Å ville lite og lytte mykje

Enkle og kommuniserande dikt om tinga, dagana og diktet.

Diktets øye
er så kaldt
at hjertet
et øyeblikk
slutter å slå
Du kan ta det ut
av brystet
åpne det
med et lite knepp

Slik opnar eit av dei sterkaste dikta i Christian Refsum si diktsamling «off beat / nye dager».

Refsum har ein vilje til å nærme seg det opplevde, den hudnære kjensla, det kroppslege og sanselege uttrykket. Som det å «gni grønsken inn i tommelen / press grønsken ned i arket». Han rører seg nok i eit tradisjonelt område for modernistisk dikting, der reklamen vert eit uttrykk for avstand og underhaldning, og spør seg: «Er alt reklame? / Og er jeg trøtt av alt?» I boka formulerer han likevel eit mål som er annleis: «Det er vanskelig å ville lite / og lytte mye.»

Og etter at hjertet har blitt nøye studert i «Diktets øye», sluttar teksten naturleg nok slik: «Diktet har snudd seg vekk / Nå er det din tur / til å se.»

Det er noko veldig sympatisk over hans vilje til å føra eit enkelt språk. Men det er også ein fare her. I og med at tematikken er velkjent og språket enkelt, på grensa til naivt, så vert det av og til svært lite utfordrande for lesaren.

Det kan også verta litt tungt for eit enkelt språk å bera store spørsmål. Men innimellom kjem det linjer med stor presisjon, som gjev ein glede over formuleringa og denne rare kjensla av å verta stilt overfor ei innsikt ein hadde frå før, men først nå ser. Det fine diktet «Weitergehen II» endar slik: «Diktet snakker med de døde / og får ikke svar.»

Men nå fekk diktet svar.