A TRIBE CALLED QUEST
A TRIBE CALLED QUESTVis mer

A Tribe Called Quest har levert eit av dei sterkaste comebacka i hip-hopens historie.

Og no er det slutt.

Det er mange gode grunnar til å elske hip-hop. For meg handlar mange av grunnane om motsetnadar: Det er eit mantra i hip-hop at du skal ha din eigen stil og vere original, sjølv om beatsa er bygde på sampling, og tekstane er fulle av sitat og referansar. Det du seier skal vere ekte og sant, men du skal òg skryte og overdrive, og gjerne lyge. Hip-hop dyrkar både individet og det kollektive. Med det kollektive meiner eg ikkje berre samhøyret med resten av hip-hopverda, men òg fokuset på tilhøyrsle, om det er til ein bydel, ei bygd, eller rappgruppa di.

Både den politiske tenkinga/filosofien og den kunstforma som appellerer mest til meg personleg, kan skildrast omtrent slik: Ein flokk folk som ser gleda, fornufta og styrken i å gjere noko i lag, utan lover, men med fridom og personleg ansvar; kollektivt innstilte individualistar – det er anarkisme og hip-hop, for meg.

I år har to legendariske og kollektivt innstilte rappgrupper frå USA gitt ut nye album, De La Soul og A Tribe Called Quest. Dei to gruppene var til og med del av eit større kollektiv, Native Tongues, som også inkluderte gruppa Jungle Brothers og nokre til. Laust uorganisert, sjølvsagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Native Tongues fann kvarandre på slutten av åttitalet, og hadde mykje til felles: Mindre macho attityde, meir leikande rimskriving. Dei var nedpå, bakpå og laidback, sjølv om trommene small som dei skulle. Dei delte òg viljen til å gå nye vegar når det gjaldt sampling, for alt er lov så lenge det funkar. Det verkar innlysande, men me må av og til minne oss sjølve på det, og det er nettopp i denne musikalske lovløysa at mykje av hip-hopens anarkistiske potensial ligg. Vidare var Native Tongues opptekne av røtene i Afrika, og kunne vere sterkt politiske utan å vere aggressive. Dei var filosofiske og søkande; berre smak på denne formuleringa: A Tribe Called Quest.

De La Soul sitt nye album fekk mykje merksemd før det kom ut. Gruppa samla inn om lag ein million kroner frå fans for å finansiere ein annleis, dyr og heilt unødvendig studioprosess. Eg må innrømme at eg ikkje har høyrt ferdig albumet enno, ettersom det var så kjedeleg at eg begynte å duppe av etter fem (heilt like) låtar.

A Tribe Called Quest sitt album kom for ein månad sidan, bortimot uannonsert, og slo ned som ei bombe. Mens De La Soul har halde det gåande stort sett heile tida, har ATCQ vore oppløyst eit par gongar, og det er 18 år sidan førre plate. Tittelen på verket er kanskje ei arrogant og morosam helsing til alle musikarane som har laga hip-hop dei siste 18 åra: «We got it from Here... Thank You 4 Your Service». Plata er ikkje berre ei overraskande hending, ho er òg overraskande god, bortimot fantastisk.

Dette er ikkje berre sjette, men òg siste album frå ATCQ, for i mars i år gjekk den eine rapparen i gruppa, Phife Dawg, bort etter å ha streva med diabetes heile sitt vaksne liv. Men dette er ikkje berre eit lappeteppe av gamle Phife Dawg-vers på nye beats. Det er tydeleg at dei har jobba med denne plata lenge, som gruppe, som den stamma dei er. Stamma har til og med vorte større: Lista med gjesterapparar og andre musikarar er lang, utan at me eigentleg merkar det; alt høyrest ut som den same stamma. Jarobi, det noko anonyme fjerdemedlemmet i gruppa, gjer like godt sin rappdebut på denne plata. Seint, men godt.

Ordet ‘anarki’ er gresk, og tyder ‘utan leiar’, men det er berre dei mest verkelegheitsfjerne dogmatikarane som trur eller meiner at alle er like flinke til alt, eller at alle liker seg like godt i rampelyset. I ATCQ har Q-Tip tatt rolla som ein slags leiar. Han har vore den mest aktive rapparen, og han har produsert mykje av musikken, i lag med Ali Shaheed Muhammad.

På debutalbumet skreiv Q-Tip alle tekstane, men lot Phife Dawg rappe nokre få vers. Frå andreplata var Phife sjølvgåande og meir med. Og så var det denne Jarobi – kva har han eigentleg bidrege med før? Eg las ein plass at han har vore flink til å kome på låttitlar, og på denne måten har gitt Q-Tip idear til kva han skal skrive. «I left my wallet in El Segundo», til dømes. Ver så god. Alle er flinke til noko.

Eitt av mange tema som går igjen i ATCQ (og resten av Native Tongues sine låtar), er nettopp individet i kollektivet, og omgrepet 'ego'. Som Q-Tip rappar allereie på «Mr. Muhammad» frå debutalbumet i 1990: «Go and keep progressin', egos of the Tribe». Framstega kjem frå sterke ego i ei sterk stamme. Men egoet kan òg vere farleg. Avslutningslåten på detbutalbumet heiter «Description of a fool», og her rappar Q-Tip om forskjellige slags 'fools', mellom anna valdelege og maktsjuke menn: «See your brother man, with the female / his crazy ego tried to show he'll prevail».

Etter at ATCQ vart oppløyst for fyrste gong i 1998, starta Q-Tip sin suksessrike solokarriere. Han tok musikken sin i ei meir popinspirert retning, og har til no gitt ut tre soloplater. Han har òg jobba med mange andre, og han var til dømes med på å skrive, og rappa på, Janet Jackson sin monsterhit frå 1997, «Got ’til it’s gone».

Vart det for mykje solokøyr på han? Eg veit ikkje kvifor stamma vart samla igjen, men no, som avslutning på det siste verket deira, kjem endeleg låten som berre heiter «Ego» (før den aller siste låten, som er ei hyllest til Phife). Det er sjølvsagt Q-Tip åleine som har skrive, produsert og som rappar på «Ego». Her prøver han å drøfte dei positive og negative sidene av å ha eit ego. Mykje av innhaldet er generelt, men han sjølv og den utfordrande gruppedynamikken dukkar også opp: «Come up with an idea, and no one seems to get it / Then every time you mention it they stare like you're two-headed».

I det andre verset vert det meir tydeleg at det er rapparens oppgjer med sitt eige ego det handlar om: «Ego make you violent or govern like a tyrant / Or switch a dictionary's word from vibrant to vivrant». Det siste ordet viser til den største hitten frå den hedonistiske solokarrieren hans, «Vivrant thing».

I dei to siste linjene skjer det igjen noko interessant. Dette er altså avskjedshelsinga frå sjølvaste Q-Tip og/eller A Tribe Called Quest: «This is the last Tribe and our ego hopes that you felt us / And closing for our ego, we know only God can help us». Vårt ego? Tolk det som du vil.

Q-Tip sitt ego har kanskje vorte 26 år større, men det har òg fått 26 år meir sjølvinnsikt, og det er tilbake i stamma si.

Og no er det slutt. Takk for alt.