Å telja og fortelja

Ein formel for sakn, ein algebra for nærleik.

BOK: Matematikarane er uvanleg godt representert i diktsamlingane i haust. A.C. Kleppe skriv om Gödel, og i denne boka til Odveig Klyve møter me både Al-Kwarizmi, grunnleggjaren av algebraen, og den tyske matematikaren Carl Friedrich Gauss, kjent blant mykje anna for normalfordelingskurva (Gauss-kurva). Men det er ikkje matematikken i seg sjølv som er hovudtema. «Eg multipliserer/gleda/med sekundane du har levd/og sorga/med avstanden til sola» er ord som gjer ein klar peikepinn på det. Det finst noko stødig i Klyve sine dikt. Det inngjer ein tryggleik og naturleg autoritet, men dette kan kanskje gje eit feilaktig inntrykk av noko traust. Det bør ikkje koma i vegen for dei slåande visuelle bileta ein kan finna her. Som dette:

- dagen som vert rulla saman

som eit gammalt teppe

Boka er i det heile eit konsentrat av erfaring og djupt engasjement kopla med eit rått og vidt perspektiv:

Hentar opp øyrer på kyrkjegarden

deler dei ut til dei som aldri har høyrt at

æva finst

Ho nyttar sitt algebraiske tema der det har naturleg plass og skal ha honnør for at ho ikkje presser det tematiske utover det heile, noko som er fort gjort når ein får ein god idé.

Men òg det å ha eit lite barn kan få sitt reknestykke, på sitt enkle og universelle vis:

Ein pluss Ein er To

Ein minus Ein er Ingenting

Dette skjønar eg

Ei hand held fast rundt fingeren min

Opp mot denne kjærleikens reknemåte kjem verdas mørker inn med namn som Bagdad og Madrid, og verdsrommet med sine stjerner og spørsmål. (Men det verkar unødvendig på meg med ei leksikalsk forklaring til lesaren av ordet «space»!) Bokas dikt spring ut av ein indre trong til å seia nett det som vert sagt. Vakkert, musikalsk og med ein opplagt plass i rommet for dei beste dikta. Blandinga av poesi og tal, natur og spørsmål, gjer at ein ser at poesien og matematikken er to ulike språk menneska grip etter røynda med.