

Men skriv: .. det stod ein ung, nærsynt mann i mørk frakk på skuleplassen i regnet.

Ikkje skriv: ... det var mange fuglar og blomar i solskinnet...

Men skriv: ... bokfinkar og blåmeiser flaug over lysande løvetann og liljekonvall..

Ikkje skriv: ... han steig inn i bilen og drog sin veg ..

Men skriv : ... han gjekk over grusen og opna den røde døra på Taunusen. Vart ein minkande rød flekk mellom høghusa...

Eller me kan trekkja fram lydar, lukter, korleis ting kjennest ut når me tek på det, temperatur, smak. For å kunna gjera dette, seier det seg sjølv at poeten må vera merksam på slike ting. Merksemda må vera skjerpa mot detaljar i kvardagen. Ikkje bare må ein merka seg at det luktar litt kamfer av den gamle kvinna på bussen, men også leggja merke til at det minner om den gongen den alvorleg sjuke tanta kom inn i gangen heime då eg var elleve år og skulle ut å sparka fotball. Spranget frå lukta av kamfer til gleda ved å ha sin eigen fotball er slike rørsler som me bare kan fanga opp i poesien!

,|Unngå det generelle og abstrakte.

Ikkje prøv å formidla generelle sanningar og visdom. Når du skriv dikt, er det meir høveleg å gje ein sterkt opplevd spesiell situasjon til lesaren. At desse kan innehalda noko som kan få lesaren til å tenkja på meir generelle ting, er ein annan sak. Men diktet vert svekka av å bera for store bører.

Når me er forelska, elskar me graset,

og låvane, og lyktestolpane,

og dei små hovudgatene som ligg forlatne om natta.

Slik skriv Robert Bly i eit dikt, og viser korleis ein kan få sagt noko generelt ved å gå vegen om det konkrete. Då vaknar sansane våre og er med på å gje diktet liv. Dersom du skal skriva noko generelt om kjærleik eller sorg, så kan du gå ut frå at andre har sagt det før. Måten du kan skriva noko nytt på, er å ta utgangspunkt i noko som DU har opplevd, som det unike menneske du er, ved at du var DER og DÅ med nettopp di erfaring, dine kjensler. Difor må me prøva å ta utgangspunkt i den verkelege verda, den som me har sett og høyrt og kjent lukta av. Dette meiner eg gjeld også for dikt med dei mest fantastiske siktemål i leikande, absurd og surrealistisk retning. Sansane skal ha mat, uansett.

Slik byrjar Lars Lundkvist eit dikt, og viser korleis detaljane er viktige.

På ei eng utanfor byen

leikar nokre barn med drakar.

Så går sola ned

mellom to skorsteinar på eit tegltak.

,|Skap slåande bilete!

Så går me attende til leksjonen om å overraska. For å skapa eit slåande bilete, koplar me ein sanseleg presentasjon med noko som vekkjer og overraskar lesaren. I staden for å skriva «Det er kjøleg i oktober», skriv Olav Angell:

Oktober

toget stanser

Ei konkret sansing som ikkje fell inn i det du forventar deg. Ved å nytta to ting som vanlegvis vert oppfatta som langt frå kvarandre, anten i storleik eller på annan måte, skapar me spenning og rom. Og diktet er i gang.

Fullmåne over fingrane hans

Neglene fort gjennom håret

Så kan me brått lura lesaren med på dei mest fantastiske ting, slik Carlos Drummond de Andrade gjer her:

Hjarta mitt voks ti meter

og eksploderte