Å skrive dikt på nettet

Om juryarbeidet og nettskikk i Diktkammeret.

(Dagbladet.no): I Diktkammeret kan du skrive dikt i heile sommar. Her følgjer litt om prosessen rundt månadens dikt, og noko om det å skriva på nettet.

Om månadens dikt

Kvar månad i året, med unntak av juni, plukkar ein jury ut nokre dikt frå Diktkammeret som vi har lyst å gje litt ekstra merksemd.

Dette er døme på tekstar som juryen oppfattar som interessante, spennande og velformulerte. Tekstar som viser noko det er verdt å få fornya fokus på av det som kjem inn på Diktkammeret. Dei utvalde dikta vert publiserte på side 2 i papirutgåva av Dagbladet. Av desse plukkar så juryen ut eitt som vert ståande som månadens dikt. Forfattaren bak dette vert presentert med intervju på nettet.

Etter at det byrja å koma inn kring 7000 innlegg i månaden på Diktkammeret, har det ikkje vore mogleg å få lesa alt. Difor kan ein ikkje sjå på dette utvalet som ein rettferdig konkurranse med ein «vinnar», noko som også ville ha produsert ein haug med taparar. Månadens dikt er ein måte å få retta meir merksemd mot spennande dikt og løfta fram tekstar som fortener det.

Om å gje konstruktive kommentarar

Diktkammeret er ein myldrestad for folk som skriv dikt. Her kan ein lufta idear og skisser. Ein kan leggja ut ting som byrjar å bli ferdige. Og ein kan både gje og få kommentarar til slike tekstar. På ein nettstad som dette er det sjølvsagt viktig å ta omsyn både til at folk kan ha ulike målsetjingar og ulike utgangspunkt for å ta imot og gje kritikk og kommentarar.

Nokre vil vera unge og uerfarne, andre kan vera i sårbare fasar av livet. Difor er det ein god regel å tenkja på kva ein kan seia som kan vera til hjelp, kva slags innspel som kan utvikla teksten vidare, og kva som kan vera gode tips og støttande reaksjonar.

Dette tydar ikkje at ein bare skal vera snill og grei. Å skriva dikt er krevjande og vi skal ha lov å seia klart ifrå kva vi meiner. Etterkvart vil ein ofte verta meir klar over kva den andre kan takla, og leggja kommentarane opp etter dette.

Den aller viktigaste grunnregelen er at ein ikkje skriv for å få den andre til å kjenna seg mindre, eller kritiserer for å såra folk:

Ein skriv for å vera med på å få fram stadig betre tekstar og for å få folk til å kjenna at deira eigne erfaringar og deira eigne ord kan verta gyldige uttrykk i diktform.

SEND INN DIKT TIL:

<B>JURYMEDLEMMER: Niels Schia (til venstre) og Kristian Rishøi på utflukt i Trondheim. Rishøi er også diktlærer i <a href="http://www.dagbladet.no/skolekammeret">Skolekammeret</A> mens Schia og fotografen er med i juryen.
<B>JURYMEDLEM: Helge Torvund er også diktlærer i <a href="http://www.dagbladet.no/kammeret">Diktkammeret</A> og skriver jevnlig leksjoner om diktskriving.