SENG AV BOTOX: Lat oss døy på våre senger av botox og restylane, kvilande på puter av grevinneheng - dersom me berre først kan bli einige om at unge jenters og gutars låge sjølvbilete er eit alvorleg problem, som fortener god gammaldags motstandskamp, skriv Agnes Ravatn i Laurdagskommentaren. Illustrasjon: Flu Hartberg
SENG AV BOTOX: Lat oss døy på våre senger av botox og restylane, kvilande på puter av grevinneheng - dersom me berre først kan bli einige om at unge jenters og gutars låge sjølvbilete er eit alvorleg problem, som fortener god gammaldags motstandskamp, skriv Agnes Ravatn i Laurdagskommentaren. Illustrasjon: Flu HartbergVis mer

Adjø, solidaritet

Det er forskjell på god folkehelse og den apokalyptiske emneknaggen #teamfotballfruefitmums

Meninger

Dessverre blir «Debatten» på NRK berre meir og meir lik ei trafikkulykke. Situasjonen er uoversiktleg, aktørane verkar ofte alvorleg skadde, viktige tematikkar blir etterlatne som rykande vrak, og det er umuleg å sjå vekk.

Så også då Marta Breens presise kritikk av vårt kollektive skjønnheitshysteri skulle debatterast sist veke: det heile blei ein mørk kakafoni der Spekters Anne-Kari Bratten brukte all si taletid på å slå fast at debatten ho deltok i ikkje var viktig, internettfenomenet Elisabeth Norheim delte av sin livsvisdom («bare pynt dere litt så går alt så bra!») og ein veterinær i salen fekk reklamert for flaggermusklinikken sin. Og alle var einige om at det hadde vore ei fin veke, og at kvinner må skjerpe seg.

Når redaksjonen raskar saman eit slikt panel, er det forståeleg at sjåarane etterpå avfeier heile tematikken som uviktig. Forståeleg, og farleg. Unge jenter i dag lever under eit trenings-, kostholds- og perfeksjonsregime til forveksling likt Sparta. Mens sistnemnde samfunn brukte å kaste sine uperfekte menneske utfor ei klippe, droppar våre ungdomar ut av vidaregåande når dei ikkje lenger orkar presset. NRK sende nyleg eit nyheitsinnslag med ei av dei mange tenåringsjentene som kjenner seg utbrende. No hadde ho slutta på skulen, blitt yogainstruktør, og fått eit betre liv. Sidan heller ikkje yoga er blant det me skal livnære oss av når olja tar slutt, er perfeksjonspresset noko som verkeleg burde bekymre Bratten, leiaren for landets tredje største arbeidsgivarorganisasjon.

Når kritikken så blir retta mot media, forsvarer tidlegare Norsk Ukeblad-redaktør Astrid Gunnestad bransjen med at folket får som fortent: media er villige til å skrive kva som helst, berre det finst mange nok der ute som vil kjøpe det. Men Gunnestad veit inst inne at det òg går andre vegen: det finst mange nok folk der ute som er villige til å kjøpe kva som helst, berre media skriv nok om det.

Det er nok av studier som viser at noko er frykteleg gale, men for få som seier noko om kvifor, og kva ein kan gjere. Me veit mellom anna dette: over halvparten av norske gutar og jenter på ungdomstrinnet er misfornøgde med utsjånaden sin. Jenter er så misfornøgd med kroppen sin at ein snakkar om «normativ misnøye»: i dag er det uvanleg å finne jenter som er fornøgde. Dei siste sju åra har bruken av antidepressiva blant jenter mellom 15-19 år auka med over femti prosent. Kvar femte jente i 10. klasse har depressive symptom. Kvar tredje 13-årige jente ønskjer å gå ned i vekt. Ei vanleg jente bruker 30-60 minutt på å gjere ansiktet klart til skulen - og droppar heller frukosten.

Jenter driv stadig mindre med organisert idrett - til fordel for eigentrening. Fysisk aktivitet i form av sosial lagidrett er for lite effektivt når målet er å få ein perfekt slank og hard kropp. Å trene 4-6 gonger i veka er normalt. Gutar skal vere slanke, og ha definerte musklar. Ortoreksi, det å vere besett av eit sunt kosthold, blir vanlegare og vanlegare. Krava til utsjånad og sunnheit er skyhøge. Det er ikkje godt nok å vere pen, ein skal vere modellvakker. Storesøstrene går foran: halvparten av kvinner mellom 18-29 kunne tenke seg ein plastisk operasjon. Urealistiske skjønnheitsideal tar enorm plass i ungdomars kvardag, og har ein drastisk negativ effekt på livskvalitet og sjølvbilete.

Ei svensk doktoravhandling har undersøkt forskjellen på ungdom som er fornøgde med kroppane sine, og dei som ikkje er det. Det sterkaste funnet er dette: heime hos dei som er fornøgde, blir det snakka lite om utsjånad. Og desse ungdomane har eit medvite kritisk forhold til media. Media skal dermed vite at dei har eit ansvar. Innflytelsesrike bloggarar skal vite det. Mødrer og fedrar skal vite det. Motiver gjerne ungdommen til idrettsglede og godt kosthold. Men det er eit hav av forskjell på god folkehelse og den apokalyptiske hashtaggen #teamfotballfruefitmums, for å seie det forsiktig.

Prestasjonspresset på dagens unge er vanskeleg å forestille seg for oss som er eldre. Forskarar uroar seg over at unge i dag arbeider for hardt. Utdanning blir sett på som den einaste vegen til eit lykkeleg liv. Å kunne tenke seg ein «normal» jobb er unormalt! Og kanskje har ungdom slutta å drikke, men før eksamen må dei ta stilling til om dei vil ta konsentrasjonsdopet ritalin eller ei. Perfeksjonismen fører til sjukdom. I Oslo oppgir over halvparten av unge jenter at «alt er eit slit». Over heile landet har ungdom søvnplager. Dei gruar seg til framtida. Angst, stress og depresjon gir kroniske smerter. Talet ungdom som får behandling i psykisk helsevern aukar.

Dette veit me, men samstundes veit me altfor lite. Og det er så typisk at det er akkurat unge jenter me veit for lite om. Sidan dette berre handlar om kvinnesutring, er det vel ikkje noko det gir særleg høg status å forske på. Valdtektsrapporten som sist veke sjokkerte landet og alle politikarane viste at kvar tiande kvinne er blitt valdteken, halvparten av desse var under 18. Vanvittige tal - men kvifor fekk me vite dette først no? Me veit at kvar femte jente i 10. klasse er deprimert, men ikkje kvifor. Me veit at når jenter kjem i puberteten aukar krenkingane, men først i fjor spurde Elevundersøkinga dei ikkje berre om omfanget, men òg om innhaldet i krenkingane: negative kommentarar om utsjånad og ryktespreiing er dei to store.

Nyleg snubla eg over min eigen dødsårsak: ein britisk studie viser at tusenvis av kvinner i England årleg døyr av slag, heilt unødvendig, for uansett kor sjuke dei er, så stiller dei opp hos legen så velstelte og velkledde og pent sminka at legen overser alle teikn til hjarteproblem. Kanskje er me vaksne allereie fortapte. Men eg føreslår følgjande kompromiss: Lat oss døy på våre senger av botox og restylane, kvilande på puter av grevinneheng - dersom me berre først kan bli einige om at unge jenters og gutars låge sjølvbilete er eit alvorleg problem, som fortener god gammaldags motstandskamp. Me har kanskje svikta oss sjølve, men me treng vel ikkje i tillegg svikte dei som kjem etter.

Gratulerer med dagen!