GOD STIL: Humpty Hump aka Shock G frå Digital Underground. (Skjermdump frå YouTube.)
GOD STIL: Humpty Hump aka Shock G frå Digital Underground. (Skjermdump frå YouTube.)Vis mer

Vekas Vers: Digital Underground

Å snakke positivt om homofili var heilt og aldeles uhøyrt i amerikansk hip-hop i 1996

Fjols, ta deg saman.

I get laid by the ladies, ya know I’m in charge / Both how I’m living and my nose is large / I get stupid, I shoot an arrow like Cupid / I use a word that don’t mean nothing, like looptid

– Humpty Hump, «The Humpty dance»

Du les no den siste Vers-spalta vår her i Dagbladet. Det er derfor eg må nytte høvet, og tillate meg å vere litt ekstra personleg, i det eg dreg fram ei gruppe som mange har gløymt, og kanskje mange yngre aldri har høyrt om eingong. Digital Underground har nemleg ein del av æra for at eg sjølv begynte å lage rappmusikk, og for at eg framleis i godt vaksen alder synest det er givande, meiningsfullt og viktig å halde på. Ja, eg har ein tendens til å bruke store ord, men eg meiner dei alltid.

Digital Underground frå Oakland, California vert ofte omtala som eit hip-hopkollektiv med skiftande medlemar. Det er på ein måte sant, men mange av desse medlemane er eigentleg berre primus motor Gregory «Shock G» Jacobs under forskjellige alias. Hans mest kjende og aktive alias er Humpty Hump, ein Slick Rick-inspirert rappar med briller og lausnase. Shock G hadde faktisk lenge hell med å lure folk til å tru at han og Humpty var to forskjellige personar, og han brukte stand-in på konsertar.

Shock G rappa òg sjølv, og spelte tangentar, arrangerte og produserte låtar, og laga teikningar til plateomslaga. Både i teiknestil, samplebruk, humør og haldningar var inspirasjonen frå George Clintons Parliament-Funkadelic tydeleg, og aldri lagt skjul på. Stilen er funk, science fiction, rollespel, kosmisk kjærleik, fest og fjas. Ein av danserane som ofte var med på scena, var forresten ein ung mann som kalla seg 2Pac. Han fekk etter kvart òg rappe på nokre låtar, og då 2Pac fekk sin fyrste hit i 1993 med «I get around», var låten gjesta av Digital Underground og produsert av Shock G.

Digital Underground sitt debutalbum, «Sex packets» kom i 1990, og er eit uvanleg vellykka konseptalbum om nokre mystiske pillar (sex packets) som gir deg seksuell nyting utan at du må ligge med nokon. Plata gjorde det svært bra kommersielt, og hadde to store hittar som òg står igjen som evige klassikarar: «The Humpty dance» og «Doowutchyalike».

Det kom mykje god og spennande musikk frå Digital Underground etter debuten òg, men av litt meir svingande kvalitet, heilt fram til 1996, då dei slapp sitt kanskje sterkaste og mest langtidshaldbare album. Dette er eit litt oversett meisterverk i hip-hophistoria (streamingtala på Spotify er på nivå med ein middels norsk undergrunnssuksess), men problemet ligg kanskje i den litt for presise albumtittelen, «Future rhythm». Gruppa var på mange måtar før si tid på denne plata, frå vill hihat-programmering, over tekstar om «tv screen phones» (lenge før smarttelefonane var på bana), til å ha heile låtar der uttrykket er meir synging enn rapping.

Me kan òg lett argumentere for at Digital Underground, og då kanskje især med «Future rhythm», var tidleg ute med det som etter kvart har fått merkelappen metamodernisme. Kort forklart, er metamodernismen den nye oppriktigheita; ein reaksjon på den postmodernistiske ironien som gjennomsyra nittitalet og starten av det nye tusenåret. Men det er likevel ikkje ein retur til det gravalvorlege og patosfyllte. Metamodernismen er mangfaldig, og kan pendle mellom mange polar, til dømes kan ein vere ironisk distansert og ærleg engasjert på same tid. Dei nederlandske kulturforskarane Timotheus Vermeulen og Robin van den Akker karakteriserer metamodernismen som «opplyst naivitet og pragmatisk idealisme».

For dei som syntest at Digital Underground sine kodar var vanskelege å knekke før, vart det endå meir utfordrande på «Future rhythm». Rollespelet, humoren og fjaset frå før er framleis med, men er blanda godt og grundig med inderlege og heilt uironiske bodskap. Så inn i mellom tøysete låtar som «Hokis pokis» og «Food fight» (We hit you in the neck with a cheeseburger!), finn me «Fool get a clue», ein inderleg og rørande låt om seksuell frigjering og toleranse. Ein ekte metamodernist meiner nemleg ikkje at det er noko mistenkeleg eller teit med håp og kjærleik.

På nittitalet handla det aller meste av seksuell frigjering i hip-hop om at rapparar må få ligge med så mange damer dei vil. Digital Underground var progressive allereie på «Sex packets», då dei meinte at òg kvinner bør få ligge med så mange dei vil, men på «Fool get a clue» klinkar dei til, og slår fast at alle også må få ligge med kven dei vil.

Det høyrest ikkje så radikalt ut i dag, men å snakke positivt om homofili var heilt og aldeles uhøyrt i amerikansk hip-hop i 1996. Her er refrenget:

Fool get a clue, it’s a new game / Can’t be trippin’ on you, I go my own way / Players gonna play with who they wanna play with / People gonna always lay with who they wanna lay with

Det er Shock G sitt refreng, og han har òg eit vers på låten. Og sjølv her, i dette fine verset om at sex er så mangt, og at ein ikkje må gå rundt og hate folk som er annleis, kan han ikkje dy seg for å kome med ein plump vits:

(…) Then why we can’t be naked in public? / It’s totally natural like sex is but this is / A law that had to be made by men with itty bitty penises

Shock G og resten av gjengen kan vere vanskeleg å verte klok på. Du skjønar kanskje ikkje alltid kva tid dei tullar, og kva tid dei ikkje gjer det, men det må ikkje misforståast som ei unnskyldning for å sleppe å ta stilling. Shock G meiner mykje og sterkt, men han er ein open og leikande søkar etter sanning. Og han veit at sanninga aldri er enkel og eintydig. Sanninga er kompleks, og det er, om ikkje mogleg, så lettare å kome nær henne i fiksjonen og leiken enn i det påstått sanne og objektive.

Digital Underground sa «fjols, ta deg saman» til det meste dei ikkje likte, både i og utanfor hip-hopkulturen; til sneversyn, uniformering, det dogmatiske, og til det kjedelege. Dei har utfordra oss både på kva som er ekte og ikkje, og kva som er real og ikkje. Alt dette gjennom sin fantastiske musikk som me framleis kan høyre på, verte forundra over, og danse til. Og så brukte dei lausnase.

Derfor elskar eg hip-hop. Og derfor elskar eg Digital Underground; det er faktisk berre fjas. Og det er ikkje kødd eingong.

Takk for oss. Peace out.