PRO BONO: I 2007 blei det innført fritak for meirverdiavgift for tenester som blir ytt vederlagsfritt på velgjerande grunnlag, slik som advokatar si «pro bono» rettshjelp. Dette blei vidareført i meirverdiavgiftslova frå 2009, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
PRO BONO: I 2007 blei det innført fritak for meirverdiavgift for tenester som blir ytt vederlagsfritt på velgjerande grunnlag, slik som advokatar si «pro bono» rettshjelp. Dette blei vidareført i meirverdiavgiftslova frå 2009, skriv innsendaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Rettshjelp:

Advokatar kan avgiftsfritt vere medmenneske

Staten gjer det ikkje vanskeleg for advokatar å vere eit godt medmenneske, heller tvert imot.

Meninger

I Dagbladet 5. september kritiserer advokat Krister Øie Braute staten for å «cashe inn meirverdiavgift for 255 kroner per time» når ein advokat gir rettshjelp «pro bono» direkte til eit medmenneske. Det er feil og må vere ei misforståing.

Innlegget er skrive i samband med Legal Walk, årets største rettshjelpsdugnad, som er eit særs godt tiltak.

I 2007 blei det innført fritak for meirverdiavgift for tenester som blir ytt vederlagsfritt på velgjerande grunnlag, slik som advokatar si «pro bono» rettshjelp. Dette blei vidareført i meirverdiavgiftslova frå 2009. For å få fritak må det finnast særleg kvalifiserte forhold kor mottaket av tenesta vil ha personleg og, i samfunnssamanheng, stor verdi for den einskilde, og det er jo nett dette desse advokatane sitt «pro bono»-arbeide er. Staten gjer det derfor ikkje vanskeleg for advokatar å vere eit godt medmenneske, heller tvert imot.

Det bør også seiast at staten årleg bruker om lag 600 millionar kroner på advokatane si rettshjelp i sivilie saker (staten sine utgifter til advokatar i straffesaker er mykje høgare) og at staten også gir stønad til rettshjelpstiltak, blant anna Jussbuss og Gatejuristen. I 2017 blei over 48 millionar kroner fordelte på 45 ulike tiltak. Det offentlege brukar difor mykje for å leggje til rette slik at juristane kan gi gratis hjelp.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.