Med påhalden penn frå John Færseth, so kjem Dagbladet den 30. juni med ei rad urimelege påstandar um Scandza Forum og fyredragshaldarane som var inviterte til konferansen den 1. juli, underskrivne inkludert.
Sjablongmessige og stemplande karakteristikkar, inkludert insinuasjonar um nazisme, gjer det tydelegt at Dagbladet hev null interessa av eit saklegt og uppklårande ordskifte kring spursmål um globalisering, innvandring og etnisk identitet. For min part er det motsett: Eg ynskjer sovorne ordskifte velkomne.
Fyre konferansen i Oslo hadde eg i sers liten grad kjennskap til dei inviterte fyredragshaldarane. Men eg visste um Counter-Currents og The Right Stuff, og eg veit dei hev ein stor skare av lesarar og lydarar - ogso i Noreg.
Altright-fenomenet i USA er nytt for meg òg, men eg veit at dei hev nytta seg mykje av humor, ironi og sarkasme - for å gjera umstridde og tabutyngde tema mindre fårlege å diskutera - slik til dømes den fransk-afrikanske komikaren Dieudonne hev havt suksess med i Frankrike.
"Kvit nasjonalisme" hev eg helder ikkje havt serleg interessa for, sidan dette er fyrst og fremst eit amerikansk fenomen. Men eg var interessert i å vita kva dei nemnde fyredragshaldarane meinte. So eg sa ja til å stella upp på konferansen og vera med på fyredrag og panelordskifte.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger