Agnes Ravatn lærer deg å slutte å klikke på Vågå-saker

Dagens selvhjelpstema: (u)vanenes makt.

VANEDYR: Agnes Ravatn presenterer klassikere innen selvhjelpslitteraturen i Dagbladet. I dag prøver hun å vende vanen med å stadig klikke seg inn på Vågå-saken, ved hjelp av Charsles Duhiggs «The Power of Habit». Foto: John T. Pedersen / Dagbladet
VANEDYR: Agnes Ravatn presenterer klassikere innen selvhjelpslitteraturen i Dagbladet. I dag prøver hun å vende vanen med å stadig klikke seg inn på Vågå-saken, ved hjelp av Charsles Duhiggs «The Power of Habit». Foto: John T. Pedersen / DagbladetVis mer

IDEER: Verda blir stadig meir komplisert. Dei sjølvhjelpsbøkene som eigentleg skulle vore lista under «fantasy», der ein guru med mistenkeleg kvite tenner deler sin hemmelege visdom om korleis ein kan bli tynn og styrtrik på ti minutt, er i dag i ferd med å tape terreng for ein liten ungskog av forskingsbasert sjølvforbetringslitteratur i skjeringspunktet sosiologi, økonomi, psykologi og nevrobiologi. Eller: Malcolm Gladwell kryssa med Kari Jaquesson. Eit eksempel er «The Power of Habit» av New York Times-næringslivsjournalisten Charles Duhigg. Boka har ligge høgt på bestseljarlistene sidan ho kom ut for eit drøyt år sidan, og er allereie omsett til over tretti språk. Det er angiveleg berre dei aller seinaste åra at forskinga har synt ei interesse for fenomenet vanar, og påstanden til Duhigg er at dersom ein skjønar korleis vanar fungerer, kan ein òg kvitte seg med sine dårlege vanar, og etablere nye, gode vanar, og dermed finst det nesten ikkje grenser for kor bra livet kan bli. Den dårlege nyheita er at å endre vanar, nøyaktig som ordtaket seier, krev litt innsats.

Mi einaste innvending mot boka er at det som handlar om vanar kunne fått plass på ti sider. Boka er på 400, og livet er kort. Resten er interessant (men berre krampeaktig i slekt med konseptet «vanar») informasjon av typen kvifor fruktdisken er det første som møter deg i dei fleste matbutikkar. Svar: dersom du først legg stangselleri og babyspinat i korga vil det gode samvitet drastisk auke sjansen for at du spontant slenger på to ostepop og ein twistpose når du nærmar deg kassa, trass i alle intensjonar om det motsette. Det beste kapitlet er det som handlar om viljestyrke, eit fenomen mange har høyrt om men få føler dei har førstehandserfaring med. Endeleg forstod eg kvifor eg dei få gongene eg er så heroisk at eg joggar om morgonen, resten av dagen blir sittande apatisk ved skrivebordet, ute av stand til å gjere anna enn å trykke på oppdater-knappen i epostinnboksen. Viljestyrke er nemleg som ein muskel: bruker du han, blir han utslitt. Når eg har brukt alle krefter på å snøre på meg joggeskoa og kome meg ut den morgonen, er det tomt når eg kjem heim. (Er dermed arbeid og jogging ein umuleg kombinasjon? Nei, ikkje dersom du gjer jogginga til nettopp ein vane — noko som altså ikkje er gjort i ei handvending.)

Kva så når det gjeld å bryte dårlege vanar? Ifølge Duhigg består ein vane av tre komponentar: Eit signal, som utløyser ei handling, som gir ei belønning. Ifølge vaneforskarane er det ikkje muleg å utradere vanar, dei kan berre endrast. Det vil seie at ein erstattar den gamle handlinga (bite negler) med ei ny og mindre skadeleg handling (sitje på hendene). Eg for min del kunne tenke meg å nedkjempe den uimotståelege trongen eg har til å konstant avbryte arbeidsdagen for å følge utviklinga i Vågå-saka. Dette er ein ny vane eg har fått etter at nettavisene greidde å gjere rettssaker om til fengande realityshow. Kvar dag begynner likt: Eg set meg til skrivebordet med ein kaffikopp om morgonen, trekker pusten djupt og tenker: Eg har mykje å gjere. Eg har inga tid å miste. Må arbeide disiplinert. Ingen forstyrrelsar. For i neste sekund å rive meg fortvila i håret: Jehans Storvik skal vitne i dag!!!

Korleis skal ein så gå fram? Det følgjande er eit kræsjkurs i vaneendring. Det første ein må gjere er å identifisere signalet. Når eg kjenner behovet for å slå over på Vågå-tv (handlinga), skal eg stille meg sjølv følgjande fem spørsmål: Kva er klokka? (Nesten kva som helst). Kor er du? (Ved skrivebordet). Kven andre er i nærleiken? (Ingen). Kva gjorde du akkurat? (Skreiv på noko). Kva føler du? (Keisemd, rastløyse). Er det eitt av desse svara som er det same kvar gong? Ja: kjedsomheit, rastløyse. Det er signalet.

Neste punkt er å identifisere belønninga: Still deg spørsmålet «kva for eit behov er det dét å følge Vågå-saka eigentleg tilfredsstiller?» Er det mi brennande interesse for juss? Mmnei. Er det fordi saka er porno for «samfunnsengasjerte»? Litt, kanskje. Kan det vere eit slags behov for litteraturfagleg påfyll, i og med dei mange romanmessige kvalitetane ved saka (den mektige ordføraren, jenta som heile lokalsamfunnet fraus ut, den trufaste kona, elskarinnene, den evinnelege Elizabeth Hartmann)? Dersom ja, så kunne eg jo strengt tatt heller ha lese ei bok. Er det behovet for å sjå rettferd skje fyllest? Litt. Er det behovet for avveksling frå arbeidet? Ja, mest sannsynleg. Denne teorien kan eg prøve ved å reise meg og ta ein ørliten spasertur neste gong behovet melder seg, for deretter å gå tilbake til arbeidet. Er behovet for å lese Skype-referat der framleis? Nei? Bingo.

Alt som trengs no er å la den nye handlinga (spasere) sakte, men sikkert utradere den gamle (Vågå sekund for sekund). Behovet for avveksling er hermed tilfredsstilt, og eg kan gå tilbake til arbeidet. Det aller siste punktet er å skrive ned den nye vanen og henge han opp på ein lett synleg stad: Når (set inn signalet) skal eg (set inn den nye handlinga) fordi det tilfredsstiller behovet mitt for (set inn belønninga). Etter ei stund blir den nye handlinga nettopp ein vane. Overalt kor eg kjem vil folk kunne sjå meg reise meg opp og gå ein liten runde rundt i rommet før eg set meg att. For det er slik eg er. Eg er ikkje ein slik person som må sjekke korleis det går i Vågå-saka kvar gong eg blir litt rastlaus. Eg treng berre reise meg og trippe litt rundt. Det er ein vane eg har. Epilog. Dette er teorien. I praksis vil eg framleis berre sjekke Vågå-saka. Å endre dårlege vanar er tidkrevande og tungt. Det greiaste er nok berre å vente til saka er over.

Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid og forfatter. I denne serien i Dagbladet presenterer hun klassikere innen selvhjelpslitteraturen.

CHARLES DUHIGG: «The Power of Habit» (2012)
CHARLES DUHIGG: «The Power of Habit» (2012) Vis mer