Absint, sorg og kjærleik

Fantasiens klang og meininga som ikkje har nådd fram til menneska.

Dødeleg, demon OG engel

- med andre ord

Rimbaud! Slik helsar eg deg

i mi skriving

trass i at du var kjent for ståk

og kiving,

ein skjegglaus rakkar, nytaren

som drakk og svor

BOK: Slik opnar Paul Verlaine diktet «Til Arthur Rimbaud», og med desse orda vert me førte rett inn i eit spenningsfelt der dei personlege tragediane er knytt saman med avrundinga av symbolismen og framveksten av den modernistiske poesien.

Den norske versjonen av Verlaine står Haakon Dahlen for. Han har tidlegare levert ei mektig gjendikting av heile «Det vondes blomar» av Charles Baudelaire. Denne boka var ei inspirasjonskjelde for Verlaine, som på ein måte likevel står med ryggen vendt mot den framtida Baudelaire skreiv fram.

Absint og skandale

På ein annan måte tok Verlaine det nye inn i huset ved å la den 16 år gamle Rimbaud flytta inn hjå seg og si gravide kone. Absint og nattlege ranglar som utvikla seg til eit homoseksuelt forhold, førte til at Verlaine reiste frå kone og nyfødd son, og flakka kring i Europa med Rimbaud eit par år prega av rus og skandalar.

Frå denne poeten kjem altså desse utsøkte musikalske dikta, fulle av nyanserte emosjonelle fantasiar, og spela ut med subtil sans for det musikalske og dekorative. Slik løfta Verlaine ut frå eit vilt liv dikt som sette eit verdig punktum for symbolismens periode med sine «Songar utan ord». Umogelege å omsetja, skriv Paal-Helge Haugen i etterordet, og legg til «desto større grunn til å forsøke».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tom, ja tom er denne verden.

Mørk, ja mørk er denne verden.

Rundt om løa sukker granene.

En død hviler på løa, sier dere.

Finsk poet

Frå eit langt nordlegare land, men likevel med stor vekt på det musikalske og rytmiske, byggjer Marja-Liisa Vartio sine dikt blant anna på eldgamle finske folkeviser med sitt mollstemte språk. I hennar meir konkrete bilete «knar solen hver morgen / sin mektige deig».

Nøste Kendzior er ein engasjert formidlar av eit sentralt finsk forfattarskap, og presenterer gode gjendiktingar der Vartio syng fram kvinnene sin lengt etter stadfesting og identitet. Gråten er eit tosidig fenomen i desse dikta, som bilete på djup einsemd, men også som sukket, vinden, ja, som ei heilag universell kraft som sameinar einsemdene: «Tung av røyken fra verdens sorg / sukker kvinnen / på himmelens fjell, / hår skuldre hender favn / tunge av verdens sorg.»

Problemet for en bok er

først å være

ingen tanker for ingen

så å ligge uskreven

likså lenge som den skal

ligge ulest

Redsel og dikt

Slik møter den jødiske, New York-fødde, poeten Laura (Riding) Jackson, oss i Terje Dragseth si gjendikting. Ho opplevde at i poesien kunne redsla for å uttrykkja seg merkeleg, opphevast. Og snart fekk ho tvert om fagnad for å utvikla sitt eige uttrykk.

Ein av dei som framheva ho, var den engelske poeten og kritikaren Robert Graves, som ho etter kvart flytta inn hjå. Først som kombinert sekretær, barnepike og tenestejente. Etter kvart som elskarinne og sambuar. I boka «Tid for helvete» presenterer Terje Dragseth hennar poesi, og i etterordet, som har tittelen «Det er en mening i språket som ikkje har nådd fram til menneskene», gjev han oss nokre glimt av hennar interessante tankar om dikting, mellom anna frå hennar artikkel: «Anarchy is not enough».

«Et dikt er framstilt av ingen - av et sosialt ikkje-eksisterende element i språket.» Laura Riding prøvde å flykta frå alt då livet vart for komplisert. Ein gong sat ho saman med mannen, forfattaren Robert Graves, elskaren, poeten Geoffrey Phibbs, og Phibbs si kone, Norah. Ho hoppa rett ut av vindauget i tredje høgda. Og overlevde.

Bitre uekte engel med en flamme

i munnen

jeg skal legge to svaleunger

i armhulene dine

og streke et hvitt kryss over

kroppen din

for mannen

som jeg en gang trodde du var

Død og erotikk

Med desse orda blir diktsekvensen i ei samling dikt av den sørafrikanske Ingrid Jonker avslutta. Liv Lundberg har gjendikta og skrive eit sterkt og personleg etterord i denne boka, som har kome ut i den etter kvart så omfattande serien «Stemmens kontinent». Ein serie som er noko så unikt som Cappelens serie med internasjonale, kvinnelege lyrikarar frå det 20. hundreåret. Jonker var bare 32 år då ho drukna seg. Angst og depresjonar hadde gjort at ho etter ei reise saman med elskaren André Brink, skreiv eit siste brev til mannen sin, poeten Jack Cope, som ho hadde gått ifrå, og gjekk ut i havet.

Dikta hennar er kontraststerke og emosjonelle tekstar, der «Skyggen advarer gata / dinglende ut fra en høy balkong». Det er død og erotikk og refleksjon i tekstane hjå denne kvinna som Mandela har omtala slik: «I de mørke dagene da alt syntes håpløst i landet vårt, da mange nektet å lytte til klangen av hennes stemme, tok hun sitt liv.» (Frå Lundbergs etterord). Og diktet om skuggen, som eg siterte frå ovanfor, som har tittelen «Dukken min faller og blir knust», sluttar slik:

Skyggen advarer sola

Porselen under en fjern himmel -

Hvis jeg skulle falle fra en høy

balkong

Hvis jeg skulle bli knust - så jeg

òg slik ut?